mandag 27. desember 2010

Pusletid



Juletid er pusletid

Eg er veldig glad i puslespel, men som regel strekk ikkje tida mi til slik "vas". Derfor er eg så glad i romjulsdagane. Då skal me ikkje gjera verdsleg arbeid. Alt arbeid skal vera ferdig til 21. desember, ellers kjem Åsgårdsreia og tar oss. 

I romjula skal ein halda helg. Då kan eg endeleg ta fram puslespelet som er innkjøpt i god tid. Av og til klarer eg to. Puslespelet må minimum vere på 1000 bitar. Helst likar eg dei på 2000 bitar, men dei er litt uhamslege å jobbe med.

I år har eg kjøpt inn ei søt jente i rosa med blomar i håret. Kun 1000 bitar. Ofte er bitane annleis enn framsidebildet. Det er store forskjeller i fargane.

Det rare med pusling er at hjernen jobbar utan at ein veit det. Ofte sit eg fast. Ingen bitar ser ut til å passe. Eg sit og studerer puslespelet, så plutselig tar handa mi opp ein bit og set den ned ... og den glir på plass. Eg blir like overraska kvar gong...

 Jula 2009


Jula 2008  Dette bildet sleit eg litt med, for det hadde altfor mange hjørner. Så viste det seg at det var to bilder i eitt.

Dagens kviss: Hjernen består av to hjernehalvdeler som har nerveforbindelsar. Kva skjer om ein kuttar forbindelsen?

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch27. desember 2010 kl. 11:51

    Ein ting er jaffall sikkert - du ville nok slita voldsomt med puslespela dine.
    Hjernen har to halvdeler som arbeider i harmoni med hverandre gjennom corpus collosum (som består av 300 millioner aktive hjerneceller/ neuroner). Corpus colossum formidler millioner av beskjeder mellom høyre og venstre hjernehalvdel hvert sekund.
    Hjernen består som sagt av to hoveddeler (hemisfærer); høyre og venstre. Hver for seg tar de "hovedansvaret" for ulike aktiviteter i hjernen. Nå er det ikke slik at en aktivitet kun skjer i den ene av de to halvdelene (de samarbeider), men hjernen har ulike sentra hvor de kjemiske prosessene som gir oss våre ulike ferdigheter befinner seg. Dermed kan vi si at ulike ferdigheter er lokalisering til bestemte deler av hjernen. Hjernehalvdelene forbindes som sagt via corpus colossum, et komplekst koblingssystem som utveksler informasjon mellom dem og får høyre og venstre hjernehalvdel til å samarbeide.

    SvarSlett
  2. Imponerendes!!!! Heilt rett.. lite pusling etterpå.

    Me blir ganske rolige og avslappa også. Har du sett "Frances"? Filmen om Hollywood stjerna som blei tvangslobotomert av mor si for hu var for oppesen?

    SvarSlett
  3. the librarian bitch27. desember 2010 kl. 13:33

    Jepp, såg filmen ein gong i tida. Trur eg og blei lobotomert ein gong :-)

    SvarSlett
  4. Ja, det føles slik for nokon kvar, spesielt i førjulstida.
    Eller som i mitt tilfelle: Eg mista i følge søster mi, min mentale balanse på Coopen litle julafta. Datter nr 3 heiv brusflasker oppi korga, oppå blomane som eg uttrykkelig, minst 3 gonger,sa at dei måtte passe på så dei ikkje blei ødelagde.

    Eg får anfall!!!! Då kjem Anne; men Liv har du mista din mentale balanse? ;)

    SvarSlett