lørdag 5. februar 2011

Det begynte med ein knapp...

Venninna mi, Eva, har vore ute og reist. Heilt til tigerstaden for ho. Der var ho innom kunstindustrimuseet og rota seg borti ei knappeeske med designerknappar.  Som seg hør og bør tenkte ho på venninna si, når ho såg ein engleknapp.

Det har seg slik at når eg var i Røros kjøpte eg ein kjole med hjarte påsydd på brystet. Inni hjarta var det englar. Eg må ha englar rundt meg, så eg tykte det passa å ha dei på brystet. Det er vel helst puttiar eg har på brystet. Det er tjukke små englegutar.

Då Eva såg knappen, tenkte ho på meg og kjøpte den.
Så, i ettertid fann ho ut at det blei litt ussaligt å berre gi meg ein knapp.  Det er her det begynne å balle på seg....

For når ho tenkte etter, kom ho på at eg hadde jo inga veske som passa til englekjolen. Så begynte håve hennar å jobbe, og etter å ha sydd 14 dukar til kulturhuskonserten kom kreativiteten i gong.  Ho ofra den brune fløyelsbuksa si, fann litt gullstoff til for. Dermed hadde ho laga designveske til meg med  knappen frå Oslo i front.

Så nå har eg engleveske som passar til englekjolen min. Kan det bli betre?

Det byrja med denne knappen



Sjå denne flotte veska i EVA-dcsign

Gullfine inni

1 kommentar:

  1. Knallfine veska Liv,hu venninnå di burde opprette en nettbutikk der hu selger de heimelaga veskene sine!!

    SvarSlett