onsdag 15. desember 2010

Spre et lys i mørke

I går var det Luciadagen.  I gamledagar var Luciadagen på den mørkaste dagen i året. Den dagen då åsgårdsreiå var ute og herja om du ikkje var ferdig med førebuinga til jul.

Men heldigvis fekk pave Gregorius 13. endra på det slik at luciadagen kom på den 13. desember. Så, nå er det berre gode folk, som vil alle vel, som er ute og farter denne vinterkvelden.

Her ser de eit døme på gode lys-spreiarar. Antalet aukar kvar år.  Det byrja så smått for fleire år sidan med tre personar. Dette året varma 12 personer opp med luciasong, kakao og lussekattar før dei  gjekk ut med song og lussekattar og spreidde lys og glede. i alle fall i eigne auger.

DSC02154 DSC02156
Me øver på Lucia songen.  Tenk me hadde to Luciaèr, tre stjernegutar og sju terner
DSC02158 DSC02159
Det byrja bra, men ser ut som eit snev av  åsgårdsrei
DSC02160
Klar for avmarsj

Dagens kviss: Kva heitte kalenderen me hadde før den gregorianske?

5 kommentarer:

  1. Før den gregorianske, brukte dei den julianske kalenderen som Julius Cæsar innførte i år 46 f.Kr!!

    Tjoho

    SvarSlett
  2. the librarian bitch15. desember 2010 kl. 07:48

    Her var Anne tidlige på 'an. Eg kasta vekk tida på å gi råd pm barneoppdragelse via facebook :-) Sjekker fasiten om Anne har rett. Og det hadde hu. Her på berget snudde me vel helst berre på primstaven. Gjorde det enkelt. Åsgårdsreia va fele sa dei etter gamalt. Ein gong for hu oppøve Setesdalen, for øve heiå og til Suldal. Ho dundra felt då ho for øve Bråtveit - husar dei gamle. Dette og litt til skal du få meir om når eg berre kjeme meg på jobb.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch15. desember 2010 kl. 07:50

    Ja og så må eg berre sei at det var fantastiske bilete, men eg tøkje det manglar nåke her: eit naturleg midtpunkt?! Kan det vera meg tru?

    SvarSlett
  4. Anne!!!! Gratulerer, du viser ekte sportsånd! Du er dagens vinnar.

    SvarSlett
  5. The librarian bitch; godt du sjekkar fasiten og ikkje slår deg til ro med første innleverte svar ;)

    Eg likar godt å få innspel på bloggen min. Takk skal du ha. Tek gjerne i mot meir om du kjem deg på jobb :)

    SvarSlett