"Jeg er ikke et offer", "Han skal få blikket!"
Dei gir klar melding til ABB: "Vi vant. Norsk ungdom kan svømme!"
At motgong gjer sterk er dei eit prov på. Hurra for ungdommen Dei har henta fram ein styrke me ikkje trudde dei unge av i dag hadde. I rettsalen vart dei blei spurt: " Korleis har du det i dag i forhold til skadene dine?" "Eg er i bedre form i dag", smiler eit vitne etter å ha forklart seg om sine skuddskader.
Me har undrast over "Gutta på skauen" og deira innsats. Det er i motgong folk finn sjela si. Dei tek ut alt dei har, og kjem styrka ut. Desse unge er blitt bråmodne. Dei opplevde Ragnarok. Dei kjempa for alt dei hadde kjært.
Kjemp for alt hva du har kjært,
dø om så det gjelder!
Da er livet ei så svært,
døden ikke heller.
(C. Richardt)
Det står respekt av det dei yter i rettsalen. Eg bøyer meg i støvet for desse flotte unge som er utan hat og hevngjerrige tankar, sjølv om dei fekk livet sitt øydelagt og traumatisert. Likevel er dei mellom anna opptekne av at ei dame leia kriseteamet. Det var bra for likestillinga!
Dei unge er samstemte på at dei ikkje vil bruke meir tid på ABB. "Han er ikkje verdt det" Det er opmerksomhet han vil ha. Det skal han ikkje få". Dei forklarar seg med rak rygg.
Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
ryggen rak og blikket fritt, se det er bra.
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
slike gutter det vil gamle Norge ha.
Hold nu takten der, intet mudder her,
la dem se at vi er av det rette slag;
bare lek, ja, men av den skal fremtids krefter vokse,
derfor er det alvor i vår lek i dag.
(J. Nicolaisen)
Det er utrulige krefter dei trekkjer fram or sitt indre. Dei har såvidt overlevdt. Dei har hatt lange rehabiliteringar, og kjem styrka ut. Dei står med rak rygg og vitnar, og får til og med salen til å le. Dei står som lys, klare i sitt vitnemål.
Eg grua meg til rettsaka. Eg tenkte eg skulle ikkje sjå på, men så kom eg på Øverland som sa i diktet: "Du skal ikke tåle så inderleg vel den urett som ikke rammer deg selv". Så eg ser i soldaritet med dei overlevande, dei døde og dei pårørande.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar