Tradisjonelt er Noreg eit "frivilligt land". Dugnadsånda står sterkt. Noko av dei første orda utlendingar må lære seg er: Dugnad. Det er dugnad her, og det er dugnad der.
Generalsekretæren i Frivillighet Norge, seier frivillighet er Norges arvesølv. Frivillighet har ei rekkje viktige funksjonar i norsk samfunnsliv. Utan frivillighet, stoppar Noreg.
Me er i verdstoppen i frivillighet. Innsatsen er anslått til 115 000 årsverk.
Frivillige organisasjonar er også vaktbikkjer overfor myndigheitene, og det trengs. Dei utfordrar politikarar på alle plan. Dei er også ei arena for læring og engasjement, og er møteplassar for likesinna. Då er det rart at deler av det frivillige Noreg, som Frelsesarmeen, blir skvist ut av ideelt arbeid av staten og deira nye anbodsrundar.
Me er ein nasjon av møtegåarar. Gjennomsnitts Ola og Kari er medlem av 4 foreningar, og jobbar frivillig i endå fleire. Me kan engasjere oss i ungane våre og deira skule- oppvekst.-og fritidsaktiviteter. Me kan engasjere oss i det me er interessert i, som sogelag, husflidslag og skyttarlag. Me kan løfte augene og engasjere oss i humant og veldedig arbeid rundt om i verda, som Amnesty international og Sos barnebyar.
Eg har prøvd meg på det meste. Av organisasjonar som er bortforbi nasetippen min, er døvesaka og SOS barnbyar mitt hjarte nærast. Eg var med å starte foreldreforeningen for hørselshemmede i Sør- Rogaland,og blei den første leiaren. Me var med på mange kampar og jaga motstanden frå skanse til skanse. Me fekk rett til teiknspråk, Me fekk til og med døveskulen redda som normalskule for døve. Me erfarte at politikarane var snakkande til. Lenge leve frivillighet, og demokratiet som gir oss høve til å drive korridorpolitikk!
Det er slik at me kan ikkje kunne hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon. Eg valde meg SOS barneby. Me har hatt 4 fadderbarn over heile verda.
Fattige og foreldrelause ungar har det vanskeleg, Er dei så jenter, er det endå vanskelegare. Når du då er foreldrelaus, jente og døv stiller du aller sist, så det blei saka i mi frivillighet.
Me har hatt 4 døve jenter. Me bestemte oss i 1991, og først fekk me Maria frå sør- Afrika. Ho hadde me i mange år, for ho budde på ungdomsheim etter at ho hadde blitt for stor for barnebyen. Nå er ho mor til 2 ungar, og eg har framleis litt kontakt med henne.
Etter nokre år fann me ut at me kunne hjelpe fleire born. Då kom Melissa frå Argentina. Etter 3 år kunne ho flytte til storesøstera si som hadde gifta seg. Då var me plutselig utan faddeborn. Me bestemte oss for å fortsette å ha fadderborn. Då fekk me vere med å hjelpe Nomafa frå sør- Afrika. Etter ei kort til bestemte me oss for å få "datter" nr 4, Gloria i Peru. Så, då hadde eg like mange fadderborn som ekte born.
Fadderbarn nummer 3
Fadderbarn nummer 4
"Hvis vårt håp om å bygge en bedre og tryggere verden skal bli mer enn bare ønsketenkning, er vi avhengig av frivillig engasjement mer enn noen gang"
Kofi Annan
Dagens kviss: Kven stifta SOS barnebyer?
Hermann Gmeiner den stifta den første barnebyen i 1949
SvarSlettSOS-barnebyer ble grunnlagt i Østerrike av Hermann Gmeiner i 1949
SvarSlettdet var visst eit for mykje "den" her men...
SvarSlettNEI! Idag og???
SvarSletthehe
Jøss.... 08:01 på begge i dag....
SvarSlettSist var det 08:04 på begge 2
SvarSlettJøss! Dåkke begynne å bli veldig synkroniserte!! Delt seier i dag og. Gratulerer begge to ;)
SvarSlett