mandag 27. juni 2011

Kor mykje bly må til for å få ein ny blyant?

Eg er litt hekta på NPM. Det som heiter New Public Management på fint. Og fint er det. Det er like fint som Keisarens nye klær. I dag kjem historia frå Trondheim.



Tor G. Syvertsen, Professor i konstruksjonsmekanikk

Professor Tor G. Syvertsen er tilsett ved NTNU . Han ser ei klar endring frå 1996  No har NTNU studenta for å tene pengar på dei, ikkje for å gi dei ei skikkeleg utdanning,seier han.

Byråkratiet har tatt overhand, med mange tungvinte ordningar som er frustrerande. For å vise kor tungvint det kan bli, brukar han eksempelet med blyanten. Før kunne han gå i Studentsamskipnaden sin bokhandel når han trong ein blyant, og be om at den vart skriven på instituttet. Så fekk instituttet rekninga og betalte den. Enkelt og greit.

Nå må han spørje ein konsulent om å skaffe den. Då må konsulenten leite for å finne ut kva for ein av NTNU sin leverandør som fører den billigaste blyanten. Så bestiller han den, og den kjem til NTNU ved neste samlelevering om ca tre veker!


Profilbilde
Prorektor for forskning Kari Melby

Som forsvar seier Protektor for forskning, Kari Melby; - at sektoren er underlagt mål- og resultatstyring, styrt av kunnskapsdepartementet. Deler av bevilgninga er knytta til resultater. Det er ikkje spesielt for oss. Det ligg i  systemet."  Dette systemet kallast NPM. "Me må levere kvantitet". Ho seier likevel at det som er viktig for studentane, er kvalitet.

Studentane skal no gjennom studia til normert tid. Kva lærer dei når veilederane brukar tida på å søke om blyantar, lysrøyr og minnepinnar? Er koplinga budsjett og pengeflyt viktigare enn å gi studentane ein skikkeleg utdanning?

Systemet som Melby visar til er NPM. Ei organisasjonsform som driv kostnadseffektivt. Staten nektar for at dei driv AS Noreg etter dette systemet. Jens Stoltenberg uttala i 2008 at han ikkje kjende til NMP.  No seier universiteta at dei må følge opp NPM, pålagd dei av kunnskapsdepartementet!!


Dagen kviss: Kva står NTNU for?

2 kommentarer:

  1. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet.

    SvarSlett
  2. heilt rett, anonym. Du er dagens vinnar. Gratulerer!

    SvarSlett