fredag 20. april 2018

Kirsten Hiim til minne



Det var med stor sorg me fekk høyre at Kirsten var død. Me visste det skulle skje, men me visste ikkje dagen og timen. Det er alltid alt for tidleg.

Det var ein fin dag. Eg gjekk ut i hagen og såg på det spirande livet. Alt går vidare enten me vil det eller ikkje. Me som er att må prøve så godt me kan.

Eg veit ikkje om ei tid utan Kirsten. Kirsten var mi første venninne. Me var og tremenningar. Me ungane vaks opp på Hiim og var mykje i lag. Me på garden og dei i Grushålå. Me var venner og foreldra våre var venner. Slik hadde det vore i generasjonar.  Torild og Magnus, Anne og Marit, Kirsten og eg, Lars Åge og Jane var omlag på alder.


Marit, Kirsten (bak) Anne, Jørgen, Emilie, Liv på sykkelen og Karen, alle Hiim

Då me var tre ungar i kvar flokk budde dei hjå oss i fleire veker mens Emilie sat ved sjukeleie til faren sin i byen. Mor skulle ta ungane ut, men Kirsten fekk ikke vere med for ho var for liten. Men ho var ikkje mindre enn at ho klarte å klyppa den nye voksduken til mor i to. Den passa ikkje lenger på kjøkkenbordet. Men det var ikke ho som hadde gjort det. Duken enda på bordet på Torgålen. På Torgålen var me ei påske stua saman to familiar på eitt rom. Gode venner gir husrom og hjarterom.


Marit, Ragnar og Turid Næss, Lars med Lars Åge på fanget, Karen, Liv, Anne og Kirsten på Torgålen

Kirsten var mi heltinne. Ho var fantasifull og kreativ. Ho var flink i alt ho gjorde.
Heile Hiim var vår leikeplass. Me leika på garden, ved Lågen, i heia, langs vegen. Lommebok i vegen var vår favorittsysle ei tid. Kjeda me oss,sprang me opp til Stemmen og kasta steinar i vatnet før me sprang ned att og inn til Kirsten for å eta risnøtter med melk og sjokoladepulver.
Me serverte Helga, Kirsten si bestemor, fine spiralloffskiver med hønsemjølsalat. Og me laga skogbrann i lag med Turid.


blomsterpikene; Liv og Kirsten

Kirsten blei konfirmert 3 år før meg. Høgtideleg anonnserte ho at nå kom ho nok ikkje til å vere med meg meir sidan eg var ukonfirmert og ikkje kunne gå på dans. Men etter nokre veker hadde ho glømt det, og me var i same tralten.
Kirsten fekk lydbånd til konfirmasjonen og me trava langs hovudvegen mens me huja og song til alle dei fine popsongane ho hadde tatt opp. Me song til dømes "Ba ba ba ba baberann". Først mange år etterpå fann eg ut at det var songen om "Barbra Ann".

Då eg budde vekke såg me ikkje kvarandre så ofte, men tonen var der heile tida. Me er heldige som får ha venner heile livet, og som har foreldre og besteforeldre som også har vore venner. Det gir eit særs band. Dei seinare åra har me hatt vår eigen pinsevennforening og me feirar nyttår saman, me vennene frå tidenes morgen.



Hiimsjenter i godt lag. Kirsten, Anne og Torild

Kirsten var sjuk i over 20 år til saman. Sjukdommen bar ho med verdighet. Aldri klaga ho og aldri plaga ho nokon med den. Me måtte spørje før ho sa noko. Eit førebilete der også.

Friluftsmennesket blei ein god fotograf etter kvart som ho ikkje klarte å gå så langt og lenge. Då skifte ho fokus lett mot dei små motiva. Instagramkontoen hennar var full av nydelige stemningsbilete.



23. august på Torgålen. Super bursdagsfeiring.

Eg kjem alltid til å bere med meg den siste champagnefesten vår på Hiimsmoen. Kirsten, Anne og eg. Me feira livet med bobler og godt prat, sjølv om Liva syns me var tamme drankerar.

Kirsten er alltid i våre hjarter. Takk for alt du var for oss. Kvil i fred. Det har du fortent.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar