onsdag 9. februar 2011

Storebror er 60

9ende i andre 1951 kom odelsguten på Hiim til verda. Store forventningar blei lagt på dei unge skuldrene. Alle; foreldra, onklar, tanter, grandonklar og grandtanter, besteforeldre og oldemor hadde noko med det. I 1953 fekk han ei søster og den litle familien var fulltallig.. i mange år. Så kom eg i  1959 som ein etterpåsleng. Og så, i 1965 kom det jammen ein etterpåsleng til.

Sigrid Hoff  og Margit Hiim fortalde meg kor stolt han var då han blei min storebror då han var 8 år. Han fortalde til alle som ville høyre på, om mine nye stadier av ferdigheter. Og beundringa var gjensidig. eg elska storebror min. 

Magnus var lidenskapelig opptatt av historie, vikingane og kriging. Han smidde våpen i lange tider før selskapa sine og hadde vikingslag på plenen. Denne kriginga blei hans levevei.  Hæren tok han inn og hæren likte han. Der blei han verande til far døydde i 1996 Då kom han heim og overtok det han var fødd til... å drive gard.

Me søskena trudde ikkje heilt at han var bonde, men ingen eg veit om steller betre med kyrne sine enn han. Til og med på 60 årsdagen sin går han i fjoset. Han ville helst reist vekk frå alt styr, men fordi han måtte til med avløysar fælte han seg av. Det er ikkje kven som helst som får stelle med damene hans.

Magnus har mange talent. Han er best av alle på historie. Diktar er han og. Som ung vart han interjvua i radioen . Det var stort på 70- talet. Han var aktiv i Sauda vise og lyrikklubb. Han las ofte prologar til festar og hytteboka hans på Vasstøl er eit eventyr å lese.
Då me budde på Hiimsmoen og hadde to pommeske spisshundar, skreiv han daglige  " Pommeriks" til Maren for å erte henne.

eksempel på pommeriks:
Ein pommerske jevel på Moen
gneldra så folk mista roen.
Men Maren Kristine 
sa: Nå e du fine
Ellers hiv eg deg rett ned i doen.


To pommeske jevlar på isen
dei blei litt for lette i brisen
turen gjekk skjeis
dei fekk bakoversveis
og med vinden forsvann dei i disen.

ein pommeske jevel frå byen
Han hørte på nyhetsrevyen.
På kinesisk kafe
der kan hundar bli med,
og så gjekk han og kom på menyen.

Eg og min store helt ein sommardag i 1961


                                                      Alltid klar til krig

Tripp, trapp, tresko klar til 17. mai feiring på Sand


Me blei fulltallige i 1965


Me blei større. Her i 1974


Og me blei eldre... Her i  2010

Dagens kviss: Kva grad har den gamle krigaren?

6 kommentarer:

  1. Gratulere med storebrors dag!!

    Og svaret mitt i dag(sjå kor tidleg!!!) er kaptein!

    SvarSlett
  2. the librarian bitch9. februar 2011 kl. 07:58

    Trur den gamle krigaren er kaptein.
    Gratuler han med dagen frå meg :-)

    SvarSlett
  3. the librarian bitch9. februar 2011 kl. 08:00

    Eg var i utgangspunktet før deg Anne, men av ein eller merksnodig grunn forsvann svaret ut i cyberspace og då eg fekk somla svaret mitt inn igjen så var ditt på plass... grrr...

    SvarSlett
  4. Eg ville nå sagt løytnant, ge, - for eg kjenne det likså å¨meg ! Og for nåken kjekke bilete !

    Hels og sei at han bør komma seg på nettet og laga seg ein blogg, elle nåke. Elle på Facer'n. Men eg syns eg høyr'an. Det vel nåke tull ! Han er alltid særs interessant å samtala med, syns eg, - og gratuler han med dagen !

    Helsing Guro i Asker

    SvarSlett
  5. Magnus og Ståle hadde nok vore førnødde om eg huska svaret, men hukommelsen e ikkje så god :( hørte nokon rykter om at han blei 60 år i dag ;) har mangen gode minner om Magnus frå eg va liten, blei tatt med på alt muligt, og d skorta ikkje på jula/fødselsdags gaåvene; termosar, økser og knivar var ein gjenganger :) viss eg huske rett fekk eg til og med broddar av han :) det va i allefall ting som blei nøtta!
    Hels te jubilanten frå meg :)

    Helsing Camilla

    SvarSlett
  6. Kjempefine bilder og blogg. Gratuler han og resten av familien. Takk for at du deler bileta med oss!
    Marit

    SvarSlett