mandag 6. desember 2010

Richard Løvehjerte

Eg har lese ei bok; “Løvehjerte “av Thorvald Steen. Det er ei bok som eg helst ikkje vil leggje frå meg. Ikkje fordi den var så fantastisk. For det var den ikkje. Til tider blei eg irritert, men boka fenga meg, for den snudde om på ting.  Eg kunne ikkje legge den frå meg, før den var utlest. Vil du lesa ein annan slags historisk roman, så er dette boka.

Dei fleste har høyrt om Richard løvehjerte, nokon har kanskje også eit forhold til han. Dei som har lese Robin Hood veit at Richard var i Jerusalem og seinare fange i Tyskland og at Johan “utan land “styrde i England.

Steen sin “Løvehjerte “er ein mann som lever i skyggen av si eiga myte, ein fanatisk hærførar som skal erobre det heilage landet, men som endar i fangenskap.

For å sette det heile i perpektiv:  Richard ,konge av England ,kunne ikkje engelsk. Dronninga hans, Berengaria, sette aldri si fot i England. For desse engelske kongane styrte over deler av dagens Frankrike, og kriga for å halde sine områder: Anjou, Akvitania og Calais. Helst ville dei ha Frankrikes krone på hovudet.

Så litt slektsbakgrunn; Richard var ein av 7 heil-sysken. Faren var greve av Anjou og Maine, hertug av Nordmandie og konge av England. Mora Eleanor var kongsdotter frå Akvitania. Ho var først gift med den franske kong Ludvik VII som ho hadde to døtre med.

Richard døydde 42 år gammal av kolbrann etter pilskot.
Han døydde barnlaus og broren, Johan, fekk seg endelig eit land.

Picture 54
“Løvehjerte” historisk roman

Dagens kviss: Kva nummer i rekkja var Richard? ( hans romer-tal)

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch6. desember 2010 kl. 07:34

    Han var den første I

    God morgon forresten :-)

    SvarSlett
  2. Heilt rett. Det var visst ingen andre som våga seg ut på denne. Gratulerer!

    SvarSlett