Suldal komune legg til rette for meir bilkøyring. Folk skal køyre opptil 6 mil for å hive skrot. Dette gjer at me klatrar godt opp i klimafotsporkonkurransen.
Den same Suldal kommune har i info frå kommunen ei annonse i SP om å spare på utslepp av karbonspor. "Det er viktig å slå av lyset i det rommet ein forlet". Annonsa viser til at om alle slo av ei lyspære ein time per dag, ville klimagassutsleppet bli redusert med 22.000 tonn. Det tilsvarer halvparten av Suldal kommune sitt klimautslepp.
Dei formanar oss alle om å vere med å vere med på å stoppe utslepp. Me må førebu oss på ei framtid med lågare utslepp av drivhusgassar, og sparing av energi. " Alle kan ikkje gjere alt," seier dei, men " me kan alle gjere litt". "Og det nyttar". Suldal kommune har til og med tatt dette så på alvor at dei har laga ein "klima - og energiplan" som dei skal vedta.
Eg er ikkje god i rekning, men eg meiner superenkel forskning viser at fleire bilar gir meir utslepp, enn ein stor bil av og til.
Til meir trafikk, dess meir utslepp. Nå må bilistane kjøre lange strekningar, ofte åleine i bilen, for å tømme søppel. Dei må også kjøre lange vegar for å handle. Dei må kjøre lange vegar for å komme å jobb, levere og hente ungar i barnehage. Bussane fraktar ungane våre daglig lange strekningar. Og så må me spare dette inn med å slå av lyspærene?
Dette blir kjempestore fotspor frå Suldal. Me vil vere gode i alt, og nå blir me det i karbon. Inkvan frå Suldal kan ta ein Vandvik, og skrive ei ny bok. "Far etter menneske"! Der kan dei skrive om folket her inne som sette far etter seg.
-----------"-------
Her er informasjonen til Rymi sine kundar om nedlegginga av sorteringsannlegget på Vikaneset i 2010 Etter det trong me ikkje sortere så sirleg som me hadde gjort før.. Her står det i God "Mamsen og Lillebror" ånd at me køyrer søpla til forbrenning. Ikkje kor, berre at det skjer. Kanskje endar det i Blåfjell?
http://www.rymi.no/nyheter_cms/2009/desember/endring-i-sorteringsordninga-for-hushaldningar-i-ryfylke/14
Eit kjekt leiketøy. Her kan du finne karbonfotspora til alle land i verda:
http://www.carbonfootprintofnations.com/content/calculator_of_carbon_footprint_for_nations/
Du er inne på noe Liv, men Co2 utslipp kan vi glemme å tenke på. Det er andre utslippp fra biltrafikken som er mer vedt å bekymre seg over.
SvarSlettCo2 er ingen miljøgift, men det er derimot uslippene av MTBE fra bensinbiler og forbrenningsprodukter fra dieselbiler. Det er miljøgifter det.
Det at man sparer strøm om man slår av en lyspære er bare tull i et land hvor vi fyrer for å holde varmen.
All energi fra en lyspære blir til varme. Enten direkte i pæra, eller indirekte det lyset treffer og blir absorbert av en overflate.
For hver 60W lyspære du slår av, må de elektriske ovnene i huset levere 60w mer varme for at du skal ha samme trivselstemperatur inne.
Det eneste som sparer strøm er å redusere temperature og dermed komforten innendørs.
Jeg er absolutt ikke noen tilhenger av forurensning, men vi må konsentrere oss om det som virkelig forurenser, og der er IKKE Co2.
Ja, er det ikkje morsomt med lyspærene vel. Det stod i kommunens annonse i SP om klimagassparing ;P
SvarSlett