fredag 14. oktober 2011

Vinterdagen!

I dag er det vinterdagen. Primstaven viser det med ein vott. Kikk ut og sjå korleis været er i dag. Er det fint vær, lovar det godt for vinteren. Slik veret er i dag, skal det vere lenge.  Jaja, blir det ein hard vinter igjen, trur eg jammen at  Fimbulvinteren er over oss!

Fimbulvinteren skal ein ta seg i vare for. Dette er skumle saker. Ser ein kva Den yngre edda skriv om dette er det ikkje berre vintrane me skal frykte, men også dei manglande somrar:

- Ganglere: "Kva er å fortelje om Ragnarok?"
Høg: "Store ting er å melde om det, og mange og.
Det fyrste er at det kjem ein vinter kalla Fimbulvinter.
Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse
vindar, ingen har gagn av sola. Det er tre slike vintrar -
utan sommar imellom." -

Der ser me det; tre harde vintrar- utan somrar mellom!. Nå har me hatt to lange og strenge vintrar og to somrar utan gagn.  Lamma kjem heim frå heiabeite like små og skrale som når dei for til fjells. Graset inneheld berre vatn og det gjer ingen feit!  Då er me vel langt ut i Fimbulvinteren?



Det er kun ekteparet Liv og Livtrase som overlever fimbulvinteren. Lenge trudde eg det var meg. Men som vaksen fann eg ut at Liv var ein mann!  Det er Livtrase som er kona.Dei gøymer seg i Hodmimeholtet etter det store slaget og overlever på morgondugg.  Frå dei skal alt nytt liv oppstå!

Denne soga  handlar truleg om ei tidlegare  klimakrise. 535 - 537  e kr inntraff eit merkbar fall i temperaturen. Soga seier også at Fenrisulven tok månen og ein av ungane hans  tok sola. Dette passar til ein hending som er skriven ned annan stad også. Den langvarige solformørkelsen.  536 lyste sola som ein måne, utan stråleglans. (Procopius)

Vidar set foten  i gapet til Fenrisulven.

Nå er eg  letta over at dette beskriv ei hending som har skjedd, så eg ikkje treng å ottast meir. Desse sogene fortel oss vel at klimaendringar har skjedd til alle tider og vil fortsette å gjere det. Utan at me skal slappe av for det, og ikkje bry oss om klimaet.

Det som me må tenkje på, er at ved slike klimaendringar blir alt ustabilt. Det virkar over heile verda, ikkje berre ei eit eller anna land langt vekke. Vulkanutbrot i stillehavet kan finnas att i isen i Antarktis.

Dagens kviss: Kven er Fenrisulven?


lørdag 8. oktober 2011

40 + 40 er sant!

I dag er det lordag og eg skal på fest. Eg skal på fest til to som rundar førti omtrent på denne tida. Det å passe tida kan vere vanskeleg. Eg pleidde sei at eg var fødd 10 minutt forseint, og klarte aldri å ta det inn att. Desse som nå feirer 40 år, har sikkert samme problemet. Dei er travle folk med ungar og karriere. Tidsklemma har tatt dei, men i dag har dei klart å klemme inn ein heidundrandes fest. Me som får lov å vere deira venner gledar seg storleg.


Skål for jubilantane!

Eg er så glad eg skal i 40 + 40 års dag. Eg er så lei av å gå i 80 års dagar og 100 årsdagar.  Poenget med  å slå saman åra har gått meg hus forbi. Kanskje fordi eg ikkje er så flink med tall sjølv. Og så høyres det så gammalt ut :P



Terje, legg deg dette på minnet!  Du har litt tid ennå før talet når deg.




Torhill, denne passer til deg.!

I minnebøkene våre skreiv me: Når du teller dine venner, glem da ei å telle meg!  Eg er så glad for å bli talt med. Ha ein fin fest i lag med venner, god mat og drikke, og god drøs!



1971 Volvo 144 144 dl solgt

Sidan eg alltid må trø inn litt historie på bloggen min, så får eg vise den hottaste bilen i 1971   Volvo 144 GL. Ein slik bil hadde me, men det var seinare enn 1971 Grand Lux med skinnseter. Det var luksus det. Vår var gul-beige, om det er ein farge.

Det er haustferie nå og med huset fullt av ungar, deira kjæraster, venner og eit barnebarn er eg også i tidsklemma. Eg kjem sikkert til å tape kampen om nett-tilgongen, så eg gir meg før avspark. Ha ein våt og fin haustferie. Gjer som bjørnen, gå i hi ei veke, om du har anledning!

fredag 7. oktober 2011

Gjer hiet klart!

I dag er det 7. oktober. Det er Birgitsmesse i dag. Dette til minne om St. Birgitta av Vadstena. Ho er skytshelgen for pilgrimar, legar og for dei som skulle få ein fredeleg død.

Birgitta av Vadstena
Birgitta Birgersdotter( 1303 - 1373)

Birgitta var dotter av Birger Person og Ingeborg Bengtsdotter og fødd i Norrtalje. 13 år gamal vart ho gift med Ulf Gudmarson og fekk 8 born. I 1344 døydde mannen og Birgitta levde vidare som nonne. Ho laga reglar for ei ny nonne- og munkeorden og klarte å stifte Birgittinerordenen. "Den hellige frelsars orden" For å få dette til måtte ho til Roma til paven for å få tillatelse. Dette i 1350, midt i verste svartedaudåret.

 Ho jobba for å styrke Jomfru Maria si rolle som modell for det kristne mennesket. Birgitta var den første til å skildre ein fødsel i vestleg litteratur. Ho såg i eit syn Jesu fødsel.




Birgittinerordenen i Vadstena.
"Denne ordenen vil jeg innstifte til min høyt elskede mors ære og først og fremst for kvinner."

Birgitta var sterk og stri. Ho hadde over 700 visjonar utgitt i fire bind. Ho var ikkje redd for å ta offentlege personar i skule. Ho krevde at paven i Avignon skulle vende tilbake til Roma. Ho laga føringar for paven si makt, noko som var tatt omsyn til då Vatikanstaten vart stifta.

Folkunga-ætta sitt slektsvåpen

Birgitta var galen på kong Magnus Erikson. Han var av Folkunge-slekta som henne, men ho ville ha sin soneson, Karl Karlson, som konge i Sverige. Helgen eller ei, ho sa ho hadde hatt ein visjon: Jomfru Maria meinte at kongen var homofil og kalla han Magnus Smek. Det vil sei kjærteikn.


Magnus VII
Magnus VII Eriksson ( 1316 - 1374)


Dette er også dagen bjørnen gjer hiet sitt klart for vinteren. Me bør vel også gjere vårt hi klart? Er veden på plass? Er hagemøblene lagra og alt laust som kan blese vekk, eller snøa, ned tatt inn?  Svarar du nei på desse spørsmåla, er du ikkje klar for vinteren.

Bjørnen sover, bjørnen sover i sitt lune hi...

Då er det berre ein ting å gjere: sett i gong og gjer deg klar. Eg skal ta meg ein tur rundt om på "Estaten" og sjekke slik at eg med godt samvit kan gå i hi.



                                          Ha ein fin vinter, godtfolk!

Dagens kviss: Veit du andre dyr som går i hi?

torsdag 6. oktober 2011

Å reka itte veiene

Eg har vore på rek. Å reka etter vegane er ikkje spøk. Vestlandsvær og haustvær er ein heller spelige kombinasjon. Det er mest så det hadde vore naudsynt med eit forbod mot det. Kanskje ei sak for EU kommisjonen?

Vått....

Eg har reke langs diktarvegen, riksveg 13, med livet som innsats. Ein  god ting er det å sei om Ryfylke; me har nok vatn!  Eg kom bokstaveleg på rek i den vassfylte vegbanen. Bekkjer kom der bekkjer ei før har fare.. .     Ingen diktarar var ute langs vegane. Hadde dei vore det, hadde poesien runne vekk.


våtare...

I slikt eit vær skulle ein helst ha halde seg heima i godstolen, fyrt litt i omnen og sett ut på uværet. Eg har ofte lurt på kva folk fer og rek etter langs vegane i allslags vær. Nå har eg funne det ut; nødvendige ærend!


våtast....

Hadde det vore val nå, hadde eg stemt på det partiet som gjekk inn for forbod mot reking langs vestlansdvegar i heise vær..

Dagens kviss: I Noreg regnar det mest på vestlandet. Kom mange mm omtrent?

onsdag 5. oktober 2011

Visteguten

kt til liveHer er han, Visteguten. Guten frå Svarthålå på Viste. Han døydde som 15 åring, men er nå gjort levande av mastergradstudenten Barber frå Skottland. 

Barber studerer Forensic art ved universitetet i Dundee.  Det er eit rettsmedisinsk studium som går ut på, mellom anna, å gjenskape ansikt av menneskerestar. Ho skanna hovudskallen som blei funnen i Svarthålå, også kalla Vistehålå. Ut frå det har ho gjenskapt ansiktet. Barber seier det er ikkje eit fotografi me får fram, men eit gjenkjennande ansikt.

Frå  6 november kan me sjå han i Arkeologisk museum i Stavanger.


Det vert sagt at han er så lik seg at familien hans hadde kjent han igjen.

Eg har vore i Svarthålå fleire gonger. Eg har i "ånden" sett for meg tida det levde folk der. Seinare las eg Jean M. Auel sine bøker om Ayla i Hulebjørnens klan, og bildet blei enda klarare.

Men nå treng eg ikkje fantasere lenger. Eg har sett han. Visteguten. Sjølvsagt har eg sett han før, som skjelett. Eg har sett staden han døydde, og eg har tenkt på korleis livet hans var... 

Nå veit eg det. Tenk, 7500 år etter at han gjekk her på jorda veit eg uendelig mykje om han. Sjølv om han levde i ei tid dei ikkje la skriftlege meldingar til oss, har dei likevel gitt oss meldingar via levningane sine.

Han var 1,25 høg og var 15 år då han døydde. Han hadde "båtskalle."   Det er ein medfødt defekt som gjer hovudskallen lang og smal. Hadde Visteguten levd i dag hadde han vore henvist til senter for sjeldne  diagnoser i Oslo. Han var muskuløs og robust. Men har truleg hatt vondt i hovudet på grunn av trykket. Me veit ikkje kva han døydde av.

Visteguten levde saman med ei gruppe på 10 til 15 mennesker i Svarthålå. Sikkert nær slekt. Han åt mykje fisk, spesielt torsk. Han åt allslags skjell og fuglar, elg og villsvin.  Dei siste dyra for dei nok på jakt etter. Då hadde dei skinntelt med seg. Dei var sikkert nokså like skinntelt i dag. Kanskje var han heilt inne i Ryfylke på jakt?

Nå veit me korleis han ser ut, så nå gjenstår berre å ta bilete med seg rundt om på Randaberg og omland og finne slekta. Studer guten. Ser de nokon som liknar, så er det kanskje ein etterkommar.

Dagens kviss: Kan du eit anna fint navn på diagnosen båtskalle?

tirsdag 4. oktober 2011

Inkvan skal alltid forandre...

Det er ikkje lett å stå midt i livet når endringane skjer raskare enn ein får lagra det. Eit døme på stadige endringar er Facebook. Dei som står bak den er heilt sikker hyperaktive og har "lestless legs."  Og eg blir stadig like forvirra. Kva var det? Kor blei det av? Oppdateringar poppar opp både oppe og nede.

Til lenger midt i livet ein kjem, merkar ein at det trygge gode er det beste. Aviser som alltid har vore like. Eg hugsar når Stavanger aftenblad skulle endre logoen sin. Og når dei moderniserte avisa. For eit ramaskrik.  Dei driv og klagar seg på Facebook og. Men der må ein skrive i eitt, for der er det stadig endringar.Så ein blir utnmatta og gir opp.

Til no har eg fått hatt bloggen min i fred. Men nå vil dei sørenmeg forandre på den også. Skal eg ikkje få ha den som eg vil heller? Nei eg skal versågod  ha det nye oppdaterte grensesnittet. Grensesnittt meg her!  Det einaste eg merkar, er at det snittar alt eg gjer i rotete grenser.  Til no kunne eg velje det. Men no truar dei med ein dato. Etter deadline, går bloggen over i det nye grensesnittet anten eg vil eller ikkje....



                                                  Det er kun bloggeren selv som bestemmer hvordan bloggen skal se ut.


Dette seier Wikipedia om bloggar.
Men det viser seg at det ikkje stemmer lenger.  Nå må me ha det nye grensesnittet. Det er eit meir rotete
oppsett. Eg har hatt faner til nå. Det er som å ha ei god gammeldags arkivskuffe. Nå skal all info ligge og slenge framme på pulten. Det skal jammen meg bli vanskeleg å halde orden.

Og eg som valde blogger. com for den hadde det finaste, ryddigaste og enklaste grensesnittet.

Dagens kviss: Er det nokon som veit kva eit blogg- grensesnitt er?

lørdag 1. oktober 2011

Møgedalsmarknad

I dag veit me det er haust. Det er første oktober og Møgedalsmarknad. I Bergekrossen har Møgedal Mek. Verkstad as  markert hausten  på denne måten i 26 år.  Til glede for bygdefolk og tilreisande.

Her er ei som var på følmønstring i fjor(bilde hest. no/blogg)

 Dagen inneheld  som vanleg alt ein haustmarknad skal innehalde; auksjon, følmønstring, verlamkåring og marknadsboder. Det er underhaldning for store og små. Me han kjøpe alt frå himaspøta lubbar til Tupperwareprodukter.


Superstjerna frå 60 -talet song om Senorita frå Engerdalen.

I år kan ein slå av ein prat med sjølvaste Gjermund Eggen. For dei yngste leserane kan eg leggje til at det er ein trippel verdsmeister i langrenn frå då foreldra, eller besteforeldra dykkar var små. Skitalent bør nytta høve å få snakke med denne karen.

Det viktigaste av alt er det sosiale. Her kjem folk ein treff kun ein gong i året, og det er på marknaden. Det er alltid fullt av folk om det regnar, eller er sol. Her kan ein ete, og høyre nytt. Det er aldri eit surt fjes å sjå her. Det er ein dag med sol i hjarta.


                Bygdevon 4 H har kafe. Hugs å kjøp mat og ta lodd på kakene til Bygdevon 4H.

Ha ein fin marknadsdag!