Det er skjynt å sjøra buss
det finnes isje herrligare sjyss.
Det koste litt
og hompe gjørr det titt
men det tar ingen konebag så stritt
Lenge leve kreativiteten. Rundt omkring i vårt langstrakte land slit dei med barnehagedekninga. Og kva gjer dei då? Jo, de kjem med eit nytt konsept som løyser alle problem: Barnehagebuss! Barnehagebuss må ikkje forvekslast med bussen som tar ungane til barnehagen. Nei, det er barnehagen.
Suldal kommune har heve seg på denne trenden og er blitt heftig og begeistra. Det einaste negative dei fekk høyre om dette var at det "forureina litt" fortel ein begeistra Obrestad til Suldalsposten. Han var og imponert over kor fort ungane var ute or bussen. "Jalla jalla" som dei seier på arabisk, " chop chop" på engelsk, eller "Schnell heraus" på tysk.
Han bemerka og korleis ungane som venta i bussen kosa seg i setene.
Det viktigste argumentet som skin gjennom all mobilbarnehagepedagogikk- innpakkinga er at det er billig, mykje billigare enn å byggje ut og drive faste barnehagar.
Dette blir supert å busse ungane våre på våre rasfarlige, svingete vegar. Der ungane kan kose seg med spyposane sine ståande i veggrøfta fordi Risa AS ikkje har brøyta og salta vegen.
Negativ?, ..eg? Å nei ,da. Eg tykkjer dette er ein glimrande ide. Eg tykkjer sågar at me bør tenkje vidare. Eldrebølga er over oss. Kan me ikkje ha mobile gamleheimar? Dei gamle kjem seg ikkje ut. Dei sit berre der. Me kunne spart mange stillingar. Det hadde berre vore nødvendig med nattevakter på gamleheimane. Me kunne ha spart oss skuleutvidinga på Sand skule hadde me vore om oss. Den mobile pedagogikken kunne overtatt.
Stryn og Stavanger har prøvt ut dette. Dei meiner at det pedagogiske opplegget er ein berikelse for barna. Dei meinar å kunne måle at dei får sunnare og friskare ungar. Så kven bryr seg då om at før ungane har byrja på skulen har dei lagt att karbonfotspor større enn hus.
Kven var det som sa at keisaren hadde nye klær?
Barn i Tonning bussbarnehage i Stryn
Ekskursjon i Stryn (Foto V. Bjørndal)
Dagens kviss: Kva meiner barneombodet om bussbarnehagar?
Meg å deg på den mobile aldersheimen!!! Eg ser det føre meg. Ska bli møkje gøy :-)))
SvarSlettNei, detta va vanskelig Liv, finn ingenting som seie kva barneombodet meiner om denne bussinga...
SvarSlettKanskje eg må få briller...
Eg trudde først det var ein vits, men eg svelgte låtten når eg forsto at det var ramme alvor...og barneombud Reidar Hjermann er positiv! Har verden gått heilt av hengslene???
SvarSlettKarin P. du vant kvissen i dag. Gratulerer! Hehe, Du er den første som ser at keiseren ikkje har klær!! Det hadde blitt eit supert oppslag 1. april :)
SvarSlettSom et nakent barneombud i barnetoget...
SvarSlett