Det hender både titt og ofte at ting, eller folk forsvinn. "Han er i som sokkjen i jorda", seie me då. Her om dagen var det ein kar som var som sokkjen i jorda. Bokstaveleg talt. Han sokk ned i jorda. Og der er han ennå. Ingen kan finne han.
Han blei slukt av eit synkehol. Det har sikkert høyrt om det. Som regel er det i långtvekkistan slikt skje. Men det kan skje overalt. Og det skjer. Då kan me vere glade som bur på dei hardaste fjellknausar oppetter åsane.
Synkehol oppstår når grunnen under blir hola ut. Det kan vere mange årsaker til det. Oftast er det i områder med mykje kaltstein det skjer. Kalken blir løyst opp når det renn vatn ned i steinlaget. Dette fører til grotter under jorda. Etterkvart som holrommet blir større, aukar faren for at jordmassane over kan svikte. Då søkk jordlaget ned i holrommet. Og så har me eit synkehol.
Synkehol kan oppstå etter flaumar og store nedbørsmangder, men også under tørke. I tørkeperiodar blir grunnvatn pumpa opp for å vatne jorda. Når grunnvassnivået søkk, kan grunnen kollapse.
Synkehol i vegen
Dette har skjedd før, og det kan skje igjen...
Du kan ta ein kikk på filmsnuttane her..
Det skjedde i Kina og Tyskland:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.10890910
Taiwan:
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.8266665
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar