søndag 29. mai 2011

Eg har gjort eit innlegg!

Jaja , de som kjenner meg veit at eg ikkje har gjort eit innlegg. Helst har eg ikkje gjort ein skit. Eg har skrive eit innlegg, og eg har ikkje noko problem med å gjere det.


Å gjere - to do.
To do a translations, Are you doing science at school?  Go and do your hair. I `ll  do you next. I have a lot of correspondence to do.
På norsk treng me ikkje "gjere" alt dette. Me har andre måtar å oversette på. Og takk for det, ellers hadde språket vårt vore flatt og trist.


Ein som gjer ein låt.


Må me gjere alt me skal gjere?  Kan me ikkje heller syngje, eller skrive, eller kva me nå har gjort?  Det irriterer meg når eg høyrer folk gjere ein låt, eller gjere ein oversettelse. Dei kan heller synge ein låt, eller skrive ein oversettelse. Er det vanskeleg å skrive ein song istadenfor det sløve engelske "gjøre".

Som de ser av eksempla, er det i låtbransjern desse omgrepa yrer. Dei er prega av det store utland som dei helst vil bli ein del av. Der kjendisane går føre, kjem Ola og Kari etter. Kunne me ikkje heller gjere som "Vesle Kari vår så lita som ho går" og "Teleguten".  Der:  føre kom Kari lullands og lokkands, og etter kom teleguten diltands og hoppands på silkesokka.


                                         Dei gjorde ikkje denne visa, dei song og lokka.

5 kommentarer:

  1. Eg må la kvissen gå kvart på ni, for ein del skuleungar protesterte på klokka ni. Dei blir forseine til skulen då.

    Så kvissen går klokka 08.45 mandag til fredag

    SvarSlett
  2. the librarian bitch29. mai 2011 kl. 14:04

    Endelig nokon andre og som har fått augene opp for dette omgrepet "gjøre en låt osv" Har mange gonger lurt litt på korfor/kvifor (kva er rett her?). Av alle ting så var det Wenche Foss som "gjorde" det første gongen eg høyrde det. Hugsar eg reagerte, men tenkte at kunstnarar er vel slik.

    SvarSlett
  3. Språk er smittsamt - også dårlege og unødvendige formuleringar. Så hald fram med kveruleringane dine, Liv! For tida "tek me det derifrå"!

    SvarSlett
  4. Uff og Uff, Eg som trudde berre gode ting kom frå Wenche Foss. :P
    Ja, språk er smittsamt. Me får prøve å smitte dei attende då.... med eit rikare språk :)

    Kjekt at Suldalsrjupa er tilbake:)

    SvarSlett
  5. the librarian bitch30. mai 2011 kl. 23:29

    Rypa og eg var i fødselsdag saman sist veke :-)

    SvarSlett