Storfamilien
15. mai er den internasjonale familiedagen. For det er ikkje sjølvsagt å ha familie. Mange har mista sin. Andre har aldri hatt familie. Nokre veks opp i feil familie.
SOS barnebyar har laga ein rapport om familien. Rapporten viser at familien er under press.Stadig fleire born opplever omsorgssvikt. Stadig fleire veks opp åleine. Det er omlag 153 millionar foreldrelause born i verda. I tillegg opplever millionar omsorgsvikt, rus, vold og misbruk i eigen familie. I Noreg står born i kø for å få fosterheimsplass
Familien min
FN oppfordrar styresmakter, organisajonar, skular og oss alle om å markere dagen slik at me kan lære om familien sine funksjonar, problem og behov. Dette for å styrke familien som den beste staden for born å vekse opp.
SOS barnebyar har bygd barnebyar rundt om i verda for å hjelpe. Dei treng framleis fleire fadderar. Du kan markere dagen med å bli SOS fadder.
Dei fleste organisasjonane vil markere familiedagen på ymse vis. Det kan me gjere og. Me kan skape kvardagsmagi: Gjer noko saman med familien vår. Det treng ikkje vere noko anna enn å spele eit spel, gå på tur, eller steike pannekaker i lag.
Bli fadder. Gå inn her, eller ring 02210 På nettsida kan du klikke rett på knappen: bli fadder.
http://www.sos-barnebyer.no/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar