Siste halvdel av 2012 byrja det å haustas i bygda. Det var ikkje ende på alle som vart så sjuke at dei måtte i ambulanse, eller luftambulanse til sjukehus. Nokre kom heim att, andre ikkje. Døden var ute med riva si. Det vart raka med tette tindar. Nokre var venta skulle gå i riva, andre ikkje.
I avisene sat "rutene" tett som hagl. Ein nådde ikkje alle gravferdene ein hadde tenkt å gå i. Nokon eg kjenner mista tre av sine nære på halvtanna døgn.
Det var som vinden som riv i bladene på treet. Det ruskar og bles, men blada heng fast. Stormen aukar på, og eit og anna blad gir etter og løsnar frå stammen. Nokre av desse blada er grøne og fine, mens andre har fått haustfargen på. Vinden ansar ikkje på det, den berre gneg vidare.
Året 2012 gjekk ut med sorg i mange heimar. Når så mange døyr på kort tid er det ikkje berre slekt og dei næraste vennene som merkar saknet. Det gjer det noko med heile samfunnet. Balansen er rokka.
Bloggstarten min er via til dei som for ut or tida. Fred over minnet deira!
Slik som Ingvar Moer sitt dikt er, skulle livet ha vore;
Pitla bringebær
Snille fingrar fer
spørjande over deg
ristar litt i busken
er du ferdig nå?
Ja, det er som du seier - 2012 har vore eit annus horribilis for mange av oss, men me er jenter/kvinner og me lar oss ikkje knekka så lett. Kjekt å ha deg tilbake, bestaste Liv
SvarSlettTenk om det var slik som Ingvar Moe skriv! Ein av favorittekstane mine!
SvarSlettØnskjer deg eit godt år - mest på livets lyse side, men skuggelandet må me sikkert inkludera i år også!
Det at du lovar oss nye tekstar, er eit godt teikn.
Finally back Liv :)sjølv om det er eit sårt tema
SvarSlett