onsdag 30. mai 2012

Våren er ikkje god for alle

Me ser alle fram til våren. Kom mai du skjønne milde, syng me. Sjølv om mai ikkje kom som den skjønne og milde, kom våren likevel. Det kan eg sjå på dotter nummer 4

Våren som me gledar oss til, er ei slitsom tid for henne.  "Mamma, kaffår klør eg i nasen når eg plukke blomar?" spurde ho meg når ho var lita. Ho kom inn med buketten som eg skulle få. Ho kom med rennande nase og auger.  Det vart berre verre kvar vår. År med mykje pollen, slo henne heilt ut. Nå har ho fått betre medisin, og om ho er rask nok om våren med å ta dei, blir symptoma mindre plagsomme.

Men gode medisiner gjer ungane sløve. Dei får utruleg godt sovehjarta av allergimedisiner. Så godt at dei ikkje alltid kjem seg på skulen, når me startar opp, eller må auke dosen.

Men det er ikkje berre pollen som plagar. Det er i tillegg til pollen, gras, støv, dyr og diverse matvarer. Og for å toppe det heile har ho astma også.


DSC00167
Etter som ho veks til utviklar ho stadig nye allergiar. Nå er det elveblesten som er in.



 DSC00027
Ikkje på sine beste leistar når allergien slit i kroppen. Dette er pollenmarerittet som kjem kvart år like sikkert som våren


Etter inntak av pasta tortellini med kjøtt såg badnet slik ut over heile seg


DSC00168
Ein treng ikkje makeup som får slike fine rosa augnelok. Slik blir det når mor i heimen ikkje vaskar godt nok


DSC00169
Det klør og stikk og er ikkje fint. Nå vil ho leggje allergien sin ut på salgs og byttesida på Facebook. Kanskje ho kan få noko mindre plagsomt i byte?

3 kommentarer:

  1. Hmmm....not good. Men e det du eller eg som e komen ut av tellinga? Trudde det var dotter nr 4.... ;o)

    SvarSlett
  2. Det var meg, Randy altså....he he

    SvarSlett
  3. å harremann, takk Randy. Ja slik er det med for mange av same sort. Du har heilt rett!

    SvarSlett