fredag 7. januar 2011

Carbon Footprint of Nations

Carbon Footprint of Nations

her er fotspora våre. Nå kan de kose dykk med skrekk og gru :)

Ei sak for klimapanelet?

 Me har i fleire år blitt skremt med klimatrollet. På 80- talet var det ozonlaget, forureining  og  algeoppblomstringa. Så har det fortsett med stadig nye skremsler. Dei siste åra har det vore global oppvarming som skremde oss. I fjor blei oppvarminga avlyst... inntil vidare. Me fekk ny istid istaden.

Me kunne merka ting endra seg. Snøen smelta i fjella, og havfuglane vart fjordabuar. Måkane fyk over stølane på Hiim som om dei alltid har vore der. Dette blir diskutert, men ein ting blir ikkje diskutert og det har undra meg; Kva med den store fiskevandringa?

Silda er på vandring. Havets sølv er held seg ikkje lenger berre i havet. Nei, dei har utvandra til fjellvatna i innlandsnorge! Nå held  både måkar og sild til i fjellet, og eg lurer på kva det kan føre til.....

P1010091
Døme på fjellsild som ligg og vakar i tyttebærlake

Dagens kviss:  Kva er karbonfotsporet til Norge?

torsdag 6. januar 2011

kvissvinnarar:

I dag var det ingen som klarte å få rett svar. Men det haddde ingenting å bety, for me har ein vinnar!!

lista ser slik ut:
1.plass:   20 poeng -the librarian bitch
2.plass:   14 poeng - Tord
3.plass:   12 poeng - Anne
4.plass:     2 poeng - Viggo og Lutten

Gratulerer TLB. Premien avleveres knuselordag!

 Døme på kvisspremie. Sidan kvissen er privat kan slik premie deles ut om vinnaren er over 18 år. Fin vin frå Bulgaria- Mavrud Georgiana dry red wine

Englar dalar ned i sky…..

Englar er kjekt å ha. Me er omgitt av englar seier vår prinsesse. Det trur eg nok… iallefall  har eg ein del av bek-englane i mi nære..

I dag er det dei heilage tre kongars dag og jula er slutt for min del. Dette er den "gamle juledagen".  Nå pakkar eg vekk jula og de fleste av englane mine.

Ein del av dei står att for å halde ein viss orden på heimen. Englane står på badet, i stova og på kjøkkenet. På soverommet har eg Jesus, så då er eg vel trygg.

Eg deler eit utvalg med dykk som les. Eg gløymde å ta bilde av tre fine enlglar eg kjøpte på auksjonen på tunet i fjor. Det er eit minne etter Klara Iversen.

Har de englar i livet, så fortel meg om det.

P1010083
Julekrybba er kjøpt på kilden i 1996  Dei var så dyre eg hadde ikkje råd til  komplett julekrybbe, så eg tok det viktigaste. Dei hellige tre konger skulle eg kjøpe året etter. Men trur de ikkje at neste år var butikken slutta å ta dei inn, ennå dei forsikra meg året før at dei var klassiske. Så mykje for ein butikktilsett sitt æresord.

Så eg har komplettert med ungane si julekrybbe  som dei laga i 4 årsklubben i kyrkja. Eit rektig fint englekor. Treengelen er kjøpt i Moskva i 2006

P1010084
 Her har ungane laga sauer og Asen av tova ull

P1010085
Desse samla eg på gjennom 90- talet. Nokre har tatt turen til himmelen igjen, andre står rundt omkring i stova.

P1010086
Den lange er engelen Rafael og er julegave frå mor for 3 år sidan.   Bakerst står engelen Liva laga i år, og den framfor har eg strikka for to år sidan.  Dei kvite som knelar og ligg er 12 år gamle

P1010087
Desse englane er kjøpt hjå Norem Baade for mange år sidan. Dei var kjempedyre

P1010088
Desse to som står i entreen er nye av året.

Dagens kviss: Kor mange erkeenglar finn det?

onsdag 5. januar 2011

Då Hiimsmoen var verdas navle

Då eg var lita ,som i dette tilfellet betyr fram til skulestart, var Hiimsmoen ein svær plass. Det var sanatorium for tuberkuløse. Eg visste ikkje så mykje om kva det var, men det var mykje aktivitet der.

Då far voks opp var det mange som leigde seg inn på garden for å besøke slektningar på Hiimsmoen. Mange unge jenter kom for å arbeide og blei verande i bygda.
Det eg merka best var at me hadde snopebutikk der, og dersom eg smilte fint kjøpte pasientane snop til meg.  Me hadde postkontor med snopsalg. Faktisk så hadde Hiimsmoen eige postnummer!

Var me dårlige gjekk me på Moen. Der hadde me eigen lege. Dr. Hove fiksa det meste. Ellers var det sjukesystrene som rådde. Dei var så myndige at eg faktisk trudde dei hadde politimyndigheit. Det kom fram ein gong eg hadde vore misnøgd med onkel Tor. Han hadde vel erta meg for mykje, så eg braut ut: om du ikkje sluttar skal eg melde deg til søster Astrid!

Sankt Hans blei feira med stort bål på beite til (då) Ola Hiim. Frå kjøkkenet kom dei med handkjerre og serverte pølser i brød og heimelaga is or store spann. Høgdepunktet kom då Nortveiten (Hiimsmo-drengen) sende opp rakettane . Me ungane sprang som galne for å få tak i pinnane. Sidan eg var minst fekk eg aldri tak i dei, men heldigvis hadde eg ein snill storebror som pla gi meg ein.

Det var anlagt turstiar innover skogen med kvitmala benker rundtomkring. Det var lange og korte løyper alt etter kor frisk ein var. Dei sprekaste gjekk heilt til Vikane. Vikane hadde slik flott sand at pasientane døypte det om til Sahara, og Sahara heiter det ennå. Men me frå Hiim går aldri til Sahara, me går til Vikane ;)

Det var store verandaer på Hiimsmmoen som dei skulle ligga og “kure” i.  Kuren bestod av kvile og å trekkje inn mykje frisk luft.

052

Her ser de 17. mai toget… ja heilt rett: 17. mai på Hiimsmoen! Det var lengre enn ein del av dei ein ser på tv frå rundt om i Norge.

Dagens kvisss: Kven eigde Hiimsmoen sanatorium?

tirsdag 4. januar 2011

Vesker

Vesker er ein  god ting å ha.  Det er noko eg likar å ha. Då eg var ung hadde eg alt eg eigde i lomma. Så fekk eg born og plutselig skulle ein dra med seg ting for alle eventualiteter. Så blei det sekk, men etterkvart som ungane blei større, minka behovet. Eg gjekk over til vesker. Det var igrunnen greit med vesker. Praktisk og  smart. Eg oppdaga  veskenes verden.

Minstajenta fekk eit spel i jula der ein skal finne synomym, eller omskrivingar på ord. Der var ordet veske. Då fann den mannlige deltakaren på følgende omskriving: nåke damer likar å ha rundt armen....

For meg stemmer det. Eg likar å ha det rundt armen. Helst skal det henge fast, for eg har ikkje alltid tid til å passa på den. I godt lag, når iveren får meg til å letta og hender og føter går for å få sagt det eg så inderlig har på hjarta.. er det godt veska heng fast.

Det er ikkje nok at dei er praktiske og heng fast. Dei skal også vere stilige og heilt på kanten balanserende til det vulgære, dog uten at tippe over. Det er ein vanskelig balansegang. Mine vesker skal stå i stil og signalisere meg.

I min yrkeskarriere mens veskene ennå var for store til å henge fast slapp, eg å tenke på veska. Alle kom springande om eg hadde gløymt den, for ingen ville bli sett aleine i same rom som mine vesker.
Far til den store forfattaren Renberg fekk angst med tanken på å vere åleine på personalrommet med mi veske, for ikkje å snakke om dersom eg gløymde den på hans kontor.

Eg har ikkje heilt talet på veskene mine, men eg har nok vesker for dei fleste anledningar. Til vanlig bur dei i eit klesskap. Der trur eg dei har det godt, men kanskje eg burde vurdere Dronning Sonja sitt system; kartotek.

DSC00137
Døme på veske eg eg sleit med å gå forbi. Eg måtte stålsette meg for å gå forbi

Dagen kviss: Kva er spesielt med ein pompadour?

mandag 3. januar 2011

å stela eit hus

Nyttårsfesten er over, huset rydda og nyttårsdagsroen har senka seg over heimen. Då er det tid for å ta opp tråden på livet igjen. Det kan vere ein god ide å starte med Suldalsposten.  For min del er tråden frå nr 96, den 23. desember.

Det er eit tjukt og godt nummer. Der finn eg ein interessant artikkel om Ungdomshuset i  Kvilldal og metamorfosen det gjennomgjekk.  Eg måtte leite litt for å finne ut kven som var artikkelforfattaren. Det viste seg å vere Johannes Vårvik som fortalde etter si bestemor.

Kvilldal fekk eit stort og fint ungdomslag i 1922  Det var bygd på dugnad av ungdommane. Den dugnaden var meir enn dagens dugnad. Dei hogg trea, skar materialet og sette opp huset.

Så kom den store vekkelsen til bygda. Dei frelste hadde ingen stad å møtast. Ungdomshuset var frilynt og kunne ikkje brukast. Det enklaste, meinte dei, var å omgjere ungdomshuset til bedehus. Det vart isfront mellom dei frelste og dei verdslege.

I 1934 var det vekkelsesmøte på ungdomshuset. Dei to omreisande emmiserane bestemte der og då at dei skulle ha avstemming om denne saka. Dette utan at det var meldt på førehand. Heller ikkje vart det tatt omsyn til ungdomslaget sine statutter.  Ved håndsopprekking vart ungdomslaget  dømt til døden, sakspapira vart brende og ut av oska reiste bedehuset seg som ein fugl Fønix.

Med tanke på historiene i bibelen er det vel ikkje så rart at det gjekk slik, for det står at den som har lite skal miste det litle han har. Tenk på husmannen som mista den einaste sauen han hadde når storbonden skulle ha fest.

Suldalsposten trykte ein interessant artikkel om det å ta seg til rette i Guds navn.

Døme på gammalt hus med, om ikkje lik i lasta, så med ånden svevende over toka.

Dagens kviss: Kva skjedde med ungdomslagsarbeidet og skyttarlaget i Kvilldal?

søndag 2. januar 2011

dagens vinnar

30/12  Anne  svar: i romjula
31/12  Anne   svar: skulle halde seg heime
01/01   Anne  svar: i kina
02/02  Anne  svar: den kommutative lov

Ser ut som det er blitt Anne sin kviss :)

Den store barnedåpen II

Innen matematikken blir det sagt at faktorenes orden er likegyldig. Eg har aldri hatt så stor tru på det, men den store barnedåpen på Røros har fått meg til å sjå annleis på det...

For der blei alt gjort i tilfeldig rekkefølge. Først la me dåpsbarnet, så hadde me festen med god mat og drikke. Neste dag døpte me han, gjekk på kafe og så reiste han frå oss utan å sei adjø.

Hovudpersonen såg me lite til. Han låg som regel og drog seg. Ikkje fekk han sjå dei fine bordkorta me hadde laga heller. Til litle Ask sin dåp måtte sjølvsagt bordkorta vera laga av pressa askeblader frå asken på Hiim


Her har hovudpersonen eit vake øyeblikk... før festen

Ops, der gløymde me å snu badne rette veien

Dressmann

Full konsentrasjon i pakkeopninga

Sjå her: me ete bjørnekjøt

tante Liva nyte sitt første voksne julebord

Oj, kva var det i det glaset?

De stolte foreldre

foreldre, fadrar, prest og Ask

Hovudpersonen med besteforeldra

Her med foreldra, tanter og onklar

Gullguten!

Her går me på kafe etter dåpen og gløymer heile dåpsbarnet. Denne koselige kafeen heiter Frøyas hus og er ein bakgårdskafe og butikk.

Dagens kviss: Kva kalles lova om faktorenes orden?    Nå tenker eg de må gruble litt ;)

lørdag 1. januar 2011

Eit nytt år

Eit år har runne ut og me har akkurat gått inn i eit nytt. For nokon var det eit godt år, for andre mindre godt. Alle har me forhåpningar om eit betre år dette året.

Mange har nyttårforsett. Mitt er å sei nei til meir! Så er det sagt. Nyttårsforsett er i følge Wikipedia ein plan det er meining ein skal halda på ubestemt tid, men snart vil dei gode forsetta visne bort... så sant!

Nyttår er å feire overgangen mellom to år. Alle kulturar som måler tid har riter for nyttårsfeiring. Det blir ofte feira med fyrverkeri.

Fyrverkeri er fantastisk, men skummelt. Eg er glad for at fleire kommunar sender opp felles fyrverkeri og forbyr privat oppsending.

Eg var i Stavanger og såg opningsfyrverkeriet til Stavanger 2008  Det var  fantastisk. Heile byen var på føtene og samla seg i sentrum. Det var sukking og henførte stønn då det eine vakrare enn det andre openbarte seg på himmelen.

Fil:Bratislava New Year Fireworks.jpg


dagens kviss: Kven har æra for at me har fyrverkeri?