onsdag 2. mai 2012

Get no kick on route 66

I England kan ein i store byar  tinge skrekkturar til undergrunnen. I Amerika kan ein reise inn i skrekkvelde heilt gratis.

Me har vel alle sett amerikanske filmar der familiar kjører feil og kjem inn i eit mareritt. Spesielt i såkalla spøkelsesbyar. Men eg trudde det kun var på film.
Nå veit eg at dette kan skje i det verkelege liv, og eg gruar meg til familien min skal ut på tur "over there" igjen.


030911 083_1026x770
Point of no return, Winslow, AZ

Larsgard, mor og son, kjørte feil og punkterte i Winslow, Arizona. Dei måtte avgarde for å få hjelp til bilen. Etterkvart  leige seg bil for å hente bagasjen. Då gjorde dei ein stor feil. Dei køyrde inn i Route 66 Den legendarisnke vegen gjennom USA. Men her var den einvegskøyrd. Det ser dei ikkje, og svingar inn i gata mot køyreretninga, og endar rett i den årlige musikkfestivalen.

Ferieturen endar med at Larssgard får ein knyttneve i nasen, som knekk, og eit fengselsopphald som har vart i 6 månadar.


Larsgard got his kick on route 66 Det ga han 7.5 år i fengsel.

Larsgard endar i fengsel i oransje fangedrakt, håndjern og fotlenker.  Der sit han i isolat. VG møter han og må snakke med han gjennom tjukke ruter.  Han er blitt staten Arizona sin  farligaste fange. Han er skulda for mordforsøk på seks personar.  Mordvåpenet..  bilen!  Dessverre for Larsgard er det valår i år  og statsadvokaten og dommaren på val. Kva sjangse har han då?

Då tenker eg på ein parallell i Oslo. Der sit tidenens verste  norske massemordar. Han er skulda for å ha drepe 70 personar, og tatt uskulden på det norske folk.

Korleis blir så han behandla? Jo han stiller i dress i retten, får håndhelse på dommaren. Håndjerna blir tekne av før han set seg. Tilbake i cella har han tilgong til media og kan endre forsvaret sitt etter kva som blir skreve om han.

Forskjellen?  Ja, dommaren og statsavokaten vår er ikkje på val, og treng ikkje tenkte på stemmer.




2 kommentarer:

  1. Heil utruleg kva ein kan hamna borti, så hald hovudet kaldt dersom du skal på tur i Amerika! Trefte ei amerikansk dame utanfor tinghuset i Oslo nyleg. Ho syntest nok ho var kommen til ei anna verd.

    SvarSlett
  2. ja, eg har funne ut at me lever i annerledeslandet :P

    SvarSlett