onsdag 16. mai 2012

Takk og lov for musikken

I fjor skreiv eg på bloggen min om 17. mai på Sand. Me bur på ein liten stad, men likar å markere dagen. Ein viktig del av 17. mai er musikkorpset. Utan tonefølge blir toga vel tamme. Me hadde korps med eit naudskrik i fjor. Etter 17. mai var det lite korpsing.

Det har sett mørkt ut for fin lyd i 17. mai- toget i år. Men då korpsgeneralen kalla inn til første samling for 17. mai - korpset, kom det 10 stykk. Seinare kom tre etternølarar til, og dermed blir det korps i år også. Hurra!

Hurra for dei som gjer slik ein stor innsats for å gleda andre. Dei har lært at største gleder får ein når ein gledar andre:
     
Den største gleda ein kan ha,
det er å gjera andre glad;
og vil du gjerne lukka nå,
då først deg sjølv du gløyma må.

Og vil du sanka gods og gull,
du aldri får din bankboks full;
du må ha meir, får aldri ro;
eit hundre først – og sidan to.

Nei, gjer deg nøgd med det du har,
og prøv å gjera andre glad;
turk tårer bort der du dei ser,
og gjer det lyst der mørkt det er.


                                 Her er dei som reddar nasjonaldagen for alle på Sand.

Ha ein fin dag i morgon alle saman.  Og hugs å smile fint, og takke dei som gir oss musikk til dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar