torsdag 10. mai 2012

Annerledeslandet

Me lever i ei rettsak for tida. Det pregar livet vårt anten me likar det, eller ikkje. Korleis me reagerer på dette er interessant for andre. Psykiatarar frå prestisjetunge universitet i USA er i Noreg for å studere den norske folkesjela. Dei er imponert over vår stoiske, heroiske og kjærlege motstand. Me lar oss ikkje knekke.


Annerledeslandet Noreg

Desse utanlandske spesialistane  samanliknar vår "22.7" med deira "9.11"
I USA var det meir raseri, sinne og opptøyer. ABB reiv oss ut av svevnen. Me bråvakna. Men me reagerte annleis enn andre. Kvifor me gjer det, skal desse ekspertane finne ut.

ABB kjempar for sitt mentale liv på same måte som Rudolf Hess gjorde i Nurnberg 1945  ABB tok opp eit viktig moment i retten; Han spør :"ville ein muslim fått oppnevnt rettspsykiaterar"? Det får meg til å tenkje; Han er ein av oss. Ein pen ung mann, lyshåra,  frå beste vestkant. Er det derfor det er så mykje styr om han?  Han er terrorist. Korleis har det seg at me reagerer slik me gjer? Er me av eit anna folkeslag enn resten av verda?


"Me ser ingen kamp-rop, kun roser. Hans rettighet er udiskutert.  Dommaren handhelsa på han " uttalar ekspertane undrande. Ein blir stolt av av å høyre høgt profilerte psykiaterar, patologar, etc, frå USA beundra oss.

Me viser ikkje brutale og blodige bileter av offera.  Me markerer nøytralt på ei dokke korleis ungdommane vart drept. Så blir det vist bilete av dei flotte unge saman med eit minneord som fortel oss om dei. Slik hyllar me dei, og livet, og lar ikkje grusomheten slå rot i hjarta vårt.

Mens USA krev gjerningsmenn sitt hovud på eit fat, kva gje me?  Jo me syng. Me syng ondskapen på dør. Me syng: "Barn av regnbuen".

40 000 menneske song denne songen  i Oslo, i  det som må vere verdas største kor. Folk i alle byar i Noreg song på same tid same song:

Men si det til alle barna,
og si det til hver far og mor;
Dette er vår siste sjanse
til å dele et håp og en jord.

Brukeropplastet bilde

 En himmel full av stjerner. Nettopp denne songen meinte ABB har hjernevaska det norske folk  Han fekk rask reaksjon. Heile Noreg song denne songen i protest mot den grufulle handlinga 22. juli.Då er det godt  bu i Annerledeslandet.

http://www.youtube.com/watch?v=llLb_2hAfd0

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar