Eg har sett igong eit ambisiøst arbeid som er marginalt i høve til mine føresetnader.
Tenk, eg skal organisere barnedåp. Og, til avkommet, er kun det beste godt nok.
Bordkort, det må vel bestemor få til. Men så slår ambisjonane inn og det veks meg mest over hovudet. Eg studerte mest til ein bachelor på nettet. Og bordkort skal det bli.
Dette skal bli, forhåpentligvis, eit bordkort.
Høveleg papir må kjøpast inn. Så må me lage mal av plast, før me teiknar mønsteret av på papiret.
Søren så eg trega når eg fann ut at alle desse skyteskorå skulle klyppast til..
Endå meir trega eg når leisten skulle limast til foten...
Der klarte eg å tvinga den på plass.
Kven skulle tru, å du og du...
Sidan eg overlevde bordkorta, kom eg på at lysa må stå i stil til serviettane. Her er det full konsentrasjon. Serviettmotivet skal overførast til lyset. Det vert smelta inn.
Førebuinga. Mykje riving og flerring av flak.
Trur de ikkje eg får det til, eller?
Der kom eg i mål. Eg nådde opp til mine ambisjonar.. denne gongen og!
Då blir det barnedåp med kaffi og kaker og stivpynta bord!
Kjempefint - du er flink!
SvarSlettSå flott det ser ut! Imponerande:-) Lykke til med dåpen!
SvarSlett