fredag 18. mai 2012

Politiet slår seg saman, igjen!

Når justisdepartementet talar, er det noko som blir større. Det er areala. Politiet sitt areal. Politiet får stadig større område å vakta. Det er ikkje lenge sidan dei slo saman fleire politidistrikt. Med det resultatet her inne i fjorden at politiet alltid er sist på plass. Ofte når alle andre har gått heim

Nå kjem dei med nye forslag. Landets 27 politidistrikt skal bli til 18  Du verden, kvifor ikkje like godt legge ned?  Framstegspartiet vil gå ennå lenger. Dei går inn for rundt 5 distrikt.  Dette er akkurat som helsereforma. Kven har den vore til gode for? Iallefall ikkje kundene den skal vere til for.


Framtidas politi.  Kinderegg, tre i eitt; Kontor, kvilerom og utrykkingskøyretøy. 

For oss i Rogaland vil det bety at det blir eit politidistrikt. Rogaland og Haugaland politidistrikt. Det blir store områder å farta i. Spesielt med tanke på ferjer og dårlege vegar. Dei er berre nøydde til å bli sist på staden.  50 minutts utrykkingstid har vore ok etter samanslåinga av Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Kva kan me då tru det blir nå?


Politiet i farta frå vakthelg i Hå til utrykning på Sand? 

Politidirektoratet meiner færre og meir bærekraftige distrikter er nødvendig for å håndtere fremtidas  utfordringar. Synspunktet deles langt på vei av dei fremste justispolitikerane.

Aps Jan Bøhler trekker fram betydningen av å ha gode økokrim-team og eningar som kan kjempe mot organisert kriminalitet og datakriminalitet i distriktene.
Det vil vel sei at politiane skal sitte på kontoret og fange opp tilståingar på You Tube, og berre rykke ut om dei har lagt ut adressa også. Så får resten av oss klare seg som best...


http://www.aftenbladet.no/nyheter/innenriks/Vil-sla-sammen-Rogaland-og-Haugaland-2969718.html#.T6lRg-t7pCg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar