Eg har vore i England. I England har dei det meste. Engelskmenn er særs høflige. Dei første dagane eg var der vart eg heilt stiv i kjakane av all smiling og høflighetsfraser som skulle utvekslast. Etterkvart fann eg ut at det var koselig.
I stadenfor å brøyte seg veg, skubbe folk overende og presse seg fram, eller sei “tut tut “ og storme på, så sa dei: excuse me, sorry ,og det var: my darling, dear, love, cheers, thank you, your welcome, og ei heil rekke med fraser eg ikkje hugsar lenger.
Eg forstod eg byrja å bli engelsk når eg sa: oh excuse me, når ei dame trødde på tåa mi. Då var det på tide å reise heim. Nå merker eg at eg ikkje likar når folk presse seg fram og veltar meg mest overende.
Eg vil ikkje bli engelsk, men eg har stor tru på den gylne middelvei. Kva med å smile og sei noko høfligt i kvardagen og sjå korleis folk tiner opp og smiler. Spesielt nå i den travle førjulstida der alle hastar avgarde utan å sjå seg om, eller for.
Ein annan lur ting dei hadde i England var parkeringsplassar for ektemenn. Ektemenn som må vere med på julehandel fordi dei trengs til å bære varene heim.
parkering av ektemenn
Dagens kviss: I kva by ligg universitetet i East Anglia?
kommentarfeltet virker
SvarSlettAt eg ikkje hadde forstått at eg måtte trykka på det som sto med lite oransj skrift for å få opp kommentarfeltet
SvarSlettTidlig på morgonen) ;) Men dataverden har vore litt krøkkelte i går og er det visst ennå. I allefall du hadde rett på kvissen. Gratulerer!
SvarSlettMen svaret er framleis Norwich
SvarSlettja, svaret vart lese av på mobilen og du er kåra som dagens vinnar:)
SvarSlettMen når eg les på det skiltet så kunne det meste tolkast som om du var der (det var du jo forsåvidt og) eller at ektemenn kunne parkerast hos deg ... he, he, he... Trur du det e någen som tar an?
SvarSlettEg såg navnet mitt først, eg og ! ;) Så eg følte skiltet ropte på meg. For ein plass: meg og ein haug med parkerte ektemenn :) ;)
SvarSlett