Eg står på reisefot. Eg skal reise frå heimstaden midtvinters. Heilt til Røros går turen. Og det er ikkje lett når ein bur på Sand.
Reisa var "bokka" i god tid. Så får eg ein mail frå SAS at dei har dessverre gjort endringar på rutene som har innvirkning på min reisefot. Meldinga frå dei såg eg så seint at dei ville ikkje gi meg pengene tilbake. Trudde dei kanskje eg levde på så stor fot. Eg trudde dei, som engelskmennene seier, -was pulling my leg;) Men det er viktig å stå på eigne bein, så eg gav ikkje opp.
Eg rykka tilbake til start og "bokka" igjen. Det var om å gjere å halde hovudet kaldt. Det er ikkje lett for meg som berre har kalde føter. Røros er langt vekke. Og på Røros er det kaldt. Der er det om å gjere å vere godt skodd.
Å vere på reisefot, leve på stor fot, flyttefot, godfot, det rykke i dansefoten Kva er det med desse føtene. Lever dei sitt eige liv? Alle har eit forhold til føter. Det må me. Desse apostlanes hestar skal få oss fram.
Og mine skal få meg til Røros.
Norske føter
Dagens kviss: Det er om å gjere å ha bein i nasen. Men det er i beina det er mest. Kor mange bein er det i foten ?
fredag 17. desember 2010
torsdag 16. desember 2010
71 grader nord!
71 grader nord er ein populær realityserie av det litt meir tøffare slaget. Turen går frå Lindesnes til Nordkapp. Deltakarane skal kjempe seg fram i vår vakre, men ofte farlige natur. Kvar etappe har oppgdrag og tidsfristar som skal haldast. og det kan til tider blir vel tøft både psykisk og fysisk.
Det er eit interessant program å sjå, men dette året rykka 71 grader nord nærmare inn på oss. Brått var det nokon som kjende nokon som var med. Sonen til venner av familien hadde kjærasten sin der. Ein følger programmet med andre auger. Det blir det meir spanande å stemme. Kanskje “vår” deltakar kjem høgt opp.
Eg hadde lagt meg tidlig finalekvelden, men det var uråd å få nattero, for der var mor mi, snart 84 år, på tråden. -Mari til Hans Magne har vunne 71 grader nord. Det var så spanande. Eg måtte berre dele det med deg!
Jammen vant ho! Det er ei bragd! Og fin bil får ho og. Eg er siker på at no blir ho utnevnt til æresborgar av Sand, om ein slik stilling finns. I alle fall er ho helten til alle bygderane.
-Eg har ikkje ord. Dette kjem til å vere den største opplevelsen i livet mitt. Det er eg heilt sikker på, seier Mari Weudum i eit intervju. Mari som altså er frå Øyer om nokon feilaktig skulle tru ho er frå sandsbygda.
Gratulerer, Marit og Ole Ragnar, med Norges tøffaste svigerdotter!

Døme på glad 71 grader nord vinnar. Glad sambuar i bakgrunnen.
Dagens kviss: kva bil vann Mari?

onsdag 15. desember 2010
Spre et lys i mørke
I går var det Luciadagen. I gamledagar var Luciadagen på den mørkaste dagen i året. Den dagen då åsgårdsreiå var ute og herja om du ikkje var ferdig med førebuinga til jul.
Men heldigvis fekk pave Gregorius 13. endra på det slik at luciadagen kom på den 13. desember. Så, nå er det berre gode folk, som vil alle vel, som er ute og farter denne vinterkvelden.
Her ser de eit døme på gode lys-spreiarar. Antalet aukar kvar år. Det byrja så smått for fleire år sidan med tre personar. Dette året varma 12 personer opp med luciasong, kakao og lussekattar før dei gjekk ut med song og lussekattar og spreidde lys og glede. i alle fall i eigne auger.

Me øver på Lucia songen. Tenk me hadde to Luciaèr, tre stjernegutar og sju terner

Det byrja bra, men ser ut som eit snev av åsgårdsrei

Klar for avmarsj
Dagens kviss: Kva heitte kalenderen me hadde før den gregorianske?

tirsdag 14. desember 2010
Hatt- hattar- hattane
Kva er det med hattar? I hine hårde dagar gjekk alltid menn med hatt. Ingen dame med repekt for seg sjølv gjekk barhoda. Til og med flowerpower-generasjonen nytte sin joint med hatten på.
Så vart det plutselig u-kult å bære å vere mann for sin hatt.
Kva skjedde? Vakna hippiane opp av peace and love-rusen og såg seg sjølv...
Då var dei ikkje lenger så ikkje høge i hatten. Hatten kom av. Dei fjelga seg, stumpa jointen og blei besteborgerlige.
Besteborgelige ekshippiar torer ikkje ta hatten på, for det minner dei om ungdommens grøss og gru.. Woodstock og verre saker. Det er min teori...
Men korleis kan den besteborgerlige mann ta sin hatt og gå?
Her får eg så hatten passar:)
Dagens kviss: Kor skulle flowerpower-generasjonen dra med ein blomst i håret?

mandag 13. desember 2010
Svart senker natten seg i stall og stue..
I dag er det 13. desember og det er Luciadagen. I katolsk tradisjon feirar me denne dagen til minne om Lucia frå Sicilia som leid martyrdøden denne dagen. Vår Luciafeiring starta i Sverige og kom til Noreg ca 1930
Her til lands er det spesielt barnehagar og skular som feirar dagen. I Stavanger var det tidlegare skikkeleg Lucia opptog med Lucia, terner, hest og kjerre. Det var opptaksprøvar og oftast var det kor-jenter som fekk oppdraget.
Som alle kristne tradisjonar har også denne eit før-kristent opphav. Lucia sin dødsdag var etter den Julianske kalenderen den lengste natta.
Det var den natta Åsgårdsreia med tusser, troll og lussi var ute og farta. Var ikkje alt klart til jul, gjekk det gale.
I denne samanblandinga går me Lucia og et lussekattar. Lussekattar har folk ete sidan 1600 talet. Og Lussi kjem av Lucifer, så me et djevelkattar. Opprinnelig var dei var delte ut til snille born, mens dei slemme fekk ris. Sjølvsagt var dette for å beskytte seg mot det onde.
Dagens Lucia sprer lys i mørke. Det er ein eigen stemning når Luciaopptoget kjem med sang, lys og nybakte boller.
Lussekattar klar til å fest
Dagens kviss: korleis døydde St. Lucia?

søndag 12. desember 2010
dagens vinnar
Me har ein vinnar ein årle søndagsmorgon :)
Det blei the librarian bitch som forserte spybøttå for å nå i pc en. Det kallar me god sportsånd:)
Rett svar er: rett forhold mellom eddik og sukker
Så dukka eit nytt spørsmål opp. Vart mjølbollene kalla noko anna i Ryfylke?

Kjøt og supa
Noko av det beste som finns er kjøt og suppe. I min barndomsheim stod det på menyen, og mors løksaus var verdens beste. Som vaksen med eigen heim ville eg vidareføre denne retten. Men det var ikkje lett. Det blei aldri som mors.
Matlaging er kunst. Ikkje alle meistrar denne kunsten. Men som formingslæraren min på vidaregåande sa: "Talent er 10 prosent, hardt arbeid er 90 prosent!" Så ved å prøve på nytt og ikkje gi opp, kan ein overvinne mangel på talent.
Først etter mange års prøving og feiling fekk eg taket på kjøtt og suppa. Eg knekte koden for balansering av sausen. Og med gode mjølne poteter vart det verkeleg smakfullt. Nå kan eg servere ungane mine verdens beste kjøtt og suppe... fohåpentligvis

Dagens kviss: Kva er trikset for å få løksausen perfekt balansert?

Abonner på:
Innlegg (Atom)