onsdag 20. februar 2013

2012 - Det året det var så bratt

Somme år er brattare enn andre. Dronning Elizabeth II i England hadde sitt annus horribilis. Det har me også verkeleg hatt i kommunen vår dette året. Sjå dykk omkring. Er me ikkje blitt færre?

Siste halvdel av 2012 byrja det å haustas i bygda. Det var ikkje ende på alle som vart så sjuke at dei måtte i ambulanse, eller luftambulanse til sjukehus. Nokre kom heim att, andre ikkje. Døden var ute med riva si. Det vart raka med tette tindar. Nokre var venta skulle gå i riva, andre ikkje.

I avisene sat "rutene" tett som hagl. Ein nådde ikkje alle gravferdene ein hadde tenkt å gå i. Nokon eg kjenner mista tre av sine nære på halvtanna døgn.

Det var som vinden som riv i bladene på treet. Det ruskar og bles, men blada heng fast. Stormen aukar på, og eit og anna blad gir etter og løsnar frå stammen. Nokre av desse blada er grøne og fine, mens andre har fått haustfargen på. Vinden ansar ikkje på det, den berre gneg vidare.

Året 2012 gjekk ut med sorg  i mange heimar. Når så mange døyr på kort tid er det ikkje berre slekt og dei næraste vennene som merkar saknet. Det gjer det noko med heile samfunnet. Balansen er rokka.




Ein kontorstol står tom. Eit styreverv manglar tillitsmannen sin. Ein stol på pauserommet er ledig. Ein turvenn er sakna. Eit medlem av Heidrunkvissen skal aldri meir la låtten ljoma høgt. Ein lesar, og ivrig til å gi tibakemeldingar på bloggen, har sagt si siste meining. Den du alltid nikka til når du gjekk gjennom gata kjem ein aldri på nikk med deg  meir.



                         Bloggstarten min er via til dei som for ut or tida. Fred over minnet deira!

Slik som Ingvar Moer sitt dikt er, skulle livet ha vore;

Pitla bringebær

Snille fingrar fer
spørjande over deg
ristar litt i busken
er du ferdig nå?


Eg har og hatt mitt annus horribilis. Dei som las bloggen min merkar nok bråstoggen i innlegg i juni. Dei som følger bloggen vidare vil få eit kikkhol inn i mi verd, så heng med.

3 kommentarer:

  1. The librarian bitch20. februar 2013 kl. 12:28

    Ja, det er som du seier - 2012 har vore eit annus horribilis for mange av oss, men me er jenter/kvinner og me lar oss ikkje knekka så lett. Kjekt å ha deg tilbake, bestaste Liv

    SvarSlett
  2. Tenk om det var slik som Ingvar Moe skriv! Ein av favorittekstane mine!
    Ønskjer deg eit godt år - mest på livets lyse side, men skuggelandet må me sikkert inkludera i år også!
    Det at du lovar oss nye tekstar, er eit godt teikn.

    SvarSlett
  3. Finally back Liv :)sjølv om det er eit sårt tema

    SvarSlett