mandag 2. mai 2011

Kulturminnedag

Suldal sogelag markerar kulturminnedagen. Den nasjonale kulturminnedagen er 11 september. Kvart år er det eit nytt tema. Temaet i år er: " Skjulte skatter. Spor i landskapet." Sogelaget markerer dagen to gonger i år. Nå i april, og i september.

For at kulturminner skal bevares, må folk vite om dei.  Det er blant anna sogelaget si oppgåve å opplyse nye generasjoner om dette. Sogelaget sendte ut tilbod til to skular der me sa me kunne komme og snakke om kulturminner.  Begge skulane tok i mot oppfordringa med opne armar.

Fredag 29 april hadde me kulturminnekviss på Vinjar og Sand skule. Dei blei ein travel dag med å samle inn kulturminner, draske dei rundt til skulane og å arrangere kviss.
Først hadde me ei samlingstund med ungane, så delte med dei i grupper og hadde kvisstasjonar. Me hadde bilete av eldre gjenstandar med tre svaralternativ, og ein "sjå og ta på og gjett kva det er runde".  Etterpå var det gjennomgong og retting av oppgåver.

På Vinjar var det 60 ungar, og på Sand var 100 ungar med på opplegget. Det var fasinerande korleis gruppene kunne resonnere seg fram til svara.  Spesielt i "ta på og gjett" delen. Der tok dei på gjenstandane og prøvde seg fram korleis dei kunne ha blitt brukt.

Me var glade over å kunne halde 160 ungar engasjerte i makkamjøl og verktøy. Det er fint for oss å få promotere laget. Skulane var også glade for ha oss til å fylle ut det som dei har i skuleplanane. Så eg trur det blei ein vinn- vinn situasjon.
Og, fy søren, så kjekke ungar de foreldre har!

Resultatet av skulekvissen  stod om 1 poeng. Det var 18 gjenstanar og 14 bilete dei skulle finne. Dei kunne få max 32 poeng. Sand slo Vinjar 28- 27   Bra resultat. Mest imponerande var det at 3. plass på Vinjar vart tatt av ei tredjeklassegruppe.

Vinjar:                                               Sand:
1. plass: 27                                         1. plass: 28
2. plass: 26                                         2. plass: 27
3. plass: 24                                         3.plass: 26


Dette viste alle kva var.


Dette visste dei også kva var. Det viste seg at mest alle ungane ser på "Farmen". Dagen før hadde dei klipt sauene på Farmen med ei slik saks. Så etter denne dagen måtte eg revurdere mitt syn på realityprogram.

Fleire visste at dette var eit strykejarn.



Dagen kviss: Veit de kva dette er?


10 kommentarer:

  1. the librarian bitch2. mai 2011 kl. 08:28

    Det øverste er ikkje akkurat eit pizzahjul, men eg vil tru det blir brukt til baking. Ein kakeutstikkar-sak. Den nederste blir sikkert brukt på kjøkenet den og.

    SvarSlett
  2. eller i fjoset? trur eg er for ung for dagens kviss....

    SvarSlett
  3. javel, me ventar litt før svar kjem. Vil gjerne ha noke meir presist svar. :)
    Han Innante trur han er for ung for dagens kviss, men då sko han sett tredjeklassingane, kva dei visste. Og dei er unge dei ;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch2. mai 2011 kl. 09:33

    Du vil helst ha kva slags kaker dei brukte desse til? Held ikkje med "Alle sju slaga"? :-)

    SvarSlett
  5. Nå har eg rådført meg med mamma, ho trudde det øverste blei brukt til å stikke ut fattigmann/hjortetakk .

    Det nederste trudde ho blei brukt når dei lagde lin garn av linstrå??

    SvarSlett
  6. the librarian bitch2. mai 2011 kl. 12:06

    Er ikkje fattigmann og hjortetakk to forskjellige kakeslag? Då bestemor mi lagde hjortetakk såg dei mest ut som smultringar. Fattigmann blir kjevla tynt ut, delt opp i smale lange firkantar (er det rombe den geometriske forma heiter? Eg snakkar ikkje om rektangel)Så lage du eit lite hol på midten og trer den eine snippen inni. I Danmark blir dei kalla "Klejner" som og betyr fattig. Og den andre "greia" er ikkje ei linhekle.

    SvarSlett
  7. Eg er blitt fortald at den øverste er til smultringar og meiner den nederste er til å laga fine kuler/ringar av smør.

    :) Liv Jorunn

    SvarSlett
  8. the librarian bitch2. mai 2011 kl. 13:42

    Ja, det er det selvfølgelig, Liv Jorunn. Det er jo innlysande. Eg har jo sett det i bruk og faktisk. Hukommelsesvikt her

    SvarSlett
  9. Sjå her! Det måtte ein ekspert lenger innante for å klare denne kvissen. Liv Jorunn, gratulerer, du slo alle ned i støvlane og er dagens vinnar!

    SvarSlett
  10. har begge deler så dette måtte eg klara...:)liv jorunn

    SvarSlett