fredag 24. desember 2010

Glade jul, hellige jul...

Så kom julafta. For fort for nokon, altfor sakte for andre. Me som feirar jul gjer det på ymse vis. Skikkane har endra seg gjennom tidene. Men nokre skikkar held seg; Graut til nissen og innskyting av jula.

I Salveson si "Bygdasoga for Sand i ryfylke" fortel min oldefar fødd i 1856 om gamle juleskikkar. Skikkar frå tidleg 1800 tal.

Dei starta om hausten med førebuing. Ved slaktinga tok dei  sauetalg og laga julelys.  "smalatalg" gav snøkvite lys. Dei skulle vere 50- 60 cm høge og 4 cm i diameter. To - tre veker før jul starta mora hans til med ølbrygging. Men før dei kunne starta måtte kjera dei brukte vaskast, bakast og tettast. Når det var klart skulle naboane smaka på ølet. 1 kanne gjekk med til det. Brennevin vart bestilt; eit anker på 40 potter. ( dei skulle få  nok  promille i julahelga)
Kvart år sende folket på Hiim julekaker til Løland og dei på Løland til Hiim. Kirsti kom frå Løland og var tanta til  den no så kjende Rasmus.

På bordet dekka med snøkvit heimevoven linduk stod:  lutafisk, risengrynsgraut, smør, skrukkebrød ( flatbrød lagt 4-dobbelt) Den store sølvkanna full av øl, klunkeflaska med brennevin, sølvstaup, stor messinglysestake med julelyset, gravert lysesaks,  kniv og skeier av sølv til kvar tallerken. Alt pussa pussa så det skein.
Etter maten var det andakt med lesing av juleevangeliet og dei song julesalmar. Julelyset brann heile natta. Fram til ca 1860 låg alle i stova den natta.

Første juledag stod mora opp først og serverte alle ein dram og sukkerkringle, eller julegeit på senga. Folk for i kyrkja, eller heldt seg heime og song og las bibelteksten.

Andre juledag kom julagutane i flokk og fekk mat og dram. Det var leik og moro, soger og eventyr. På kvelden kom fela fram og det vart dansa i stovene.
Lars Hiim fortalde dette i 1927, det året han døydde.

Messinglysestaken, den gamle linduken og den gamle bibelen er framleis på bordet julaftan på Hiim. Skeiene heng nypussa i framskapet, altfor store til å eta med.

Risengrynsgrauten blir framleis servert på Hiim, men lutafisken er bytt ut med pinnekjøtt.

Den første gongen svogeren min feira jul med oss, (ca 1973) har brent seg inn i minnet hans. Alle sat rundt bordet. Grauten stod klar i skålene mens far tok fram den gamle bibelen og las juleevangeliet. Alle sat rolig. Bestemor og bestefar var og der. Gert var ikkje spesielt begeistra for graut, så han var glad det berre var ei lita skål til kvar. Lars Åge på rundt 8 år klarte ikkje å vente. Brått sette han i eit høgt hyl.  Gert trudde han hadde skambrent seg, me andre tok det roligare, for me skjøna kva det var; Han hadde funne mandelen, og det midt i julaevangeliet!

På kvelden tok bestefar fram fela og spela  julesongar og me song. Det var mange rundt bordet, liv og røre, og aldri heilt jul før nokon hadde grene. Første juledag gjekk me ingen plass. Andre dag og utover var det juleselskap.

I romjula gjekk me julabukk ( 1800-talets julagutar) Det var dei vaksne som gjekk og me små dilta med.  Dei gjekk  frå Hiim til Foss. Der enda me hjå Torbjørn Foss, og der fekk eg som 6 åring min første juledram!

Vedlegget som skulle stått her er på grunn av manglande teknisk innsikt lagt ut i eige blogginnlegg.

Julekvissen tar juleferie frå i dag, men er tilbake mandagsmorgon. I romjula kjem innlegget ut klokka 10 for å ta hensyn til dei som har juleferie.

I staden for kviss håpar eg de vil dele juleminner med oss her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar