fredag 6. mai 2022

 Borghild Moe til minne

Så var dagen og timen komen. Borghild Moe sovna stilt inn om morgonen den 30 april.

Borghild vart 94 år. Det vil sei at dei aller fleste i bygda ikke kjenner eit liv utan henne.

Borghild var fødd i Grov. Foreldra var Brita Grov og Sverre Førland. Sverre  hadde far fra Brommeland.

Då Borghild var 1 år bestemte foreldra seg for eit liv i  Sandsbygda. Sverre fekk seg jobb på Juvåsen. Der vart dei varende til 1964




Borghild fekk etterkvart tre søsken. Dei fekk alle oppveksten sin på Juvåsen blant slekt og venner.

Då Borghild byrja på skulen fekk ho seg ein ven for livet: Lars Hiim. Året etter byrja nok ein hiimsunge på skulen: Valborg. Dei hadde mykje gildt i skuletida og Borghild var ein meister til å fortelje fra den tida. Ein lått, og glimt i auga var Borghild sitt varemerke.

I ungdommen tente Borghild hja Margit og Ola Hiim. Ho blei godt likt, og ungane der i garden elska Bogga, som dei kalla henne.  Margit og Borghild heldt vennskapet så lenge Margit levde. 

Borghild traff Daniel Moe. Guten som kom til Moe som 4 åring fra sauda. Foreldra hans overtok garden i Mo. Der gjekk Borghild forbi kvar dag,  til ho i 1950 ikke lenger gjekk forbi. Borghild og Daniel fekk to sønner som slo seg til i bygda, ein på garden og ein på Kløv. 

Det var bryllup både på Hiim og i Mo i 1950  Venner følget ofte. slik og med Borghild og Daniel, og Karen og Lars Hiim. 


                                                      Venninner på badetur til Vikadn


Eg hugsar godt me var i Mo, og dei på hiim.  Etterkvart som me ungane vaks til blei det lettare for dei å ha eit sosialt liv. 

Det var spesielt 3 vennepar: Torger og Olaug Hauge, Borghild og Daniel Moe og Karen og Lars Hiim. Alle hadde  jeburdagar i løpet av få månadar, og det feira dei lag. Dei hadde det helst travelt fra februar og utover. Då ville dei ikke ha oss ungar med.

                       Borghild legg i maskinen. Me hadde ein oppvaskmaskin fra tidenes morgen


Borghild og søskenbarnet Bergit Helland kokte i bryllupet mitt på Hiim. Då hadde det ikke vore feira bryllup der på lange tider. Eg minnest eg var ute på. kjøkkenet og snakka med dei. Borghild, blid som vanleg, skrytte og sa det var minste føre å styre på  her som det fanns oppvaskmaskin.

"Har du ein ven så gå ofte dit, om ikke vil vegen fyke igjen og ugress og krakkskog gjemme den", skreiv onkel Løland i minneboka mi. Det er fritt fra håvamål. I Borghild sitt far fekk ikke ugras veksa. Ho var flink til å finne vennen sine. Då mor levde ringde dei kvarandre kvar dag.



                                                                  Minne fra Hiim 

Mange av oss gode minne frå treffa rundt bordet i Buå på Hiim. Borghild rolig og stødig og alltid eit godt smil. Så glimter det til i auga og ho ler. Dette minne ber eg med meg .



Borghild hadde ei evne til å få kontakt på tvers av generasjonane. Ung og gammal, alle følte dei var venner  med henne. Denne jenta her sa nettopp: åhh, kven skal nå bry seg om flagget mitt nå. 

I koronatida har 17. mai feiringa vore amputert. Men me som soknar til Bygda har hatt gilde 17. mai feiringer i Mo, ved skulehuset. Bygdafolket har samlet seg ute. Traktortog og minikonsert med musikkorpset. Då pleidde  Borghild kikke mot Hiimsmoen og sjå på flagga der oppe,  og skryte kor fint flaga vaia i vinden.




Våren har vore mild og torr. Nå sprett alt og graset grønkar. Men dette året sit ikke Borghild lenger og smiler på benken ved sida av ramsløktua .

Borghild blir sakna av dei fleste her. Alle hadde ein eller annan kontakt med henne gjennom hennar  94 -årige liv. Venner har ho alle stadar.  Ho fekk oss alle til å føle seg spesielle. 

Fred over minnet !


søndag 29. juli 2018

liv midt i livet: Olsok

liv midt i livet: Olsok: I dag er det Olsok, eller Olavsmesse. Det er helgenmesse til minne om vår eigen kong Olav (993-1030) Olav Haraldson med alias Digre og den ...

Olsok

I dag er det Olsok, eller Olavsmesse. Det er helgenmesse til minne om vår eigen kong Olav (993-1030) Olav Haraldson med alias Digre og den heilage.



Ein helgen er ein person som levde sitt liv så nær "kristi etterfølgelse" slik at kyrkja offisielt kan slå fast at det ikkje var personen som hadde levd, men Kristus gjennom personen. Slik vart Kristus æra i helgenen.
Dette var i vår katolske tid. Då alle skulle tru likt. Så kom den store Luther og gjorde ende på helgenveldet, for vår del.
Den katolske kyrkja har åtte norske helganar (medrekna Håkon V), og den ortodokse kyrkja har fire norske helgenar.


Image result for olav den hellige
Olav den heilage

Harald Gille og sonen Øystein Haraldson vart også helgenkåra etter sin død, ifølge Snorre, men den katolske kyrkja har ikkje desse med lenger. Dei var vel for hardbalne.

Me protestantar driv ikkje med helgenmesser, men Olsok har overlevd. Korleis levde Olav sitt heilage liv?

Vikingen
Olav vart fødd midt i vikingtida. Hans store draum var å fara i vikingferd når han vart vaksen. Han vaks seg stor og sterk og likna mykje på farsfolket sitt. Faren, Harald Grenske, vart drepen før Olav vart fødd. Mora gifta seg att med bonden Sigurd Syr, ein mann Olav ikke kunne sjå opp til. Rane, fosterfaren, og jomsvikingen Torkjell Høye var  karar Olav kunne sjå opp til.
Image result for olav den hellige
12 år gamal kunne Olav endelig reiste i viking med Rane i Austerveg. Dei herja i landa rundt Østersjøen. I Danmark slo han seg i lag med Torkjell Høye. Dei herja vestpå.
I tre år vart sør England utrygt. Dei klarte ikkje å innta London, men ryktene seier at han var med å rive London Brigde.

Dei herja i Oxford, og vann over Norfork. Dei inntok Canterbury og drap biskopen. Rike på gods og gull tok han seg ein tur til hertug Richard II av Normandie. Der var han mellom anna med og plyndra og drap i Aquitania, Baskerland og Poitou. Etter det røva han i Spania, og tenkte seg til middelhavet, men noko kom i vegen...

I  have a dream
På vei til herjing og gull i  Middelhavet hadde han ein draum: Ein mann kom til han og sa "gi opp dette vaset, reis heim og ta odelen din, og du skal bli konge i all æve"

Draumar kan ofte passe, og her passa det godt. Olav kunne godt tenke seg å bli konge i Noreg,. Han snudde skuta si.
Det var lang reis heim, så han overvintra i Rouen hjå hertugen i Normandie. Der fekk han god tid til å filosofere over gudars avmakt og Kvitekrist si allmakt.

Sidan Kristus var uskapt, og var til frå evig tid, kunne han ikkje døy i Ragnarokk. Kristne kom til himmelen og evig glede. Valhall var kun for menn som skulle førebu seg til Ragnarokk. Idealet ved Hertug Richard sitt hoff var karla- Magnus. Sverdmisjonæren; alle kristne kongar sin store helt.

Seinare fekk Olav ein son som blei døpt Magnus. Slik kom Magnus-namnet til Noreg.
Karl Den store forsvara kyrkja med iver, trusler og blod: "vil du ikkje, skal du!"

Heim til Noreg
Han tok heimvegen om England. Der bytte han langskipa i to knarrar ( (frakteskip) med 200 godt væpna mann. Det var eit oppstykka land han kom til; danskar og svenskar i Båhuslen og Oslo, og ladejarlar på vestlandet, Agder, Opplandene, Trøndelag og Hålogaland.

Dei var lite interessert i å ha Olav som konge. Skulle dei ha ein overkonge, måtte det vere ein utlending som let dei styre seg som dei ville.

Olav kom såg og vant. Han vart motvillig hylla som overkonge på ting etter ting rundt om i landet. Dei slaga han tok del i, vann han.

Kvitekrist sin hird.
Då landet var motvillig samla, starta kristninga. Det føregjekk med trusler og sverd, som vanleg i dei tider. Olav var gått inn i Kvitekrist sin hird i god Karlamagnus ånd. Himmelkongen tålte ikkje motbør. Karl den store "kristna" store flokkar av sakserar. Dei fekk møte kristus med det same. Sverdmisjon var in, og effektiv. Kong Olav brende hov, svei av gardar og drap eller lemlesta gjenstridige heidningar.

Kristenretten
Olav hadde fire biskopar med seg til Noreg. Dei organiserte den katolske kyrkje i Noreg. På tinget i Moster, truleg 1023, var kristenretten vedteken.  "St. Olav si lov" vart den kalla i ettertid. Det vart mellom anna forbode å hauglegge folk etter heidensk skikk.
Han let rike og fattige få same straff. Der gjekk gransa for nordmenn. Det måtte vere grenser for rettferdigheit.

Opprør
Knut den mektige, konge over Danmark og England kasta sine auger på Noreg. Han sende gull og grøne skogar avgarde. Her kunne dei få ein konge i utlandet. Det var midt i blinken for ladejarlar og hovdingar. Olav for hardt fram mot svikerane.
Så drap han ein gong for mykje; Asbjørn Selsbane vart drepen, og mora Sigrid krevde blodhemn. Ættehemna sitt krav måtte oppfyllast. Sigrid gir drapsspydet til Tore Hund. Som onkel til Asbjørn lystrar Tore ætta sitt krav om blod.
Knut blei hylla som konge på alle ting, og Olav rømde til Gardariket.


Olav blir drepen. Frå Flatøyboka

Martyrdauden
Då Håkon Jarl døydde, var landet utan konge, og Olav såg sitt snitt til å bli konge igjen. Han samla hæren sin og han møtte dei ved Stiklestad. Overmakta er for stor og Olav skjøna kva veg det gjekk.  "Eg flykter ikkje frå denne kampen. Anten sigrar eg over bøndene, eller eg fell i slaget. Gud rår"

Image result for olav den hellige
Olav den helliges død. Her er den store hæren med.

Soga seier Kalv Arneson hogg Olav i halsen, Tore Hund stakk hemnspydet i magen hans og Torstein Knarresmed hogg Olav i låret.

Heilagkåring
Kun eitt år etter døden blir Olav helgenkåra. Under over alle under; neglene og håret har vakse etter han døydde. Og liket lukta vidunderlig.  Det var underet hans. Og det vart sagt ein blind mann fekk synet att då han tørka seg med blodet til Olav.

Det store mysteriet er korleis Kristus levde gjennom Olav den heilage sitt ville liv.

Han var ein bråsint og vill viking. Han tenkte djupe tankar om livet og Kvitekrist, men han levde ikkje som det høvde seg. Han var kvinnekjær og hadde mange damer på si.

Til og med det store vikingslaget på Stiklestad var overdrive. Det var nokre få menn i kvar leir. Motstandarane stakk Olav ned i eit hemnoppgjer.

Korleis kunne dei som drap han, og andre som var utanlands då det hende, sei han var helgen?
Me veit ikkje ein gong kva år han var drepen. Dagen var 29 juli etter juliansk kalender.
Året blit foreslått som 1028,1029, 1030 og 1031 Gammel homiliebok meinte han døydde i 1034

Me veit han vart drepen av sine eigne (Anglosaxisk krønike), I eit bakhald (Adam av Bremen)  I eit feigt overfall ( Florence av Worchester)
Det store slaget på Stiklestad dukkar ikkje opp i historia før på 1200 talet

Olav vart erklært helgen 3. august 1031 av biskopen sin, Grimkjell.
I 1537 sette reformasjonen stoppar for valfarting til Olavskrinet. Gullskrinet blei ødelagt, og trekista med levningane vart gravlagd i Nidarosdomen. Kvar det var, visste folk fram til 1568, så gjekk grava i gløymeboka.

Etterhistoria har kalla han hedning til han kom til Rouen, men samtidige skrifter seier: Han var døypt som treåring, som femåring av Olav Trygvason sin hirdprest, døypt i Anglia.
Islandssagaene seier han vart døypt som barn, og at "dåpen" i Rouen var ein stadfesting på dåpen, ein konfirmasjon. Same slag konfirmasjon som også Olav Tryggvason gjennomgjekk tidlegare.
Me kan vel konkludere med at det var lettare å bli helgen i vikingtida.

Ha ei fin Olsokfeiring!


fredag 20. april 2018

Kirsten Hiim til minne



Det var med stor sorg me fekk høyre at Kirsten var død. Me visste det skulle skje, men me visste ikkje dagen og timen. Det er alltid alt for tidleg.

Det var ein fin dag. Eg gjekk ut i hagen og såg på det spirande livet. Alt går vidare enten me vil det eller ikkje. Me som er att må prøve så godt me kan.

Eg veit ikkje om ei tid utan Kirsten. Kirsten var mi første venninne. Me var og tremenningar. Me ungane vaks opp på Hiim og var mykje i lag. Me på garden og dei i Grushålå. Me var venner og foreldra våre var venner. Slik hadde det vore i generasjonar.  Torild og Magnus, Anne og Marit, Kirsten og eg, Lars Åge og Jane var omlag på alder.


Marit, Kirsten (bak) Anne, Jørgen, Emilie, Liv på sykkelen og Karen, alle Hiim

Då me var tre ungar i kvar flokk budde dei hjå oss i fleire veker mens Emilie sat ved sjukeleie til faren sin i byen. Mor skulle ta ungane ut, men Kirsten fekk ikke vere med for ho var for liten. Men ho var ikkje mindre enn at ho klarte å klyppa den nye voksduken til mor i to. Den passa ikkje lenger på kjøkkenbordet. Men det var ikke ho som hadde gjort det. Duken enda på bordet på Torgålen. På Torgålen var me ei påske stua saman to familiar på eitt rom. Gode venner gir husrom og hjarterom.


Marit, Ragnar og Turid Næss, Lars med Lars Åge på fanget, Karen, Liv, Anne og Kirsten på Torgålen

Kirsten var mi heltinne. Ho var fantasifull og kreativ. Ho var flink i alt ho gjorde.
Heile Hiim var vår leikeplass. Me leika på garden, ved Lågen, i heia, langs vegen. Lommebok i vegen var vår favorittsysle ei tid. Kjeda me oss,sprang me opp til Stemmen og kasta steinar i vatnet før me sprang ned att og inn til Kirsten for å eta risnøtter med melk og sjokoladepulver.
Me serverte Helga, Kirsten si bestemor, fine spiralloffskiver med hønsemjølsalat. Og me laga skogbrann i lag med Turid.


blomsterpikene; Liv og Kirsten

Kirsten blei konfirmert 3 år før meg. Høgtideleg anonnserte ho at nå kom ho nok ikkje til å vere med meg meir sidan eg var ukonfirmert og ikkje kunne gå på dans. Men etter nokre veker hadde ho glømt det, og me var i same tralten.
Kirsten fekk lydbånd til konfirmasjonen og me trava langs hovudvegen mens me huja og song til alle dei fine popsongane ho hadde tatt opp. Me song til dømes "Ba ba ba ba baberann". Først mange år etterpå fann eg ut at det var songen om "Barbra Ann".

Då eg budde vekke såg me ikkje kvarandre så ofte, men tonen var der heile tida. Me er heldige som får ha venner heile livet, og som har foreldre og besteforeldre som også har vore venner. Det gir eit særs band. Dei seinare åra har me hatt vår eigen pinsevennforening og me feirar nyttår saman, me vennene frå tidenes morgen.



Hiimsjenter i godt lag. Kirsten, Anne og Torild

Kirsten var sjuk i over 20 år til saman. Sjukdommen bar ho med verdighet. Aldri klaga ho og aldri plaga ho nokon med den. Me måtte spørje før ho sa noko. Eit førebilete der også.

Friluftsmennesket blei ein god fotograf etter kvart som ho ikkje klarte å gå så langt og lenge. Då skifte ho fokus lett mot dei små motiva. Instagramkontoen hennar var full av nydelige stemningsbilete.



23. august på Torgålen. Super bursdagsfeiring.

Eg kjem alltid til å bere med meg den siste champagnefesten vår på Hiimsmoen. Kirsten, Anne og eg. Me feira livet med bobler og godt prat, sjølv om Liva syns me var tamme drankerar.

Kirsten er alltid i våre hjarter. Takk for alt du var for oss. Kvil i fred. Det har du fortent.




lørdag 23. april 2016

I dag feirar me...

I dag dag er det 23. april og i dag feirar me. Det er mykje ein kan feira 23. april, men idag vil me  feira litt ekstra for bonden på Hiim. Bonden på Hiim?  Han har vel ikkje jeborsdag i dag, vil de vel seie. Men det har han; Den nye bonden!  På Hiim har det vore generasjonsskifte. Det er alltid noko særs når ein gard går vidare til nye generasjonar. Det er tradisjonar å halde, samtidig som drifta må vera liv laga.

Bjørn Ernst Benninghoff Hiim er den nye bonden på Hiim. Han tok over i sitt 40. år.  Det året han runda 40 vart eit år med store endringar. Han og Alma har flytta saman på Hiim. Han har sett opp nytt hus på garden, mens dei begge var travle på fleire hald.
Hadde pc- en min vore meir velviljug hadde de fått sett bilde av det fine huset, men det kan sjå det sjølv.  Hiim kan du ikkje unngå å sjå..

Ekstra gildt er det at dett krelar av ungar på garden. Fem i nye huset, og eit i folgehuset. For ikkje å gløyme den altetande odelshunden.



Eit av dei eldste bileta av Hiimsgardane. Utskiftninga er gjort og Hunter er vel plassert på Moen, så då veit me at bonden heitte Lars der hima. På Rabben heitte bonden Orm.

Folk flest har eit mål i livet, ellers kjennes livet mållaust. Bjørn har fått seg mange mål i livet. Her ser de nokre av dei.



Asjen stod midt i det gamle klyngetunet på Hiim. Det vart plante av Orm Albretsen i 1828 då han var 14 år. Den vart planta  for å minnast far hans som døydde det året. Asjen er viktig for folka på garden. Der minnest dei farne folk, og gir gGrdvoren skjenk for eit godt år og vern om folket.

Bjørn og bestefar var eit radarpar. Her bles bestefaren bles i kuhorn, alt for å gleda barnebarnet. Dei gjekk godt i lag og var veldig like. Glad i folk var begge to, så Bjørn vil nok vidareføre den sosiale linja med open gard for slekta.

Bjørn har mange fakter og minikk som bestefaren. Av og til gjer han seg til for å herme etter bestefaren, men det han ikkje veit er at han er som gjenfødd. Når han står i fjosdøra er det så me støkk. Han skremde vetet av bestemor si. Alle skapdørene i bislaget stod opne, og ho trudde at Lars var komen att. Men så var det berre Bjørn som hadde leita etter noko og han kunne heller ikkje lukke skapdører. 


Eit øyeblikk av valgets kvaler?


Lågen er blitt kjær for Bjørn. Her brukar han så mykje tid at dottera trudde det var fiskerifag han studerte.

Mykje gras og beite..  Jonsaløkka, Larsastykket og Magnus sitt nydyrking gir tilsaman eit styggelig stort stykke land. Godt han har mange ungar som kan henta stein.



I tillegg så eige han ein heile estate i Bulgaria, eller som han sa suldølen som arva frå Amerika." Han eigde ein heil stat"

Her er resultatet av fiskerihobbyen: Ein fisk så stor den mest ikkje kan løftast. Igjen så går interesser i arv:

Bestefaren likte også å fiske, både laks i Lågen og anna rart i fjorden. Her er Lars Hiim med sin kamerat Lars Foss.

Men interessa er eldre enn som så. Fiskeinteresse-genene kjem heilt frå Bråtveit. Her er oldefaren Ola J. Bråtveit i sitt ess.


De som kan lese baklengs ser at her står det Hiim. På tide å gi porten eit nytt liv. Kanskje han kan ønske seg det til bursdagen sin?

Frå yndlingstanten din har du eigentlig fått presangen på forskott. Heilt nymalte hytta og utedo ;)

Hurra for deg som fyller ditt år,
Ja deg vil vi gratulere.
Alle i ring omkring deg vi står,
Å se nå vil vi marsjere.
Bukke, nikke, neie, snu oss omkring,
Danse for deg med hopp og sprett og spring.
Ønske deg av hjertet alle gode ting,
Og si meg så hva vil du mere?
GRATULERE!


Hiim i våre hjarter. Du, Bjørn, er også i våre hjarter. Eg plar å kalle meg yndlingstanten, for han har berre ei tante.. frå Hiim. For i Tyskland har han tanter og eg håpar ikkje dei les at eg er yndlingstanten ;)  Det er ikkje så lenge sidan eg sjølv feira 40,  Berre 17 år faktisk. Eg hugsa at det var ein gild dag. Eg håpar du og får ein gild dag. Eit tips når du skal feire dagen din: ikkje smak for mykje når du skal smake til bowlen, for det gjorde tanten din.....

 

Asjen er blitt noko skrøpelige. Nina- stormen var stygg mot han, men me håpar at Asjen står nokre år til og gir ly til Gardvoren.




Hm. kva med denne jenta? Frå 1985 har ho vore ei pest og ei plage for Bjørn si feiring. Frå å vere godguten og den førstefødde måtte han brått dele dagen sin med henne. Ei store helsing går til Maren Kristine også, men i dag må du tåle at Bjørn blir hovedpersonen. 
Gralla til Bjørn og Maren!

mandag 28. mars 2016

Aud Brommeland Sylte til minne

Så var dagen og timen komen. I den stille veka fekk me ei melding at Aud Brommeland Sylte var død. Eit langt og innhaldsrikt liv er til endes. 

Aud var fødd i 1927. Foreldra var Jon Brommeland og Anna Henriette Spartveit frå Vats. Aud var gift med Tor Sylte frå Trondheim. Dei hadde to born Anne og Ole.

 Eg har kjent Aud all mi tid. Aud Brommeland som ho vart kalla på Sand, ennå om ho hadde vore gift halve livet sitt. 
Aud og mi mor, Karen Bråtveit Hiim, var venninner. Dei vaks begge opp på Sand, Mor på Eide og Hauen og Aud i strandstaden. Aud flytta til Oslo, mor flytte opp i bygda, men kontakten var der. Aud og Tor var ofte på Sand. Dei kjøpte seg hus på Sand og det nytta dei ofte. Det var det som var heime. Laksen og Lågen for Tor sin del, og familie og venner for Aud sin del.

Det var alltid fest og moro rundt Aud. Ho hadde eit strålande humør, var kunnskapsrik og kvikk i replikken. Det var ein vennegjeng på Sand som heldt saman heile livet. Når dei vart samla vart me ungane sende i seng. Slik var det heile livet vårt, og som ungdommar ville me heller vere heime, og i lag med dei, enn å gå på dans. Det seier litt om kor interessante diskusjonar og moro dei hadde. I den gjengen var Aud og Tor sjølvsagde.


Aud arbeidde på hørselsentralen i Oslo, og ho tok seg sers godt av meg då eg fekk mi Karen Helene som var fødd døv etter at eg hadde røde hunder. Ho var til stor hjelp. Og alltid seinare heldt ho seg oppdatert på Karen Helene.

Mor og Aud var ungdommar i lag og gjorde det ungdommar gjer. Mor såg opp til Aud for ho stod så stødt i livet og var så trygg på seg sjølv. Mor ønska ofte at ho kunne vere litt meir som henne.

 Dei tok og ut på den store reisa i lag, heilt til England, i ei tid då ein berre kunne halde kontakt via brev.

Aud omlag på den tida for den store reisa.

Det var tre jenter som reiste i lag frå Sand:Jenny Nielsen, Aud og mor. Jenny skulle til Suffork og Aud og mor til Norfork. Hanne Marie Sjøstrand kom og var hjå Knights i the Priory ei tid seinare. 

Det var Ola Bårdsen som ordna post for dei. Jentene måtte reise til Stavanger for å ordna alle papira. Som mor fortalde:" Me hadde mykje strev i Stavanger. Me flaug frå kontor til kontor så me var heilt ende då me kom til Sand" Dei både gleda og grua seg. Siste kvelden på Sand var dei nede hjå Bårdsen og tok farvel. Han hadde brukt mykje tid saman med dei i planlegginga av turen. Då dei gjekk, snudde dei seg mot glaset der han sat og vinka. Han vinka att. Det var truleg siste gongen dei såg han.

7.februar 1947 reiste dei avgarde på sitt livs eventyr. Mor og Aud budde nær kvarandre og traff kvarandre ofte.  Aud kom til Broomhills og mor kom til the Priory. Begge fekk jobb som maid i kvar sin fine familie. Aud hadde litt bedre forhold. Ho hadde meir fri, og fekk til og med ferie. Det fekk ikkje mor. 

Bilder frå mor sin album. Aud og Karen i Botesdale

 Begge hadde svart og kvite uniformer etter lunjs, og begge var fortvila over alle knivar og gaflar som skulle brukast til borddekkinga. Det kom seg og, dei vart dugande maids. Av og til, når herskapet ville gjere stas på gjestene sine, serverte jentene kledde i norske bunadar.

Mykje var ulikt i England. Maten på reisa var ikkje til å eta tykte dei. Og damene var så måla og pudra at ungjentene blei heilt øvegjidde. 

Året i England knytte dei saman og dei hadde mange gilde minner derfrå. Dei snakka perfekt engelsk og det var eit eventyr å høyre når dei fortalde om si store reise.


                                          Redgrave festival. Aud og Hanne Marie står midt i bildet

Nå er det er nokre år sidan sist eg snakka med Aud. Men ennå kan eg høyre stemmen og låtten hennar. Eg ser henne for meg med det fine smilet og den kvikke replikken.
 Ho stråla alltid  som ei sol. Sola har gått ned. Fred over minnet til Aud!



onsdag 6. januar 2016



Hurra for onkel Tor!


13. dags-jul- onkel


Det var i hine hårde dagar. Det var trettande dag jul. Det var kaldt og det var snøvær. Då kom det tredje barnet til Oletta og Magnus på Hiim til verda. Det var ein ufysen dag å inntre, men det var så laga at når jula for ut kom guten til verda. Det nye håpet. Ned i stallen stod en snill og trofast kamerat. Kjære Blakken du må ta den lange veien fatt. Kanskje hadde Magnus,faren, lese "Prestegaardshistorier" og kunne soga om Blakken. Kanskje han tenkte sitt då han salte opp sin Hiimsblakken. Bestefar måtte av garde i snøføyka for å hente jordmor til gards.

På Hiim vart han fødd. I dåpen fekk han namnet Tor Kåre. Han var heldig med gudmor si. Det var Anna Hauge. Syskena var misunnelige på han, for Anna hugsa på gudsonen si så lenge ho levde.

På Hiim bur han ennå. Han bygdehuset sitt på Flåtene, rett under Trollhammaren. Der har han sitt paradis. Det er det godt å vera for slekt og venner, ungar, fuglar planter og dyr. 


Barneflokken på Hiim i yngre år. Dette bildet er truleg tatt mens det ennå var  idyll i heimen. Då minstebarnet var to år døydde far deira, Magnus. Året etter døydde bestemor deira, Anne Marie Hiim. Det var eit gravferd til året i dei viktige åra for ungane. Dette prega dei for alltid, for som tida var før skulle ikkje slikt snakkast om til borna.



Ungane på Hiim veks til. Her står dei fint i rett rekkefølje etter alder: Ottar, Anne Marie, Tor, Valborg og Lars. 

Ein skøyar i tropehjelm. 



Tor byrja på realskulen på Sand. Det var ikkje store klassen. I klassen gjekk det og ei jente frå Sand som heitte Karen Bråtveit. Ho skulle seinare blir svigerinna hans og kone på Hiim. 

Realskulen på Sand hadde ennå ikkje fått eksamensrett, så dei måtte reisa til Sauda for å ta eksamen, eller Saude som dei sa før. Heldigvis hadde han slekt i Sauda. Han  fekk sove på loftet i arbeidarbustaden der onkelen hans budde. Om morgonen eksamensdagen gjekk han ned og sette seg på kjøkkenet. Han tykte det var rart at det sat ei framand dame der, men han tenkte at tanten hadde fått besøk. Han byrja å ete, men etter ei stund måtte han spørje kor tanten var. Dama gliste og peika ned i golvet. 
Det viste seg at Tor hadde gått i feil etasje. Tanten og onkelen budde i etasjen under. Slik kan det gå når alle husa er like og ein kjem frå Hiim. Kona i huset gliste breitt då Tor flau smaug seg ned ein etasje for å eta ferdig hjå tanten sin. Ein dårleg start på dagen, men eksamen gjekk godt likevel. 


Den unge Tor Kåre Hiim


På Hiimsmoen såg han ei fine jenta som besøkte søster si. Det var den finaste dama i verda. Ho var finare enn Sirikit i Siam. Det var ikkje lett å få tak i ei slik flott snelle, men Tor visste råd. Med verdas mest uvanlige sjekketriks fekk han napp.  Han inviterte på romantisk kveldstur og sa han skulle gi henne et skikkeligt "kiss of fire". Han bøyde seg fram, strekte hånda bak henne og tok på straumgjerde mens han kysste henne. Kven kan stå i mot noko slikt? 

Etterkvart som me ungane vaks til vart heimen til tante Anny og onkel Tor ein oase. Der kunne me gå når ingen andre hadde tid til oss. Eg hadde min eigen nattkjole der, og tronte i senga mellom dei. Då var eg i mitt ess, Dei to snille vaksne helt for meg sjølv.


Vår kjære onkel Tor er god å ha. Han trår til i alle situasjonar i livet vårt. Han er med på jakt, ber kjøtet or heia, slaktar og lagar det klart til frysing. Han er fast medhjelpar på Ung Husflid.
Der er han  høgt elska av dei 30 unge husfliderane. Han er alles onkel Tor.

Treng me hjelp er han der. Han har kontroll på herbarium, flora og fauna. For å sitere ein skøyar frå Suldal: " Det er ikkje den ting den mannen kan!"

Trollhammar druer 

Er det nokon som lir og har vondt så hjelper han dei på føtene att.

Han er med å held Gardvoren nøgd. 



Dagens kviss: kven er det som har kniv for eit kvart høve spent til eit belte?

Desse tre er dei viktigaste vaksne i livet vårt. 

Her er ein del av oss som er glad i deg onkel Tor!

ååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!
                          Åååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!
                              Å gid han leeeenge,
                                            leeeenge
                                            leeeve må!




                                            Gratulera med  dagen din, kjære onkel Tor!

torsdag 26. september 2013

Minne om mor

 
Livet vever på sin vev
Hva du gjorde, tenkte, skrev;
alle ting i veven står.
Livets skyttel går og går.
Noen kommer. Noen går.
Noen dør i livets vår.
Stjerner lyser hvite.

Så er dagen komen då me har følgt mor vår til grava. Dagen var uungåelig, men likevel uventa. Me trur jo me skal ha foreldra våre alltid.
Det varmar å sjå så mange som har tatt seg tid til å vere i lag med oss i dag.
Me hadde ei spesielle mor. Ho var snill og god som mødre skal vere. Me tenkte nok ikkje over det, men ho hadde ei evne til å sjå folk, vere der for dei, og få dei til å føle seg vel. Mor hadde livslange vennskap.
Mor for ikkje med store ord. Men ho hadde regien i det meste. Me pleidde sei at "mor bestemme, men far vett kje om det"

Mor kom frå ein  musikalsk familie. Dei var folkehøgskulefolk. Målrørsla og venstre stod sterkt,- og musikken. Bestefar, Ola, laga, og spela på feler. Han laga si eiga fele då han var 14 år. Han var i stallen og klipte hår av halen av øykjen og sette på båjen. Då skjøna oldefar at odelsguten aldri blei bonde. Bestefar var lærar på folkehøgskulen der dei og budde i 13 år. Tove Solheim spelar slåttar etter bestefar.
Bestemor, Anna, voks opp i ein heim der musikk og gudstru stod sterkt, I Fattnes var det så mange ungar at oldefar hadde sitt eige songkor der dei song fleirstemt. Dei spela melodiar som han sjølv hadde komponert. Olav Eikeland spelar ennå melodiar etter Dan i Fattnes.

Mor hadde sine første 12 år på Eide og hadde fine år der. Der vart alle søskena fødde. Mor var eldst. så kom tante Bibbi året etter. Dei var mest som tvillingar. Onkel Jostein kom til 5 år etterpå, og sist tante Dagrun i 1937 Mor heitte etter bestemor si i Bråtveit. Dei var 4 søskenborn  som heitte Karen. Mor har to barnebarn som heiter Karen. Både namnet og minna lever vidare.

Å veksa opp på Eide den tida var mest som å veksa opp i Bygdå. Dei var ikkje Sandbuar. Derfor er heller ikkje mor med på det store skulebilete frå Sand skule. Det var etter skuletid og ho var faren heim.
Mor var 13 år då krigen braut ut. Og som dei andre unge prega dette ungdomstida deira.

To år etter krigen var slutt fekk mor utferdstrong. Ho og venninna Aud Brommeland fekk jobb i England. Ein jobb dei fekk  via laksefiskerane i Sandsfossen.  Mor kom til ein kapteinsfamilie med fleire tjenerar. Mor var ei slags selskapsdame,og familien vart glad i henne. Dei haldt kontakten i alle år. først mrs Night, så sonen. Julekorta kom årleg heilt i over 60 år etter ho reiste frå england.
Å vere selskapsdame kunne vere vanskelig til tider. Dei skulle ein gong på helgebesøk til ein lord. Då måtte mor ete maten i eit rom for seg sjølv. For ho var ikkje av dei fine (upstairs), men ho var heller ikkje tenar (downstairs) Når slike seriar gjekk på fjernsyn kjende mor seg att i mykje.

Då mor gifte seg til Hiim blei det vel eit musikalsk sjokk. For der var det berre "drepte sangfugler". Men derimot kunne dei fortelje soger. Det vart  fortald seint og tidlig. Mor fortsette å synge. Ho song alltid. Til arbeid og i kvile. Ved sengekanten for barn, barnebarn og sist oldeborn.

                                          hiim 020

Mor og far var begge glad i folk. Dei haldt ein open heim. Ingen gjekk svoltne frå garden. Sommaren lang var det eit renn av folk. Me ungane flytte saman og låg anføttes for å gjere plass. Det var slekt og venner frå inn og utland. Frokostbordet stod på i fleire timar. Far åt alltid to frokostar. Då han gjekk i fjoset, og igjen når han var ferdig. Då stod gjestene opp.

Dei faste var onkel løland , Grandonkelen vår, Joyce frå England som Anne hadde møtt på Fjordsol. Lambert frå Stavanger som far hadde møtt i London. Lambert budde i Oslo og kom syklande hit jonsoktider kvart år. Faster Maria kom frå Toverud og låg i telt på Pyttaberget. Der kamperte også Klaus og Lisa frå Tyskland. Dei kom berre ned i garden ein gong, så kom dei att kvart år.
Albert kom frå Vegårdshei med familien. Han slo opp teltet på oppe på Tre. Faster Martha låg på salen. I folgehuset hadde bestemor sine gjester. Når tante Valborg kom frå England med søskenbarnea våre, då var livet perfekt for oss ungane.

Så var det fiskerar og andre gjester. Det var høg og låg, men på Hiim vart alle like. Like gjerne som ein visekonge av Siam, eller ein romforskar, gjekk og vaste i lågastråndå, kunne ein secret service-agent vere med å jage kyr. Eller guvernøren av Jammu og Kashmir gjekk til Vasstøl for å slappe av.
Som avslutning på sommaren kom Solvor og Lars frå Skrudland. Seinhaustes kom tante Bibbi på besøk med søskenborna våre frå Røldal. Fleire av mor sine fastrar og mostrar hadde og sin plass i huset.

                                         hiim 018

Slik vaks me opp og trudde alle hadde det likt.
Det var travelt for mor og far, men mor har ofte sagt, "det var travelt og eg var ofte trøytt, men det var SÅ gildt."

Når me blei større gjekk nokre gardar saman i avløysarlag. Slik kom Tone Brommeland i livet deira. Då fekk dei eit friare liv. Far henta reisekatalogar frå fleire operatørar om hausten,  så reiste de verda rundt,i stova. Men dei tok seg ut og reiste saman rundt om i verda. Den verda far hadde sett som sjømann.

                                         P1010135

Mor følgde med i tida. Ho hadde i si tid vore ein del av aministrasjonstrioen i Sand kommune, saman med Gunnar Lunde. Ho kunne skrive på maskin. Ho var ikkje snauere enn at ho for to år sidan kjøpte seg PC for ho ville lesa bloggen min.Ho var fasinert av " detta Facebook" Eg la ut eit bilete av 4 generasjonet på FB. Mor var øvegjidde over alle “likes.”

Det siste bilete eg  tok av henne, la eg ut på sida mi. Ho sat så fin med glimt i auga. På eit blunk hadde ho fått meir likes enn eg og ungane har fått tilsaman. Eg måtte lesa opp alle kommentarer, og vise kven som lika dette. Ho var fascinert over den muligheten det låg i dette. "Nei tenk at den og den har sett dette." smilte ho og ba meg helsa dei.

Mor hadde vore sjuk heile sommaren. Meir sjuk enn me visste. Det vart ikkje tatt heilt på alvor for ho hadde så mange plager. Det var først det siste året mor av og tid klaga seg over smerter. Likevel hadde ho omsorg for korleis me hadde det.

22. august kom ho på sjukeheimen. Ho kom aldri til Hiim etter det. Ho hadde store smerter og plager. Tilslutt fekk ho komme til sjukeheimen att for vidare behandling Det var ho letta over, og den dagen sat ho seg opp i stolen ein time.

Fredag 13. september kom ho til sjukeheimen att. Då hadde ho vore tre veker på sjukehuset, og det hadde svinga veldig. Me visste ikkje korleis det skulle gå, men ofte hadde me trudd det var slutt, men så fekk me nye ark og fargestifter tell...                          

Me fekk vere med henne heile tida. Me delte på det. Ho sa ofte: "koss sko eg klart meg utan dåkke." Det var godt å endeleg få gi noko tebars. Me fekk prate, synge til henne, og pusle rundt henne mens ho var sjuk.
Då sjukdommen blussa opp at sa ho at no ville ho ikkje meir. Ho tok regien der og. Klart og mildt forklarte ho legen korleis ho ville ha det. Legen var litt overraska men han såg poenget hennar. "Eg har sett medisinlista di" sa han.

Ho tok farvel med oss, og ba om prest. Då presten hadde vore der, var ho klar. Det var fint og det var vondt. Mor ba oss helse til alle kjende, til dei som hadde tenkt på henne, og dei som ba for henne. Ho sa ho hadde hatt eit godt liv, ho fekk den mannen ho ville ha, og jammen var ho nøgd med ungane sine og.

Aldri skal me meir sei: "eg skal spørje mor, hu vett det. Det må eg fortelje mor" Me delte så mykje. Og det blir ei stor sakn å ikkje kunne dele det lenger.

Ingvar Moe har eit fint dikt som mi venninne Anne Elise Winterhus sende meg då far døydde. Det heiter:
Pitla Bringebær
(det er hans dikt om  døden)  Dette diktet passar godt i denne stund
Tenk om det var sånn:
snille fingrar fer spørjande over deg, ristar litt i busken.
Er du ferdig nå?

Mor var ferdig. Ho var klar og ho fekk kvila. Me skal glede oss over det, men me sørger over tapet. Fred vere med deg mor. Amen.


                               
                                         Det siste bilete av mor.