SKRIK !!!....
Først tok dei litt støvtorking onsdagskvelden. Eg fekk nå komma inn i gongen, slik at eg fekk ut blogginnlegget for torsdagen. Men trur de ikkje at dei starta med skikkelig reingjering fredag den 13.
Dei stengde meg heilt ute. Dei vaska og rydda, og når eg fekk komma inn att hadde dei heve masse eg hadde samla. Blogginnlegget for fredagen hadde dei kasta. Det same hadde dei gjort med kvissoppdateringa mi, så nå må eg telje over alt på ny. Fleire utkast for helgas innlegg har dei også tatt med seg.
Trur dei at eg blei glad for denne vaskinga, må dei tru om att. Eg blei sur og gretten for mange timars arbeid var skylt vekk.
I mens eg venta på å koma inn på bloggen min, sette eg i gong med å stryke bunadskjorter. Eg har stroke skjorter sidan eg var 18 år. Eg har til og med attest på at eg kan stryke skjorter. Men, eg har aldri stroke skjorter ein fredag den trettande, og eg skal heller aldri gjere det meir. Eg fekk gule skjolder og måtte bleike dei i svakt klorvatn for i det heile tatt å vere anstendig i bunad på søndag.
Nå kan de slappe av resten av året, for det blir ikkje fleire fredagar den 13. Neste gong blir 13. januar. I 2012 blir det fredag den 13. to gonger.
Angst for fredag den 13 heiter Paraskavedekatriafobi, og de skal vere glad for at denne blogggen kjem ein lordag, ellers hadde dette vore dagens spørsmål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar