søndag 12. desember 2010

Kjøt og supa

Noko av det beste som finns er kjøt og suppe. I min barndomsheim stod det på menyen, og mors løksaus var verdens beste. Som vaksen med eigen heim ville eg vidareføre denne retten. Men det var ikkje lett. Det blei aldri som mors.

Matlaging er kunst. Ikkje alle meistrar denne kunsten. Men som formingslæraren min på vidaregåande sa: "Talent er 10 prosent, hardt arbeid er 90 prosent!" Så ved å prøve på nytt og ikkje gi opp, kan ein overvinne mangel på talent.

Først etter mange års prøving og feiling fekk eg taket på kjøtt og suppa. Eg knekte koden for balansering av sausen. Og med gode mjølne poteter vart det verkeleg smakfullt. Nå kan eg servere ungane mine verdens beste kjøtt og suppe... fohåpentligvis

DSC00100 (2)

Dagens kviss: Kva er trikset for å få løksausen perfekt balansert?

lørdag 11. desember 2010

dagens vinnar

Me har ein vinnar.  Anne gratulerer!   svaret er fatique

Duracell eller Polynevropati

Ein del av oss hugsar nok Duracell-kaninreklamen. Om den elleville kanina som gjekk på duracell-batteri. Ho for rundt og tromma iherdig heilt til ho vert utbrend og bråstoppa. Ved sida var der ei anna kanin. Ho gjekk på "vanlige" batteri. Halvvegs ut i tromminga byrja ho å bli sløv. Rørslene blei langsomme. Ho flytta seg seint, og sakka etter den elleville. Halvvegs til målet var ho heilt død. Tom for strøm, livlaus...

Å ha den ærverdige sjukdommen polynevropati kan samanliknast med å vera den "vanlige- billig-batteri-kanina".  Me startar overmodigt og ambisiøst som alle andre, men ikkje ein gong halvvegs til målet går me tome for straum og ligg som slakt.
Fleire batteritypar er oppladbare og gir energi nå ny og på ny. Men våre batterier er av ein slik type at dei ladar seg veldig sakte opp igjen.

Eg vil og vil og vil, men får det ikkje til....

Då kjenner eg orda som  Bjørnstjerne Bjørnson lar Taylor seie i skodespelet  "Maria Stuart i Skottland ", utan samanlikning forøvrig   -Hver gledesstund på jord betales må med sorg.


Kjære julenisse : gi meg superduracell- batteri til jul!!

                                                Tomt batteri på tur

Dagens kviss: Kva er det medisinske ordet for tomt batteri?

fredag 10. desember 2010

dagens vinnar

Me har ein vinnar tidlig på morgonen. Anne!
Heilt rett 4 nye fargar i  lanett. Gratulerer

medaljens bakside

 Alle medaljer har ei bakside vert det sagt. Det er jammen sant. Og den baksida kan vere svært så vrang.

Eg likar å spøte. Å spøte kan vere kjekt. I allefall så lenge me slepp alle småpinnane. Helst likar eg rundpinnar. Det er enkelt og greit.

Det er spanande å sjå spøtet vekse . Garn blir til huer, armar og bein. Og dette blir til genserar, bodyar, eller kva  det nå  er eg spøter.

Men så kjem det. Medaljens bakside. For når ein snur arbeidet vrimlar det av lause endar. Kvar og ein av dei må festast godt slik at ikkje arbeidet raknar og blir til... ja trådar.

Mønster er fint og gjer seg på arbeidet, men ingen tenker på baksida. Kvar gong eg sit med eit slikt virvar som du ser nedfor  tenker eg at neste gong,..neste gong går eg for flammegarn, eller iallefall einsfarga og utan mønster.

Men så rotar eg meg inn til Ragnhilds garn og klær, og då er det gjort. Eg kjem ut med eit fint mønster og masse fine fargerike garnnøster. Så er det berre til å gå i gong igjen. ragnhilds garn og klær

DSC00092
Medaljens bakside

Dagens kviss: Kor mange nye fargar i Lanett har Ragnhilds garn og klær fått inn i oktober?

torsdag 9. desember 2010

dagens vinnar

Aktiv meiningsutveksling på bloggen i dag.  Kan anbefales. Der er alt frå engasjement til religiøse opplevelsar:).
The librarian bitch var først ute med rett svar. Gratulerer! rett svar: kast i bosset, helst ditt eige
 Dagens beste innnlegg : Bag that poo- any rubbish will do

The Dog Poo fairy finns ikkje

Drit er ikkje kjekt å trø i. Drit trør me i heile tida når me er ute på tur.
Som sikkert alle har fått med seg har eg vore i England, og der fekk eg masse inspirasjon. Engelskmenn likar heller ikkje å trø i drit.
Dei har nok sikkert sett det samme som eg; at nokre hunde-eigarar plukkar driten fint opp i posen, knyter den og kastar den frå seg. 

Då har engelskmennene funne ut at dei må ta ein illusjon frå sine innbyggarar. Dei som feilaktig trur at ein Fe fyk bort med posen. 
Denne plakaten fall eg for. Den er litt vanskelig å sjå for den var inni ein monter. Men teksten er slik: “There`s no such thing as the Dog Poo fairy” med eit fint bilde av ein rosa Fe som fyk vekk med dritt-posen
DSC00112

Så kan eg  fortelje dykk at mange i Norge og trur på  “the Dog Poo fairy”. Denne sirlig knytte hundeposen fann eg i vegkanten på Hiim, på vegen opp til Stemmen.  Eg fann den i vår og sidan the Dog  Poo fairy ikkje finns ligg den vel der ennå…. ..

DSC00073
Dagens kviss: Kva skal folk gjere med hundeposane?

onsdag 8. desember 2010

dagens vinnar

Me har ein vinnar. Gratulerer Anne!
Rett svar: i Suldal skyt dei jula inn.

Julepølse julepølse

Julepølse dementi
Bloggen min er berre tre veker gammal, men allereie har eg måtte  svelge min første kamel.  ;)
Eg har i mange år irritert meg over at julepølsene går ut på dato i advent. Pølsene er så gode og eg ville helst ha ete dei i jula. Men fordi dei  ikkje held lenger enn til  rundt 2. søndag i advent har me ete dei som adventspølser. Derfor ville eg helst forandre navnet til adventspølser!

Dette har fått Rimi kjeden til å vakne. Dei meinar navnet skal vere julepølser fordi dei varer heile jula. Dei kan ikkje forstå at eg ikkje har funne lengre-levende pølser.

I går tikka dette bilde inn til bloggen min, frå sjefen på Rimi Sand; julepølser som varet heilt til 10 januar. Eg gir meg. Julepølsa skal få ha navnet sitt i fred og eg berømmer Rimi som engasjerte seg i saka.



                                         denne julepølsa varer heile jula

Dagens kviss: Kva juleskikk har dei framleis i Suldal for å markere jula?

tirsdag 7. desember 2010

Kviss- vinnaroppdatering

Ein  oppdatering av min litle morgonkviss:


the librarian bitch  14
Tord                     14
Anne                      5
Lutten                    2
Viggo                     2
                  

Spenninga stig. Dei knallharde kvissarane ligg likt, men Anne begynne å gjere livet surt for dei.
Kvissen går til me har ein person med 20 rette. Hiv dykk på, så varer den lenger.  Og desse to første på lista får hardare konkurranse.

Kvissen tar julehelg første og andredag. De kan sova lenge frampå, men mandag 27. er den tilbake. Blogginnlegga går som vanlig.