Vanligvis er det om å gjere å vere den første. Første kunde, første mann i mål, og så bortetter. Første kunde i nyopna butikkar kjem ofte i avisa. Det er som regel ei stor ære. I boka står det at den første skal bli den siste. Slik blei det for meg på torsdag. Eg fekk vere den siste.
Eg var den siste kunden til fotterapeut Rita Kastet. Eg var ikkje før ute or stolen før flyttekarane kom og tok med seg utstyret. Nå fer det austover. Heldigvis har ho omsut for kundene sine, og kjem til å kome ein gong i månaden til sjukeheimen i eit år framover.
Eg har hatt gleda av å oppsøke fotterapeut-klinikken på Osen i fleire år. Her får føtene mine ei sårt tiltrengt pleie. Og Rita pleiar dei godt. Når eg går ut, kjennes det ut som om eg har kjøpt meg nye føter.
I dag har eg nye føter. Eg sit og nyt dei. Nå må eg vente heilt til hausten før ho kjem att med sin mobile fotpleieklinikk. Då tenker eg at føtene mine har sakna ho sårt. Ikkje veit eg kva liv dei får vidare, utan Rita.
Her har føtene blitt mjuka godt i varmt såpevatn. så blir dei torka forsiktig.
Fot-inspeksjon
Slik føles føtene etter at Rita har vaska, slipt, polert, knukka og gnidd, før ho avsluttar med massasje.
Den siste kunden i denne stolen, før den fer på flyttelasset.
Har alltid lurt på kem den fotdama var - nå vett eg det.
SvarSlettKva skulle me gjort utan bloggen din, Liv...
så sant, så sant, tlb. Masse småskalanyhende ;)
SvarSlettHei Liv
SvarSlettHeldigvis finnes det mange gode "pedalrenskere", og jeg har ei å anbefale her i Haugeby. ;-) Hun kan kombineres med "shopping" og en koselig tur på kafe med en gammel bekjent som liker en god "drøs" over en forhåpentligvis god kopp kaffe. :-) (obs. Kafe Moody er lagt ned) :-(
Hjertelig hilsen fra Ole Magnar.
Elle du kan høre med Grethes fotpleie på Nesflaten, hu e fantastisk!!
SvarSlettTakk for tips.
SvarSlettOle Magnar, god ide. Synd med Moody. Det var kafe med sjel. Du får finne ein annan koselig kafe til neste besøk ;)
Gleder meg. :-)
SvarSlettHilsen Ole Magnar.