lørdag 28. mai 2011

Ikkje skap deg!

Kva er det med skap? Me kan skape oss så mykje me vil, men det endar oftast i toskeskap. Rasmus Løland meinte at eit liv utan tullskap og leik ga lite liv. Klokskap kan bli til dårskap, som kan bli galskap kun med eit lite steg.  Å bruke bannskap og anna djevelskap i lederskap er ein dårleg eigenskap.  Hukommelsestap er ikkje bra innan vitenskap.  Vertskap og tenarskap i beredskap gir gode selskap. Utroskap og lidenskap gir råskap heller enn morskap.  Slektskap og venskap og gode bekjentskap gir felleskap.  Stakkar oss skapningar.

Me går inn i ekteskap med håp om å skape eit godt kompaniskap og felleskap.  Av og til endar det  istaden i fiendskap.  Me kan koma ut or skapet, eller bli verande der. Då er me ofte skapdrankarar. Dei går heller inn i skapet, enn å koma ut av det.

Korleis kjem ein seg ut or eit skap?. Det er ingen handtak på innsida, så ein må gjerrne ha hjelp. Oftast blir det dei næraste som kan hjelpe ein ut. Men dei næraste kan og vere med å stenge dei inne i skapet for godt. Jammen ikkje lett å skapa seg.

Eit skap som ikkjeg ir inntrykk av å vere anna enn eit skap.

Skap som tvetydig omgrep er nokså nytt. Før 1950 var eit skap eit skap, og ferdig med det. Nå blir skapet nytta som gøymestad for eigenskap ein ikkje vil avdekkje. Ein kan vere skapkristen, eller skapnerd.  Skaptrønderar er dei som eigentleg heiar på Rosenborg utan å ha dei  rette banda.

Korleis er det med deg? Er du innelåst i eit skap, eller er du på veg ut? Kanskje du aldri har vore inni noko anna enn eit vanleg klesskap?  Uansett  så bør me ikkje skapa oss meir.  Det er vår ute. Gakk ut or ditt lønnkammer og  ut i naturen. Der treng me ikkje skape oss, for det er allereie skapt. Og det er perfekt!

2 kommentarer: