fredag 24. desember 2010

Jakob Galland om julasalutt i Suldal

Glade jul, hellige jul...

Så kom julafta. For fort for nokon, altfor sakte for andre. Me som feirar jul gjer det på ymse vis. Skikkane har endra seg gjennom tidene. Men nokre skikkar held seg; Graut til nissen og innskyting av jula.

I Salveson si "Bygdasoga for Sand i ryfylke" fortel min oldefar fødd i 1856 om gamle juleskikkar. Skikkar frå tidleg 1800 tal.

Dei starta om hausten med førebuing. Ved slaktinga tok dei  sauetalg og laga julelys.  "smalatalg" gav snøkvite lys. Dei skulle vere 50- 60 cm høge og 4 cm i diameter. To - tre veker før jul starta mora hans til med ølbrygging. Men før dei kunne starta måtte kjera dei brukte vaskast, bakast og tettast. Når det var klart skulle naboane smaka på ølet. 1 kanne gjekk med til det. Brennevin vart bestilt; eit anker på 40 potter. ( dei skulle få  nok  promille i julahelga)
Kvart år sende folket på Hiim julekaker til Løland og dei på Løland til Hiim. Kirsti kom frå Løland og var tanta til  den no så kjende Rasmus.

På bordet dekka med snøkvit heimevoven linduk stod:  lutafisk, risengrynsgraut, smør, skrukkebrød ( flatbrød lagt 4-dobbelt) Den store sølvkanna full av øl, klunkeflaska med brennevin, sølvstaup, stor messinglysestake med julelyset, gravert lysesaks,  kniv og skeier av sølv til kvar tallerken. Alt pussa pussa så det skein.
Etter maten var det andakt med lesing av juleevangeliet og dei song julesalmar. Julelyset brann heile natta. Fram til ca 1860 låg alle i stova den natta.

Første juledag stod mora opp først og serverte alle ein dram og sukkerkringle, eller julegeit på senga. Folk for i kyrkja, eller heldt seg heime og song og las bibelteksten.

Andre juledag kom julagutane i flokk og fekk mat og dram. Det var leik og moro, soger og eventyr. På kvelden kom fela fram og det vart dansa i stovene.
Lars Hiim fortalde dette i 1927, det året han døydde.

Messinglysestaken, den gamle linduken og den gamle bibelen er framleis på bordet julaftan på Hiim. Skeiene heng nypussa i framskapet, altfor store til å eta med.

Risengrynsgrauten blir framleis servert på Hiim, men lutafisken er bytt ut med pinnekjøtt.

Den første gongen svogeren min feira jul med oss, (ca 1973) har brent seg inn i minnet hans. Alle sat rundt bordet. Grauten stod klar i skålene mens far tok fram den gamle bibelen og las juleevangeliet. Alle sat rolig. Bestemor og bestefar var og der. Gert var ikkje spesielt begeistra for graut, så han var glad det berre var ei lita skål til kvar. Lars Åge på rundt 8 år klarte ikkje å vente. Brått sette han i eit høgt hyl.  Gert trudde han hadde skambrent seg, me andre tok det roligare, for me skjøna kva det var; Han hadde funne mandelen, og det midt i julaevangeliet!

På kvelden tok bestefar fram fela og spela  julesongar og me song. Det var mange rundt bordet, liv og røre, og aldri heilt jul før nokon hadde grene. Første juledag gjekk me ingen plass. Andre dag og utover var det juleselskap.

I romjula gjekk me julabukk ( 1800-talets julagutar) Det var dei vaksne som gjekk og me små dilta med.  Dei gjekk  frå Hiim til Foss. Der enda me hjå Torbjørn Foss, og der fekk eg som 6 åring min første juledram!

Vedlegget som skulle stått her er på grunn av manglande teknisk innsikt lagt ut i eige blogginnlegg.

Julekvissen tar juleferie frå i dag, men er tilbake mandagsmorgon. I romjula kjem innlegget ut klokka 10 for å ta hensyn til dei som har juleferie.

I staden for kviss håpar eg de vil dele juleminner med oss her.

torsdag 23. desember 2010

dagens vinnar

Dagens kviss var ein utfordring.
Spørsmålet var; kva er ein kvit stein?  Dagens vinnar blei Anne. Gratulerer!

Neste kviss kjem 27 januar. I romjulsveka kjem kvissen kl 10

Det er heilage kvite steinar forma som eit mannslem, vanligvis frå 200- 600 e Kr. Dei er funne i, eller oppå gravhaugar. Dei er forma i en lys bergart. Dei hadde vernande kraft, men var og eit fruktbarhetssymbol og var plassert på viktige kultstader.

Ein trur kvite steinar er knytt til Vølsekulturen. interesserte kan sjå her: www.arild-hauge.com/hvitestener.ttm

På Hiim var det og ein slik stein. Den stod på Hiimsmoen inne ved gravhaugane. Men folkt tykte det var ei skam, så den enda i gunnmuren til Hunter sitt feriehus på Hiimsmoen.



Vitenskapsmuseet i Trondheim
Kvit stein

Wenn jemand eine reise tut...

so kann er was erzahlen!

Me har vore på reisefot. Av og til er det helst på gyngande fot...  Eg har i tidlegare innlegg skrytt over engelskmenn og skottar si høflighet og hjelpsomhet, men den  finns i Noreg og! Nå meiner helst avkommet at det skuldast mi evne til å virke heilt LOST !, men hjelp, det får eg.

Me reiste med tog til Røros. På reis er det viktig å halda hendene reine, så me har alltid med oss rensegele på flaske. Eg skulle rense Liva sine hender og trykte ut ein god sprut i handa hennar, men ingen ting kom ut.. "hm", så eg trykker igjen og ein god sprut kjem ut, men ikkje i handa hennar.
"Hm" seier eg igjen, kor for den hen?" Svett i hovudet spør eg dama i setet rett over: "traff eg deg?"  Så ser eg ei klyse heng rett over henne og eg skundar meg å kneka det vekk mens eg seier med ein nervøs lått: " ja, så blei det reint der i allefall"  Ingen reaksjon frå dama.
Eg set meg i setet mitt og etter ei tid kjem det komiske i situasjonen for meg. Og eg set og ler så tårene sprett... heilt åleine for ungane har sovna.

Å vera på reisefot vinterstid kan vere ein kald opplevelse.  Her på toget. Propellflyet på returen hadde kuldegrader ombord ;)
 Vestlendingane

 Matøkt for dei tilreisandes

 Garmakerane har si eige gate

 Noregs største "kvite stein" finn me i ein bakgard på Røros

 Båpsbadnet nekter å ligge, så me ser det kan bli ein vanskelig dåp

 Rørosidyll

 Korleis skal dette tolkast?

 Nisse på sparketur

 Frøyas hus, kafe og butikk





Garmakargården med klokketårnet

Garmakarane hadde ein viktig jobb i bergverkstida. Slekta til dåpsbadnet tok navnet, Garmager, då "forfaren" var den første norske som fekk den jobben. De styrte med "garren", garr- makarar, og hadde ansvaret for at koparen hadde rett temperatur før den for i forma. Rørosmuseet har ein flott utstilling frå gruvedrifta. Dei har heile drifta i bergstaden i  "levande "miniatyr.  Eg blei bergteken :)

Dagens kviss: Kva er ein "kvit stein"?
 Dette er siste kvissen før jul. Neste kjem mandag 27. desember, men då klokka 10

onsdag 22. desember 2010

dagens vinnar

Dagens vinnar er the librarian bitch. Gratulerer!
Rett svar er Christianfeldt

Gata

Hovudgata vår heiter Gata. Enkelt og greitt. Dei fleste byar har eit lengre navn på gata si. Som Karl Johan, Haraldsgata, Storgata, eller Kirkegaten...  Men det kan vere at dei har fleire gater å halda styr på. Det er enklare hjå oss. Me har berre ei gate..

På mine reiser i England kom eg over ei gate som heiter akkurat det same som vår.. Gata. Berre på Engelsk då.
Og det akkurat i den landsbyen mor mi var housemaid for 63 år sidan. Botesdale.

På 80-talet var det populært med vennskapsbyar, eller vennskapskommunar. Suldal hadde og det, i Finland og Danmark.  Dei svann visst hen med tidsånden. Årsaken kan kanskje vere at dei hadde for lite til felles. Men kva er meir felles enn same navn på hovudgata. Så skal ein ta opp att tradisjonen med vennskapsbyar, slår eg eit slag for at det blir Botesdal i East Anglia.

DSC00110
Gata si navnesøster i Botedale

Dagens kviss: Kva heitte Suldal sin  vennskapsby i Danmark?

tirsdag 21. desember 2010

dagens kviss

Dommaren må ha litt hjelp til å kåre dagens vinnar. Sjekk dagens blogg og hjelp til med dømminga.

Kakelinna

Kakelinna er eit snodig ord.Det viser til ein periode med tøvær før jul; ein mildværsperiode. Den plar komme rundt Thomasmesse som er 21 desember.

I dag er det 21. desember. Etter gammalt var det denne dagen ein skulle smake på julebrygget. Brygget måtte testes ut på førehand for å sjå om det var drikkandes. Det var og viktig at det ga den virkninga det skulle...

Det var ikkje berre sitt eige ein skulle smake på, men sikkert heile "bear-laget" sitt. Bearlag var dei gardane som feira saman i lystig lag, og i sorg. Då kan ein sjølv tenkje koss det gjekk...
Karane vart gåande garda-langs, innom kvar gard for å skjenke seg, før dei for vidare.
Med tanke på at dette var i kakelinna, mildværsperioden, har det vel vore nokså slitsomt for karane å vasse i høg våt snø med eit utellelig antall  promiller innabords....

Det var ei skam å ha dårleg øl. Ølet måtte ikkje bryggast på minkande måne.  Endå verre var det å ikkje brygga. Då fekk ein bot. For det var påbod å bryggje øl til jul i hine hårde dagar.
Både Gulatingslova og Frostadtingslova omhandlar reglar for julebrygging.

Å bryggje øl er både ein kristen og ein før-kristen tradisjon. Opprinnelig høyrde det til feiringa av vintersolverv. Seinare vart det overtatt av den kristne julefeiringa.

Tradisjonen med brygging av øl til jul varte til utpå 1900- talet.
Fråhaldsrørsla er vel ei viktig årsak til at det tok slutt.

Ølbrygging i Egypt


                                                                   Heimalaga øl



                                                              Julekalender for ølhundar

Dagens kviss: Kva heitte skjenkestova i Trøndelag der "Norge Rundt" var på besøk, og  som hadde så mange ølsorter?


mandag 20. desember 2010

Blomar og venskap

Gode vener er godt å ha.
-Har du ein ven gå ofte dit hvis ikke vil veien fyke igjen og ugress og krattskog gjemme den. Dette skreiv min grandonkel i minneboka mi .
Godt vennskap er rikelig skildra i litteraturen gjennom tidene. Til dømes er det skildra i edda-diktning. Vennskap er viktig og skal verdsettast. Ein skal vere lojal:

- for venen sin 
skal ein vere ven 
for han og hans venn, 
men for uvenns venn 
skal ingen mann 
nokon gong vera ven.

Desse blomane fekk eg av venninna mi tidlig i sommar. Dei voks og treivst. Eg potta dei om, gjødsla og vatna. Sjå resultatet: to potter med to bugnende blomar.

Slik er er det med vennskap og. Tar ein vare på det, så veks det seg stort og trygt.
Gode vener er godt å ha!

Håvamål seier vidare:
Høyr, har du ein venn
og trur han vel.
og vil du ha gang av vennen,
bland sinnet ditt med han
og send han gåver,
søk han ofte opp.

DSC00084

 Dagens kviss: De bodde " gård i gård" og var bestevennner. Kva heitte dei?

søndag 19. desember 2010

Underet i B

I desse dagar for 2000 år sidan skjedde det ei under . Jesus blei fødd i Betlehem og verda vart aldri den same igjen.
Snikkaren Josef hadde ei av birollene i hendinga. Han var mannen som måtte vere tilstades for at profetiane om Davids ætt skulle oppfyllast.

I desse dagar har det skjedd eit nytt under. Underet i B skjer på ny. Denne gongen har Josef fått hovudrolla.

Litle Josef fødd i B gjer at politikarane i Suldal ikkje endrar vedtaket om fritak for ungdomskulesamanslåing for elevar frå Nes.

Etter vedtaket vaart gjort i  2008 kom det fram at det slettes ikkje var lengst frå øvre Suldal, men derimot frå andre deler av kommunen. Deler som ikkje var fritekne.

Her kjem då Josef inn. Han bur i Bråtveit. Då han om 13 år skal byrja på ungdomskulen vil det ta 5 minutt lenger for bussen. Dermed trekte politikarane vedtaket om å busse ungdomane til Sand. I staden skal dei utgreie reisevegen frå Bråtveit/Vetrhus til Sand.

Så, i staden for nedlagt ungdomskule, får dei betre veg. Dette må vel vera ikkje mindre enn eit juleunder..

Dagens kviss: Me får ta ein test på om de har betre kunnskaper enn vår statsminister, så me spør; Kor kom Josef og Maria frå?