Alle medaljer har ei bakside vert det sagt. Det er jammen sant. Og den baksida kan vere svært så vrang.
Eg likar å spøte. Å spøte kan vere kjekt. I allefall så lenge me slepp alle småpinnane. Helst likar eg rundpinnar. Det er enkelt og greit.
Det er spanande å sjå spøtet vekse . Garn blir til huer, armar og bein. Og dette blir til genserar, bodyar, eller kva det nå er eg spøter.
Men så kjem det. Medaljens bakside. For når ein snur arbeidet vrimlar det av lause endar. Kvar og ein av dei må festast godt slik at ikkje arbeidet raknar og blir til... ja trådar.
Mønster er fint og gjer seg på arbeidet, men ingen tenker på baksida. Kvar gong eg sit med eit slikt virvar som du ser nedfor tenker eg at neste gong,..neste gong går eg for flammegarn, eller iallefall einsfarga og utan mønster.
Men så rotar eg meg inn til Ragnhilds garn og klær, og då er det gjort. Eg kjem ut med eit fint mønster og masse fine fargerike garnnøster. Så er det berre til å gå i gong igjen. ragnhilds garn og klær
Medaljens bakside
Dagens kviss: Kor mange nye fargar i Lanett har Ragnhilds garn og klær fått inn i oktober?
Vett du ka, Liv? Det der var eit håplaust spørsmål.
SvarSlettVill gjwtting her: 5 nye
4 Nye farger.
SvarSlettHelsing Anne og Anette
Sjå, eg e oppe ! :)
SvarSlettAnne Gratulerer! 4 nye fargar .
SvarSlettTil the librarian bitch, ga hjelpetråd og eg, til sida hennar der det stod! :) Det var nok fortidlig for deg.