mandag 7. februar 2011

La døveskolen leve!!

Historia gjentar seg. Det gjer historia alltid om me mister kontakten med fortida. Det treng ikkje alltid vere så  langt tilbake heller.

Eg vil gå tilbake til 1985 og stortingsmeldinga " Prosjekt S";  Prosjekt spesialskular. Arbeidarpartiet ville bli kvitt spesialskulane sine. Ein av politikarane som gjekk i bresjen for dette hadde sjølv hatt ein utviklingshemma bror som hadde hatt ei vond skuletid. Dessverre gredde ho alt over ein kam og jobba for at ALLE spesialskular skulle ned leggjast.

Denne meldinga vart ønskt velkommen av alle involverte med eitt unntak: Døve!  Døveverden fekk sjokk. Skulle dei misse skulen sin der dei fekk eit språk og venner som snakka samme språk som dei?  Mange som kom til døveskulen var språklause og visste lite kva som skulle skje med dei der dei kom. Så fekk dei eit nytt liv. Dei fekk lære tegnspråk, eit språk som dei i dei tidlige døveskuleåra lærte ute i skulegarden fordi tegnspråk var forbudt.
Seinare vart tegnspråk akseptert og døve fekk opplæring i  og på tegnspråk. Der lærte dei sosialisering og knytte vennskap for livet.

Eg har sjølv gått på døveskule. Eg har gått på Ål folkehøgskule for døve. Eg gjekk som ein tulling til eg lærte tegnspråk og blei dratt inn i en magisk verden av tegn og godt vennskap. Eg såg viktigheta av tegna og tegnspråk blei min leveveg.

Alle involverte i døvesaka sto samla mot staten. Me i foreldreforeninga for hørselshemmede i sør- Rogaland dreiv lobbyvirksomhet overalt. Brev til rogalandsbenken førte fram. Heldigvis forstod saksordføraren for prosjekt S kva me meinte, og han jobba for vår sak. Eg vil sei det så sterk at  Jan Simonsen frå  framstegspartiet bidrog sterkt til at døveskulen overlevde. Det politiske Norge var overraska over reaksjonen frå eit samla " døvenorge". Her gjekk fagfolk: lærarar, døveprestar, psykologar, døve sjølv og foreldre til døve barn samla mot nedlegging. Me hadde open linje inn til stortinget mens saka pågjekk. Simonsen sjølv ringde til formannen vår rett etter avstemminga for å fortelje gledesbudskapet.

Men kvardagen kom og me såg at sjølv om døveskulen var redda, stod staten på sitt. Finansdepartementet følgde ikkje opp med løyvingar som trongs til å både drive kompetansesenter og heilårsskule.  Stadig blei det endringar og omorganisering og langsom kvelning. Staten si kvern maler langsomt. Men den maler jevn og trutt.

For eit år sidan kom Midtlyngutvalget med sin rapport der dei gjekk inn for å leggje ned døveskulane. Nå får døve rett på 12 veker døveskule per år. Det vil sei om kommunane vil
betale for slike korttidsopphald. Eg hugsar frå mi tid på kompetansesenter at kommunane hadde ulik vilje til å betale for tjenestar elevane kunne få. Denne rapporten er  bestilt av dåverande kunnskapsminister Øystein Djupedal som nå sit trygt som fylkesmann i Aust Agder

Nå er det 2011 og historia gjentek seg. Døve har  sove i timen, og politikarane har gløymt at dei bevarte døveskulen som heiltidsskule fordi døveskulen er døve sin normalskule.
Hjelp døve elevar til å ha eit reellt valg; døveskule,eller integrert heimeskule. Helst vil eg sei som Ole Brumm: ja, takk, begge deler!

Øystein Djupedal
Kunnskapsminister 2005 til 2007 blei til skade for døveskulen

Dei som vil hjelpe kan enkelt gjere det ved å  klikke på linken under og signere oppropet.
www.underskrift.no


Døveskolen
Dette var døvstummeinstituttet, nå døvehistorisk museeum
www.norsk-dovemuseum.no

Dagens kviss: Er tegnspråk internasjonalt?

8 kommentarer:

  1. the librarian bitch7. februar 2011 kl. 09:00

    Ikkje heilt. Nokre felles ord og uttrykk fins og eg meiner du sa ein gong at det fins dialektiske forskjeller og.
    Har signert!

    SvarSlett
  2. Godt at folk engasjerer seg! :-)
    Hvis du ser på FBprofilen min, så har eg lagt ut en kobling; en ung jente som har skrevet om det å være døv, syns det var bra skrevet.
    Legger igjen ett siklekyss fra Ask i samme slengen til deg ;-)

    SvarSlett
  3. Det finnes et internasjonalt tegnspråk!(som må læres på lik linje med andre språk)

    Ellers er tegnspråket ulikt fks, i Norge, Sverige og Danmark.Men, det finnes en del likhetstrekk både i enkelte tegn og gramatikken, og derfor kan døve fra ulike land klare å kommunisere hvis begge tilpasser sin kommunikasjon!;)

    Kilde:www.signo.no

    Signert underskriftskampanjen

    SvarSlett
  4. Anne er ein klar vinnar i dag! Hu har sett seg godt inn i tegnspråkets finurligheter:)

    TLB, ja det finns dialekter.
    TS er nasjonalt men det finns eit konstruert tegnspråk på linje med esperanto.
    Eg har snakka meir med døve ungararar enn høyrande ungararar, men det blei sjølvsagt masse goddag mann økseskaft prat ;)

    Dåkke e gjilde som sigerer!! :) :)

    Takk for siklekysset frå Ask ;)

    SvarSlett
  5. :) Kjempe bra! Takk!

    Britt

    SvarSlett
  6. Kjempeflott blogg!!!

    Annette

    SvarSlett
  7. Hei!
    Nå har eg signert! Du har en flott blogg Liv.
    Marit

    SvarSlett
  8. Takk for skrøyt og takk for signering, damer!! :) :)

    La døveskolen leve!!!!!

    SvarSlett