onsdag 20. mars 2013

Språkåret 2013 volum l



I år er det språkår. Me har hatt så mangt eit år, år for år. I år er det språket sitt år.

Språk er spanande.  Me kan smake på eit språk. Me kan feire eit språk. Me kan elska eit språk. Like eins kan me hate eit språk. Alt er mogleg, berre me har eit språk.

Me kan bade i språk. Det var ein metode som var flittig nytta i teiknspråkopplæringa på 80- talet. Det var herleg å velte seg i språkbadet, nett som grisen veltar seg i søla. Det kom språk overalt. Det klina seg på oss, og sette seg fast. Brått hadde me lært eit språk..

                                                
Det er Ivar Aasen i 200 me feirer. 5. august er det 200 år sidan han vart fødd.  Men rause som me nordmenn kan vere, feirar me språkleg mangfald og skilnadar.

Me feirar at det er 100 år sidan det Norske Teater hadde si første framføring. 6. oktober 1913 sette teateret opp "Jeppe På Berget" i Oslo. Stykket var omsett av Arne Garborg. Kongen var tilstades, men folket rasa. Det gjekk hardt for seg med med slag og spark. 6.oktober 2013 har teateret festframsyning. Dei stenger gatene, og kanskje kommer Kongen. Truleg blir det ingen pipekonsert denne gongen.



Det gleder mitt teiknspråklege hjarte at i tillegg til nynorsk, bokmål, samisk, kvensk, romani og romanes, vil også teiknspråket ha sin plass. Teiknspråk er også eit offisielt språk i Noreg.


                        
                               Stafettpinnen blir levert, og dei spurtar avgarde til neste bygd

Året blir feira på mange måtar. På nett, utstillingar, konkurransar og som idrett. Ja, idrett. Nynorskstafett. Stafetten går over landet i Aasen sine fotefar. Og sjølvsagt, 10 juni kjem stafettpinnen til Sand i Ryfylke. Då må me alle alle ta vel i mot den. Stafettpinnen er alt på veg. Du kan følge stafettpinnen på bloggen "nynorskstafetten" dag for dag. Følg med, følg med...

Alt har ein ende. Også eit jubileumsår. 6.desember sluttar språkåret på Ivar Aasentunet i Ørsta. Akkurat i tide for oss å kaste oss over julefeiringa.


                                                  
                                                       La oss hegna om språket vårt!


Språkåret si heimesida:
http://www.xn--sprkret-gxab.no/

Nynorskstaffetten:

tirsdag 19. mars 2013

Omregulering

Det må seiast.; eg berre må sei det. Ikkje mange har snakka om det; Omregulering. Omregulering frå næringsområder til luftfart. Det soknar under samferdsel. Då er det ikkje samferdsle for fotgjengerar det er snakk om.

Blir det ikkje ein konflikt her?  Ein like stor konflikt som etableringa av Heliporten gav?  Garaneset eigendom AS lurer på om rammeløyvet LMT-utvalet gav, vil få konsekvenser for firmaet deira.

LMT- utvalet gav dispensasjon frå dagens reguleringsplan på Garaneset. Dei gav Fonnafly løyve til fyking i påvente av konsesjonssøknaden.

Fylkesmannen var i mot, men det stogga ikkje politikarane. På grunn av LMT- utvalet har Fonnafly nå lov å etablere, drive, og inneha ein operativ hovudbase for selskapet på Garaneset
Fonnafly er nå i gong med å byggje opp ein verkstadfunksjon!

Nær 90 personar signerte klagebrevet mot vedtaket. Det er mykje folk det. I tillegg var det mange som samde i det som stod i brevet, men som ikkje torde skrive under. Dei var redde for konsekvensene.

Alle har sin rett å uttale seg om det dei måtte ynskje. Me likar å tru at me lever i eit demokratisk land. Kanskje me gjer det, men me lever ikkje i nokon demokratisk kommune. Her kan det det du meinar få konsekvenser.

Eg skreiv under. Det gjorde mor  mi og. Ho er 86 år, men fremdeles politisk medviten. Og tenk, bror min kom heim og kunne fortelje henne at han hadde fått slengt i seg av ein politikar: " Mor di signerte protestbrevet!"  Mor blei litt øvejidde. "Tenk hu gamle menneske", som ho sa, var funnen blant alle 88 namna. Då kan me vere sikre på ein ting;  Inkvan studerer den lista, og dei veit kor me bur....

Kva er det å protestere på? Helikopterplassen er alt for nær folk.  Det ligg slik at støyen brer seg godt til dei nærliggjande  bustadane.  Omreguleringa vil få konsekvenser for bruken av området.

Nå skal det bli utarbeidd ein ny reguleringsplan for området. I samband med det spør Hyttebygg, som er nabo, kva konsekvensar det vil få for dei.

Kva trur de? Nå skal Garaneset, eller deler av Garaneset, omregulerast frå næringsverksemd til "flyplass". Samferdsel av den sort har andre krav enn næringsverksemd.
Ingenting som støvar må kome nær helikoptemotorane. Støvar ikkje trevirke?
Ein kan ikkje gå tur på ein flyplass. Det vil få verknader for fri ferdsel bortover Garaneset....

Og støyen?  Den er kommen for å bli...

Nå har det seg slik at me har fått ny rådmann. Han kjem utanfrå og har ikkje dei til tider vanskelege bindingar som bygdefolk har. Han peikar på sakshandsamingsfeil, akkurat som 88 andre gjorde. Han går for oppheving av vedtaket.

Undera si tid er ikkje over... Halleluja!
Nå gjenstår det å sjå kva LMT- utvalet gjer torsdag 21. mars.

mandag 18. mars 2013

Kven kan gå kor, og kva tid?

Tilgjengelighet nok ein gong. Eg har i tidlegare blogginnlegg sagt eg tok kontakt med kommunalt råd for funksjonshemma om stoda i kommunen på tilgjengeligetsida.Det er fleire år sidan. Dei svara hyggelig at det skulle sjås på i samanheng med opprustinga av Gata.

Eg har lenge vore oppteken av tilgjengelighet. Eg jobba i mitt tidlegare liv på eit statleg kopmetansesenter, der deltaking for alle var på agendaen.

At alle skal få tilgong til same goder er så sjølvsagt at me ikkje kjem på at me må tenkje over det. Men det er ikkje sjølvsagt. Suldal likar å tenkje på seg som ein kommune med spreke innbyggjar. Me kan gå fleire hundre meter til butikken med varene tilbake. Men desverre må eg skuffe politikarne. Det er ikkje slik i røynda. Ingen vil gå langt. Alle skal berre....  Og då parkerar dei kor dei vil.

Slik er stoa, og nå tykkjer eg politikarne må ta det på alvor.

i 2008 tok eg opp heisproblemet i idrettshallen. Resultatet var at den vart stengd, og med det  ein del folk vart utestengde frå hallbruk.

Eg tok i 2010 opp med råd for funksjonshemma saka om parkeringsproblema i Gata, og tilgjengelighet. Då skulle det ordnast når Gata vert opprusta. Men den rustar berre ned.

Her har inkvan klart kunststykket å parkere slik at andre inkvan ikkje kan komme inn i heiset. I etasjen over Coop er det husvære med heis opp. Der er det populært å parkere når ein berre skal...

Eg tok kontakt med Suldalsposten fordi eg tykte dette temaet var ei sak dei burde skrive om. For dette handlar om tankeløyse, ikkje vond vilje. Men alt må lærast, også å ta omsyn til sine medmenneske.

Suldalsposten var heilt enige i at det var ei viktig sak. Viktig å få auga opp for at inkvan si tankeløyse kan få konsekvenser for andre.

Eg viste dei bilete av syklane framfor heisen opp til Suldalsposten. Då blei det brått blekktørke i avisa. Ikkje eit ord vart skreve om tilgjengelighet, eller om det å ta omsyn til kvarandre. Kanskje dei ikkje lika bileta?

Då får eg vise dykk eit knippe nye bilete med prov på tankeløyse i kommunen. Sidan ikkje pressa vil ta det opp, får eg gjere det sjølv.



I heisen på kommunehuset, Suldal sitt rådhus, får ein som regel lag av diverse søppel

                                       Eg har aldri tatt heisen åleine. Her er andre følgere


Framfor legekontoret, tannlege og barnekontroll er det nokre meter å gå til parkeringsplassen. Utanfor inngongen er det kun lov å stå om ein har parkeringstillatelse. Det rare er at der står det alltid fullt av bilar. Bilar der førarane " skal berre..."  Då blir bilar med parkeringstillatelse inneparkert, eller kjem ikkje til.

Dersom ein parkerer på tvers under HC parkeringsplassen, så føles det ikkje feil

I gata er det ein HC parkering. Den står alt for langt borte til at ein kan få varer bort dit,  Vågar ein seg til å stå på dei vanlige plassane, kjem ein ikkje ut av bilen. Har ein gangvansker treng ein heile bildøropninga for å komme ut og inn av bilen.

Fleire nye firma har opna utan at det er teke omsyn til tilgjengelighet for alle. Desse kan eg spara til ein annan gong.

På kulturhuset, som er det best tilpassa bygget på Sand, er det vanlig at ein må sitte til stengetid. For HC bilen er som regel inneparkert av "Nufantar "som " skal berre".....

Kor mange år skal det gå før kommunalt råd for funksjonshemma skal byrje å gjera jobben sin?

fredag 15. mars 2013

våren er i kjømda

 Me har hatt ein kald og fin vinter. Snøen ligg hard og kald. Ikkje ein prikk vil den smelte. Ein lurer på om det nokonsinne vil endre seg.

Så byrjar sola å gi litt varme. Eg nyttar tida til å ta litt kaffi i solkroken på terrassen. Dette året måtte eg spa fram terrassen. Litt etter litt gir snøen tapt. Kvar dag har eg måtte hakke opp litt snø og venta på at solstrålene skulle smelta det. Og smelta har det. Nå er den eine terrassen fri for snø.
Sist veke kunne eg høyre det dopla frå taket. Det draup i eitt.

Så høyrde eg fuglane synge. Først ein, så ein til. Sola varma, fuglane kvitra, og eg kosa meg.
Men det er vel lenge til snøen forsvinn, og blomane kikkar fram, tenkte eg.

                                   20130307_114142

Så tok eg meg ein tur på den andre terrassen. Den hadde vore så nedsnøa at eg ikkje kom fram til hagen.
                               

                                20130307_114202
Og hva skuer mine øyne?  Fine snøklokker kikkar fram. Korleis dei ha klart å presse seg fram gjennom tela er meg eit under. Men under skjer, år etter år.


           20130307_114218
Berre ein liten bar flekk var nok til at blomane spirer. Eg trudde ikkje tida var inne ennå, men fuglane hadde kvitra om det. Då fuglane starta med vårsongen sin, måtte eg kikke etter om dei song rett. Og det gjorde dei.


          20130307_114237
Resten av hagen er nedsnøa og ser ut til å vere det lenge ennå. Men det er von i hangande snøre....

Nå er våren i kjømda godtfolk. Nyt denne tida, for brått er denne undringens tid over.

bloggurat link:http://bloggurat.net/minblogg/


<a href="http://bloggurat.net/blogg/hdn0k/liv-midt-i-livet"><img src="http://x.bloggurat.net/stats/?id=snrwpk" alt="Bloggere i Norge" border="0" /></a>

Jeg har plassert min blogg i <a href="http://bloggurat.net/kart/registrere/9632/sauda">Sauda</a> på <a href="http://bloggurat.net/kart/">norske bloggkart</a>!

torsdag 14. mars 2013

Bunadsutstilling

Idag opnar Ryfylkemuseet si bunadsutstilling. Den gledar eg meg til å sjå. Eg håpar dei har mykje spanande å vise fram. Klokka 19.00 i kveld opnar dørene. Kjem du i bunad, får du kome inn utan å betale.

Eg gledar meg til å sjå Hylskruna. Det er ei brurekruna. Den kjem frå Mollatveit, men kalla Hylskruna etter Brita Hylen som kjøpte kruna. Det er mange som har sagt ja med den kruna på hovudet. Framleis seier folk ja under ei liknande krune. Rogaland bygdeungdomslag har fått laga ein kopi som dei leiger ut.

For å få dykk til å halde ut ventetida vil eg vise eit knippe av noko som ikkje er med på utstillinga:



Ragnhild Solbakken har ein flott bunad som Halldis Rørvik står bak. Det er ikkje mange av den. Sjå godt på Ragnhild neste 17.mai.

Siste året dotter nummer 4 hadde på seg "kvasi-bunad". Til våren står ho konfirmant i  bestemora sin bunad. Sjå godt på dotter nummer 3 Hennar bunad har eg brodert og montert sjølv. Skjorta har Bjørg Jorunn Myhre laga. Sjølv har eg på meg Husfliden sin Lølandsbunad. Den har eg hatt sidan eg var 17 år. Det er fleire "tilpasningar" sidan.

Lølandsbunaden er laga etter eit sjal frå garden Løland. Det var Marta Larsdotter Hiim sitt sjal. Ho vart gift til Løland. Ho var søster til min tippoldefar, Orm Hiim. Marta og Orm var ungar til "Gamla Marta."  Marta Ormsdotter Hiim var kvinnesakskvinne 100 år før ordet var oppfunne .


Dotter nummer 3 ikledd det gamle brureforkleet til Marta Larsdotter Hiim.

Er det ikkje flott?


Eit av dei to gamle sjala me har på Hiim


slitne etter ein lang bunadsdag


                                                  Det gamle sjalet frå framsida

Denne hua er sikkert på utstillinga. 

Capen til Kari Rasmusdotter Løland er utgongspunkt for Husfliden sin bunadscape. Den er blå og kortare enn Nordaker sin som er laga etter ein cape frå Bleskestad. Kari Løland er mi tipp tipp oldemor.

Her er prosjektet som skal ferdigstillast når dotter nummer 4 er vel konfirmert. Den gamle Ryfylkedrakta!

De får nok sjå ferdige eksemplarar av ryfylkedrakta på utstillinga. Desse draktene er stilige. Eg reknar med at eg blir flott når eg går bak slektningane mine som ekserserer i Ryfylkeske artillierie compagnie av 1718.



Men det er mange nålesting til. For det fanns ikkje symaskin på Christian V si tid.


                                   Skud med kanon
Dei som har vore på Hiim har vel sett kanonene som står klar i tilfelle compagniet skal mobilisere igjen.

Dette bilete er frå Halden. Våre karar hadde slike raude uniformer då dei var innrullerte i Cristianssand artillierie compangnie. Nå har ein del fått seg den Ryfylkeske sennepsgule uniforma.

onsdag 13. mars 2013

NPM atter eingong

Eg har tidlegare blogga om New public managment. Det er ein økonomieffektiv måte å  styre på. Det er laga for å styre fabrikkar.

           -  Mest mulig produkt med minst mulig utgifter for å få mest mulig inntekter.-

I 2001 starta statsminister Stoltenberg eit radikalt moderniseringsprogram. Han skulle revolusjonera offentleg forvaltning, med fokus på sjukehusa.

Men det er vanskeleg å handsama mennesker som om dei var bildeler, så sjukehusa har slete. Og helseministrane blir utslitne.

Helseminister Tønne sitt mantra var:  " tempo høyere enn detaljer" Så viktig var det å gjennomføre reforma at detaljer som konsekvensutgreiingar  ikkje var tatt med.

Denne revolusjonen har eit namn: "New Public Managment." NPM.  Kven var primus motor for å hjelpe fram reforma? Det var konsulentselskap som McKinsey.
Stoltenberg uttalte så seint som i 2008 at han ikkje visste kva NPM var.Kven ville han lure?

Stoltenberg måtte sette inn sitt siste trumfkort for å oveleve helsereforma; superministeren  Jonas Gahr Støre. Ministeren som lykkast i alle departement. Vil han klare seg i helselandet?

Støre har nok høyrd om NPM . Han vil frede sjukehusreforma Soltenberg starta.  "Omstilling er regel- ikkje unntak for sjukehusa " er hans mantra. Det var mest som om han var tilsett hjå McKinsey, og ikkje var ein sosialdemokratisk helseminister.

                                       Sjukehus i verdsklasse. Ein av alt, og det er i ustand

Helseminister Støre seier våre sjukehus er i verdsklassen. Kvifor ropar då legar ved sjukehusa ulv??
Fleire sjukehustilsette, og leiarar, har gått ut i media og fortalt at folk døyr på sjukehusa våre.
Støre refsar desse leiarane, og truar dei med sparken.

Støre : "Ahus er juvelen i helse-Noreg.  De sykehusene som lykkest best, er de som trekker i samme retning. Det håper jeg kan spre seg".
Dette er klar tale til dei som  "gir faglige uttalelsar offentleg, og får folk til å tru at OUS fusjonen går på helsa laus.

UNN, Universitetssjukehuset i Nord Norge kuttar ut 47 sjukesenger for å spare 90 mill kroner.
Dei går med eit overskott på 475 mill kroner i 2012 !!!!!

UNN får ros av Støre:" Helse- nord har laget en meget ambisiøst investeringsplan som de har ryggrad til å bære."  Spørsmålet blir då: Har pasientane ryggrad til å bære desse innsparingane.

Slik blir fabrikkar styrte: profitt, overskott, og inkvan som tek ut utbytte. Er det slik sjukehusa våre skal drivast?

Erna Solberg (H ) ser at keisaren ikkje har klær, og seier det som folk flest, utanom Støre og Stoltenberg, ser: " Der er for mye økonomifokus i det offentlige helsevesenet"

Det siste frå Støre er at to kreftmedisiner blir strokne av lista, fordi dei er for dyre. Men du kan framleis få om du betalar sjølv.

"Me må ha eit prioriteringssystem," seier Støre. Med det opnar han for klasseskilje i helse- Noreg.

                               

 Ein rapport frå  2012 viser at kun 1 av 4 helseleiarar meier at reforma var vellykka.
Kan det vere at inkvan har utvikla resistens mot sunt bondevett?

Med dette er neppe siste ord skrive på bloggen min om New Public Management.
NPM blir sopa under teppet av leiarane våre. Sosialademokratane vil ikkje stå for at dei styrer landet etter kapitalistiske former. Men eg har ikkje tenkt å la dei få sleppa unna utan å ripe i lakken deira.

tirsdag 12. mars 2013

Skal alle komme opp til presten?

Eg rota gjennom nokre gamle Suldalspostar. Det gode med Suldalsposten er at den aldri går ut på dato. Eg har ein del liggjande i tilfelle leselyst.

Der finn eg ofte eit tema som engasjerer, og som eg kan filosofere og kverulere over. Denne gong var det tilgjengelighet eg beit meg merke i.  Me har fått ei ny lov i Noreg:  "Lova om tilgjengelighet og universell utforming".

Dette stykket har lege over sidan i sommar, men jammen meg er det aktuelt nok til å bli sendt ut i verdsveven.

Bilde

Lova legg til rette for eit samfunn der alle skal ha like stor rett til samfunnsdeltaking. Det er dermed blitt forbudt å diskriminere på bakgrunn av funksjonsvanskar. Alle skal ha tilgjenge der det er interessant for almenheten komme seg inn.

Rullestolbrukar og Sandbu, Ingrid Tveita, ettelyste betre tiljengelighet. Ho viser spesielt til snørike vintrar og ubrøtte fortau. Har noko betra seg?


Dette er nokre av tilgjengelighetsproblema i kommunen. Det er liten vilje til å ta tak i desse problema. Sidan Suldalsposten rulla ordføraren i rullestol rundt på Sand har lite skjedd.  Dette er fleire år sidan.
Fleire nyetableringar har fått opna utan at det er sikra tilgjengelighet. Det skulle ikkje vere slik etter at me fekk lova om universell utforming.

Slike teikningar er det heller ikkje mange av i kommunen.

Eg tok for snart 5 år sidan  kontakt med kommunalt råd for funksjonshemma vedrørande parkeringsplassar. TTT,  (ting tar tid) ennå har ingenting 

I same avis, på same sida se me ein reportasje frå prestekontoret sin flyttesjau, Dei flyttar inn i andre høgda på Suldal næringshage på Garaneset. I den guds hage på jord er det ikkje for alle å koma. Har du føter som fungerer går det greit, men har du eit ærend til presten og kan ikkje føte deg, så får du beint fram la det vere.



Skal du til presten og har armar til pynt, får du jammen ikkje ta heisen opp. For å ta heis i Suldal må ein vere sterk i fingrane.  Heisknappen må haldast inne under heile heisturen. Er du muskelsjuk,  klarer du ikkje å halde eit slik trykk så lenge. 

 Heisane er av det billigaste slaget som er greit for dei friske, og som har brekt foten. Heisane stiller krava til tilgjengelighet. Sjølv om det er kjent at dei er ubrukelege for funksjonshemma. Dei stiller minstekravet, så kven bryr seg om dei er heilt ubrukelege for  brukarane?

Å kome til Suldalsposten kan vere ei utfordring

Ikkje lett å komme seg inn her. Fleire bedrifter brukar heisane til oppbevaring av søppel, eller som her, sykkelpparkering.

Rett skal vere rett. Etter å tatt bilete av heisen opp til Suldapsposten ved to anledningar med fleire månadar mellom, gjekk eg inn til avisa og ba dei skrive om tilgjengelighet. Det vart inga skriving, men syklane forsvann frå heisdøra.og borte er dei blitt.


Men eg spør likevel:Bryr me oss så lite? Gløymer me å tenkje at i morgon kan det vere me som er blitt funksjonshemma?







mandag 11. mars 2013

Som sokkjen i jorda

Det hender både titt og ofte at ting, eller folk forsvinn. "Han er i som sokkjen i jorda", seie me då. Her om dagen var det ein kar som var som sokkjen i jorda. Bokstaveleg talt. Han  sokk ned i jorda. Og der er han ennå. Ingen kan finne han.

Han blei slukt av eit synkehol. Det har sikkert høyrt om det. Som regel er det i långtvekkistan slikt skje. Men det kan skje overalt. Og det skjer. Då kan me vere glade som bur på dei hardaste fjellknausar oppetter åsane.


                         

Synkehol oppstår når grunnen under blir hola ut. Det kan vere mange årsaker til det. Oftast er det i områder med mykje kaltstein det skjer. Kalken blir løyst opp når det renn vatn ned i steinlaget. Dette fører til grotter under jorda. Etterkvart som holrommet blir større, aukar faren for at jordmassane over kan svikte. Då søkk jordlaget ned i holrommet. Og så har me eit synkehol.


Synkehol kan oppstå etter flaumar og store nedbørsmangder, men også under tørke.  I tørkeperiodar blir grunnvatn pumpa opp for å vatne jorda. Når grunnvassnivået søkk, kan grunnen kollapse.

                           
                                                     Synkehol i vegen

Dette har skjedd før,  og det kan skje igjen...

Du kan ta ein kikk på filmsnuttane her..

Det skjedde i Kina og Tyskland:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10890910

Taiwan:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.8266665

fredag 8. mars 2013

MPG finalist frå halvøynå

Eg er ikkje av dei mest ihuga Melodi Grand Prix entusiastar, men kjenner eg nokon som er med, blir det mykje gildare. Eit år var min tidlegare leigebuar med i MGP. Ei klassevennine av dotter numme ein har vore med. MGP. Før var det utvalde folk av rasen kong Salomo som var med. No kan Jørgen hattemakar også vere med. Då treff det slik at me har kjende blant hattemakerane.

Dette året var det ein slektning som var med. Far min sa alltid at han hadde tremenningar over heile halvøynå. Det vil då seie at eg har firmenningar over heile den same halvøynå.

                         
Minnesmerket over hendinga som inspirerte gruppa Fjellfolk 

Helga Jacobsen er med i gruppa Fjellfolk og framførde songen Ulvetuva. Soga om eit par som gjekk frå  Bykle til Suldal. Soga enda  ille.

Helga Jacobsen. Jacobsen som i Jacobsen blomster. Der kjøpte me blomane våre . Der nikka dei alltid når me sa namnet vårt: Hiim. Ja for Jacobsen kjøpte blomsterbutikken sin av søster til brødrene Hiim. Som de ser; verda er ikkje stor.


                  
                                                       Fjellfolk

Eg kjenner ikkje Helga Jacobsen.  Men når eg såg bilete av henne kunne eg sjå kven ho likna på. I avisene står ho med eit stort smil og flott langt hår. Då måtte eg gå inn på Facebook sida "Suldal i gamle dagar" og leita fram eit bilete,





                  Der er ho. Jenta med dei lange tjukke flettene; Mor til Helga Jacobsen

Hu er forvetnelige denne facebooksida. Den bør de innom. Det er mange bilete frå  gammal, og nyare tid. Kanskje ser du plutselig besteforeldra dine, eller deg sjølv som liten!

Ha ei fin helg!


Ulvetuva YouTube:

torsdag 7. mars 2013

Legevakt.. Fritt val?

Inkvan har vore på kurs. Suldal kommune har tatt kommunesamanslåing på forskott. Vindafjord, Suldal, Sauda og Etne samarbeidar om helsa vår. Det vart ikkje noko av datasamarbeidet. Det vart for vanskelig. Då er det visst lettare å samabeida om helsa vår. Eit interkommunalt helseteam er nedsett. Dei ser for seg tre målbare resultat. Det eine er sjølvsagt økomomisk gevint for kommunen.

Kommunane slit med å få til legevaktkabalen sin. Sjølv i Etne og Vindafjord som allereie samarbeider, er det problem. Likevel trur dei at eit større areal vil  betre utteljing økonomisk. Kva det vil sei for folk å reise fleire mil når dei er sjuke er ikkje noko som blir merka på kommunalt plan.

Varaordføraren står fram i Suldalsposten og seier at tidlegare helsesjefen sine ord får stå for eiga rekning. Ho seier også at ingenting er avgjort ennå.

Ved akutt sjukdom vil legevakta rekvirere ambulanse direkte til sjukehuset utan å gå vegen om legevaktstasjonen, føreslår det interkommunale teamet. Dei vil ha eit samarbeidsprosjekt  med sjukehusa.

Samhandlinsreforma er meint motsett. Kommunen har hovedansvaret, og sjukehusa er berre der folk skal reparerast før dei igjen blir sende heim til kommunen sin for vidare pleie og hjelp.

Samhandlingsreforma vart innført frå 2013 og skal fullførast i løpet av 2015  Dette er ei helsereform med ny folkehelselov . Lova styrker kommunen sitt ansvar for "forebyggende og helsefremmende arbeid i alle samfunnssektorer."

I lova står det klart at det er ei kommunal plikt å etablere øyeblikkelig hjelp. Tilbodet skal flyttast nærare der folk bur. Kommunane overtar også ansvaret for utskrivingsklare pasientar på sjukehus frå første dag. Dei vil få dagbøter om dei ikkje klarer å følge dette.

Kva betyr samhandlingsreforma for folk flest? I følge helse- og omsorgsdepartementet skal det bli lettare å få hjelp lokalt. Tilbodet i kommunanae vil bli breiare.

Helse-og omsorgsdepartementet har lagt ut ein kortversjon av lova. Den skal dei fleste klare å lese.  Det står klart at det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt. Og at tilbodet i kommunen vil bli betre.

For å få til dette får kommunane 5 milliarder kroner frå staten. Det fordi staten vil at det skal lønne seg for kommunane å førebyggje, og byggje opp nye tenester der folk bur. Då er det ikkje opp til politikarane å gjere motsett.

Har ikkje  politikarane sett i media at det er foreslått å leggje Helsefonna inn under SUS i Stavanger? Det kan vere at om kommunane vedtar dette forslaget, er Helsefonna omorganisert. Ei slik omorganisering vil sikkert få ringvirknadar på ambulansetilbodet i distrika.

Helsefonna har heller ikkje ambulansar i kommunane til slik hjelp teamet foreslår. Kva så om ambulansen er i bruk  når legen på vakt rekvirere ambulanse for å hente ein pasient.

Kven har då sove i timen?

Eg veit; 2012 Ein pasient med mulig hjarteinfart. Legevakta rekvirerer ambulanse.  I ferjekøen  rekvirerer helsefonna ambulansen sin til ei bilulykke. Det er diskusjon om kven som skal bruke bilen. Enden på visa er at pasienten får reise i ambulansen, ei ferje forsinka.

Eg veit: På 80- talet må det ha vore eit slag samarbeid mellom Sand og Sauda. Ein høggravid pasient har fått akutt nyresteinsanfall. Pårørande ringer legevakta. Legen svarar: " Eg er i Sauda. Du får ta ein  paracet og komme i kontortid i morgon."

Vil me ha det slik? Tenk over dette...



Her kan de lese referatet. Klikk på infobrev nr 5:
referat frå interkommunalt møte

Her kan de lesa samhandlingsreforma i kortversjon:
samhandlingsreforma; kortversjon