søndag 15. mai 2011

Typisk norsk

Sist veke hadde eg for meg EU sitt "frivillighetens år" her på bloggen. EU vil auke frivillig innsats. I Noreg har me drive med slikt, i sikkert 1000 år. Me har til og med eit eige ord for det: Dugnad.  Gro Harlem Brundtland sa i si tid at det er typisk norsk å vere god.  Me er gode. Kvart år dreg me på dugnad etter dugnad.

I 2004 kåra programmet "Typisk norsk" ordet Dugnad til Noregs nasjonalord. Det kom mykje høgare på lista enn dei andre finaleorda.

I Noreg har dugnad vore vanleg og forventa sidan middelalderen. Me kan rekna med at dugnad var arbeidsforma i eldre tider også.

Mens frivillighet er ein filantropisk ide der ein skal gjere noko for dei som er dårlegare stilt enn seg sjølv. Det er veldedig arbeid.  Dugnad derimot, er å gjere noko saman for å få ting gjort. Like hjelper like, og dei har det gildt saman mens dei gjer det.

Tokedugnad var eit arbeid der det vart venta at naboane var med.  I fjor var eg med på 10 dugnadar.   Me stiller på dugnad allslags stadar: bedehus, grendahus, idrettslag, skular, barnehagar, naboar, venner, badeplassar, leikeplassar og eit uttal andre stadar.


                                     (foto SP)
Sand bygdekvinnelag har hatt sin frivillige innsats i år. 60 personar fekk vere med å lage og leike med barkebåtar i bekkjen, og ete god mat.


Brødrene af Sand
"Brødrene af Sand" har eigen venneforeningen som steller godt med den gamle båten. I den  ligg det mange dugnadstimar.

DSC_0172www
         Desse kosar seg etter utført dugnad. (foto frå nettet)

Lingvongs venner skal ha dugnad siste helga i mai. Då skal dei skifte lister rundt vindauga, laga bokhyller og hogge ved. Her blir også gjort ein stor innsats. Husa her hadde nok ikkje vore i den stand dei er utan dugnadsinnsatsen til vennene. Og, vennene, dei har det gildt når jobben er gjort.

hland
Songkveld på Hålandstunet. (foto Ryf. museet)

Erfjord bygdekvinnelag har hatt dugnad på Hålandstunet. Etter fleire timar var det rydda ute og inne. Messing og glas skein og støvet forsvann. Etterpå kosa dei seg med kaffi og lappar. Denne kosen når arbeidet er ferdig, gjer at det er verdt det. Så arrangerer dei songkveld for alle i nyvaska museum.


Me gruer oss som regel på førehand. Men me har det gildt i den sosiale samanhengen, og når jobben er ferdig, har me hatt det nokså bra. Me får energi når me er saman med folk i godt lag og med god mat.

Ha ei god dugnadsinnsats, godtfolk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar