lørdag 11. juni 2011

World Wide Web Mama

I den store verdensveven fins det mykje rart, og nyhenda sprer seg raskt. Ofte kjem wikiLeaks med store lekkasjar. Eg har også vore utsett for lekkasje.  

Når far levde, hadde han ofte blåmerker på leggen etter at mor stoppa lekkasjar frå å renne ut. I verdensveven er det ikkje lett å spenne nokon på leggen. Så innlegget mitt som kjem idag, er kanskje alt gammalt nytt... 
Eg hadde lansert stor nyhende på bloggen min i løpet av helga. Så har mi kjære søster leika Julian Assange. Ho har spreidd nyhenda på facebook.  Så eg vart ikkje først, men eg er likevel den første til å dokumentere det...

Innlegget i dag er via mor mi!  Les og lær:

Som de veit har eg ei ganske ålreigh mor. Far sa ho var verdt meir enn 12 "malkekyr".  Ho veit det meste, les gjerne romanar på engelsk, har ein engels tålmodighet, og eit varmt hjarta for oss alle. Ho var Au pair lenge før ordet var oppfunne.

Kven andre har ei mor som me:  Når 84 års dagen er over og avkommet har gått heim. Då får besøk av ein  kamerat som også har bursdag same dag. Der sit dei og byter kaker og kosar seg, og ingen av dei kjem på at det er 48 års aldersforskjell. Mor får besøk av folk i alle aldrar. Ho pratar like lett med alle.

Kven andre har ei mor som me; i ein alder av 84 år går ho til innkjøp av PC, fordi ho vil halda seg oppdater på denne bloggen. Ho har irritert seg over alle snakkar om denna bloggen som ho ikkje får tilgong til.  Då gjer mor noko med det. Ho går inn i ei ny tid; data-alderen.
                   Dette hadde de vel ikkje trudd: mor mi, nå også som datanerd ;)


Den første dokumentasjonen på world Wide Mama!


Mor får med seg alt: På nett les ho bloggen min, og ved sida ligg Kamille som ho plutselig måtte lese fordi innhaldet var så interessant.


Full konsentrasjon. Eg ser eg må få juniorhjelp til å ta vekk blitsen på kameraet mitt. Det var ikkje meininga å gjere deg så bleik, mor!


"Eg skal berre klikke her, så er heile verda på kjøkkenet mitt."


Gjett kva som er favorittsida hennar?


Nye tider på kjøkkenet på Hiim


Mor mi, nå også på nett!




4 kommentarer:

  1. Du må få ho inn på fjesbokå Liv! Alt du skriv om mor di er rett, flottare dama skal ein leita lenge etter!! Det er alltid kjekt å vara på Hiim, og eg har mange gode minner frå tida mi som dreng der:-)

    SvarSlett
  2. Karen er ei super dame, alle føler seg velkomne der!! Og Tron får alltid god oppvartning når han jobber på Hiim..

    Eg syns mamma va tøff som fekk seg data når ho var 70;)

    SvarSlett
  3. Gratuler så mykje til Karen med data.. Karen er ei god venninne av meg. Som du seier, tenker aldri på at alderen ikkje er heilt den same. Dette er berre gildt. Hels henne (Du les det jo sjølv nå) og sei vi snakkes snart. Marit

    SvarSlett
  4. Ja, mor nå håpar eg du les dei fine orda! :)

    SvarSlett