I dag gjorde eg ein stor oppdagelse. Eg skulle pante flasker. Som regel går det greit. Av og til er det flasker som er gjenstridige og nektar å resirkulere seg. Men etter et par omgangar i automaten gir dei seg som regel.
I dag var dei ei svart flaske som nekta å gjenfødast. Som vanlig når eg står overfor ein maskin blir eg veldig utålmodig og påtar i veg. Denne gongen var den svarte meir iherdig enn meg. Eg stoppa opp og begynte å lesa. Men der er ingen lesekode. Eg tenker at den har falle av i skulesekken. Men nærlesing av etiketten gjer med overtydd om at denne flaska ikkje kan resirkulerast, ergo ingen pant.
Kanskje svarte flasker ikkje kan få eit nytt liv, men eg må sei at å nekte dei pant er beint fram diskriminering. Her i landet får me lære at alle er like viktige, så driv Ringnes A/S diskriminering i stor skala.
Det er eg heilt i mot. Eg syns ikkje dei svarte flaskene skal liggje å slenge i vegkanten mens dei kvite syskena blir gjenfødde og kan bli til glede for folk.
Så eg vil oppfordre folk å stå på og kreve at Ringnes gjer alle flasker likeverdige.
Ja til pant på alle flasker!
Desse to får ikkje ein nytt liv
Dagens kviss: Kven var det som ville bli resirkulert i ein pantereklamen på tv?
God morgon
SvarSlettDagens kviss gidde eg ikkje bry meg med. Eg overlate den til dei som ser reklametv. Altså TV2 og andre kanalar for undermålarar. Pantemaskinen t Rimi-guten raikkje alle kvite heller. Dette gode Tuborg-ølet som eg har drukke eit visst kvantum av før doen fraus te, får heller ikkje bli gjenfødd. Dei må eg bera den lange vegen opp til containeren i Dalane. Der må nok svartingane og. Men at det er rom for ein folkeaksjon eller ei facebookgruppe "for oss som vil at panteautomaten skal ta alt" er ganske sikkert.
Ventar spent på at Rimiguten skal stabla seg på føtedn og komma med rett svar om kven det er rom for i herberget evt himmelriket.
hahaha. Stod du opp så tidlig, så kunne du ikkje svaret. Det var kje kjekt. ja, eg er for ein folkeaksjon. Likhet for alle flasker, også Tuborg.
SvarSlettodd børresen. eg googla :)
SvarSlettOdd Børresen seie me og...(sjølv om lutten slo oss med 5 min;))
SvarSlettHelsing dei 2 tøttene nedføre...
Ja, gjett om Lutten var glad i dag :) Er det kaldt ned i bakken hos tøttene? her er det -11.5
SvarSletther er det "bare" - 11,2;)
SvarSlettHahaha.. ja panteautomater er svært diskriminerende vesen.. ikkje bare nekter den å ta imot svarte flasker, den nekter faktisk de fleste utenlandske importflasker (carlsberg, smirnoff osv.. ) bare fordi dei ikkje er fødd i Norge med norsk panteattest..
SvarSlettEr dette rasisme fra Tomra sin side tru? :-P
Den kommentaren var fra meg.. eg var visst anonym.. -Tord
SvarSletthei Tordus anonymius!
SvarSlettEg syns ikkje tomra skal få lov til å diskriminere våre flasker sjølv om de er fødd i utenlandet. Me vil ikkje ha slik rasisme i Norge.
Ein jobb for UD? ;)
Kansje tida er inne for ein kanpanje. Kva med buttons med teksten: - mobb ikkje flaska mi!
Det syns eg så absolutt..
SvarSlettMen det er noen typer flasker eg skulle ønske blei diskriminert..
F.eks. bokser fyllt med sneiper og snus (koss trur du det ser ut på bakrommet når sånne går igjennom komprimatoren?) Eller flasker brukt til å gi melk til lam osv.? (kunne de ikkje skyllt dei først iallefall, så eg slipper sur melkelukt på lageret?) :-P
Og flasker fulle med vann som hentes i garasjen i 20 minusgrader vil alltid stoppe maskinen.. Den er rett å slett ikke lagt for å knuse is.. :-P
obs, den siste varianten har eg visst synda mot.
SvarSlettTenker det til tider lukter askebeger og gammel fest på bakromma i butikkane.
Me får legga oss dette på minnet :)