tirsdag 26. februar 2013

Sand i endring - utstilling

I dag skal me gå bakover i tid. Det er ikkje alle som lever i nuet. Nokre kan ikkje komme seg langt nok tilbake i tid. Me skal ikkje ta for oss ekstremvarianten i dag. Me nøyer oss med å gå tilbake til forrige århundre. Jøss, det høyrdes litt mykje ut likevel. Men alt er relativt... Når ein er fødd siste året på 1950- talet, er det kun 50 år før det att.

Suldal sogelag har ivrige medlemmer. Dei likar å samlast, og samla. I 14 år har dei trufast produsert årbøker, i tillegg til å vere med å gi ut andre bøker. Dei er eldsjeler. Det er ein utryddingstrua art. Derfor passar dei godt i eit sogelag. Der veit me å ta vare på slike sjeldne artar.

På møta våre kjem det fram ei stor interesse for gamle bilete. Då me fekk vårt eige lokale vart det naturleg å ha ei utstilling av gamle bilete til opninga. Sogelaget har rom i Gata og går under namnet "Mimreståvå". Eit barn kunne ikkje ha eit betre namn, for det er det som stort sett foregår der. Me mimrar og samlar.


100_0529
                                                                  Utstillingsplakaten.
På opningsdagen var det så stor tilstrauming at folk måtte trekkje ut på gata for å få luft. Dei stod som sild i tønne i fleire timar. Det er utan tvil den  mest populære utstillinga.


100_0526Folk kunne stå i timesvis og diskutere kven som var på bileta. Mange fann seg sjølv, eller famliemedlemmer på veggen. Det var store diskusjonar om det var rett person som var avbilda. Ein veit jo at manns minne er skrøpeleg.
 100_0527
 Glimt frå utstillinga. I tillegg er det ei liste der ein kan notere dersom ein har tilleggsinformasjon om bileta.  Det er alltid godt å få dobbelsjekka fakta.

100_0528
 Både unge og eldre var innom på opningsdagen, og etter det har det vore jamn straum til lokalet. Utstillinga står oppe ennå, men ingenting varer evig. Heller ikkje ei fotoutstilling. Så nytt høvet mens den er der. Ta med deg vener. Det er gildare å mimre i lag med kjende.

  100_0530
Her har me ein mannen bak utstillinga. Terje Bråtveit har fått slektsinteressa inn med morsmjølka. Han er son til Ragnhild Sand Bråtveit, også kjend for å ha den største databasen for lokalhistorie i nyare tid på Sand.

I dag er det årsmøte i Suldal sogelag. Det blir kåseri før årsmøtet. Inge Helle Olsen kåserar om Turistforeninga si ferd i Suldal kommune. Møtet er ope for alle.

Det er ikkje farleg å møte opp, for i sogelaget har me ikkje problem med å finne folk til styreverva. Det veit eg, for eg sit i valkomiteen. Er du nyfiken, så er dette dagen for å slenge innom kulturhuset klokka 19.00


suldal sogelag si nettside

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar