tirsdag 7. desember 2010

Ny butikk på Sand

På Sand har me fått ny butikk.
I det siste har me hatt to nyopningar, butikkar som bytte lokale. Men kjellaren til Hiimen  har stått tom sidan Wenche- salongen flytta.  Det har vore låst og lukka.
Så byrja det å skje noko. Det kom lys på om kveldane, rykta byrja å gå . Fleire meinte å vite kva som skulle inn, men sikre kunne me ikkje vere. Etter lengre tid i spenning vart det opning.

Me hadde fått ein antikvitetsbutikk!
Så flott. Ein skikkelig antikvitetsbutikk med litt snurrrepiperier.  Eg har eigentlig forbod mot å gå inn i slike butikkar, men det gjeld vel ikkje lenger, nå som eg bestemmer alt sjølv.

Då eg kom inn i butikkken ropte denne skulesekken mot meg. Der var barndommen min. Ein slik skulesekk hadde eg dei første skuleåra. Den var så flott, med to rom og og plastlomme til timeplan. Eg syntes den var aldeles nydelig. Det er nok fleire som starta skulelivet sitt på slutten av 60- talet som hadde lik sekk. Det var ikkje så veldig stort utvalg.

Eg rota vidare gjennom butikken og kva fann eg så. Eg følte meg mest som askeladden der eg rota gjennom sakene. For der fann eg eit klassebilde frå  Stavanger Amts husmorskule frå 1917 Og der smilte mi mormor, Anna Fattnes, mot meg.

Eureka:













                                                                

Slik såg ein skulesekk ut på -60 talet

Dagens kviss: Kva heiter den nye butikken?

mandag 6. desember 2010

Richard Løvehjerte

Eg har lese ei bok; “Løvehjerte “av Thorvald Steen. Det er ei bok som eg helst ikkje vil leggje frå meg. Ikkje fordi den var så fantastisk. For det var den ikkje. Til tider blei eg irritert, men boka fenga meg, for den snudde om på ting.  Eg kunne ikkje legge den frå meg, før den var utlest. Vil du lesa ein annan slags historisk roman, så er dette boka.

Dei fleste har høyrt om Richard løvehjerte, nokon har kanskje også eit forhold til han. Dei som har lese Robin Hood veit at Richard var i Jerusalem og seinare fange i Tyskland og at Johan “utan land “styrde i England.

Steen sin “Løvehjerte “er ein mann som lever i skyggen av si eiga myte, ein fanatisk hærførar som skal erobre det heilage landet, men som endar i fangenskap.

For å sette det heile i perpektiv:  Richard ,konge av England ,kunne ikkje engelsk. Dronninga hans, Berengaria, sette aldri si fot i England. For desse engelske kongane styrte over deler av dagens Frankrike, og kriga for å halde sine områder: Anjou, Akvitania og Calais. Helst ville dei ha Frankrikes krone på hovudet.

Så litt slektsbakgrunn; Richard var ein av 7 heil-sysken. Faren var greve av Anjou og Maine, hertug av Nordmandie og konge av England. Mora Eleanor var kongsdotter frå Akvitania. Ho var først gift med den franske kong Ludvik VII som ho hadde to døtre med.

Richard døydde 42 år gammal av kolbrann etter pilskot.
Han døydde barnlaus og broren, Johan, fekk seg endelig eit land.

Picture 54
“Løvehjerte” historisk roman

Dagens kviss: Kva nummer i rekkja var Richard? ( hans romer-tal)

søndag 5. desember 2010

juleverkstad


Adventstid er kosetid. Me har vanligvis juleverkstad kvar dag i advent og huset flyt av stoff og maling.  Dette året har me lagt lista litt ned med omsyn til aktiviteter i den retning, fordi eg har ein dåpskjole som skal bli ferdig til 17. desember. Me putlar på i småskala. 

Her ein dag vart eg overraska av minstejenta. Ho hadde hatt juleverkstad heilt åleine. Mens eg var på møte hadde ho designa ein julesokk til meg. Den er så pass unik at den tåler visning. Liva syns det vart for stusslig med ein sokk som heng framme ei natt, så ho kom på ei ny løysing; advent- og julesokk. På den eine sida har den lilla farge og den andresida  er julegrøn. Då kan den henge framme både i adventstida og i jula. 
Den smarta jentå mi !


Adventsida


julesida

Dagens kviss: Kva tid skal julesokken henges fram?

lørdag 4. desember 2010

Julepølse



I desse førjulstider fristar det å ta hol på julematen. Når me var ungar var det ikkje snakk om å gjere det. Me åt pinnekjøt ein gong om året, på julafta. Det fordi denne kvelden var spesiell og og skulle vere ulik alle andre dagar. Dermed er pinnekjøtt framleis min favorittmat.
Butikkane bugnar av julemat. Palle på palle med fristelsar. Og eg klarer ikkje halde barndomsheimens skikk med hensyn til måtehald i adventstida. Dette året kan eg skulde på at jula er så kort. Me har alt ete ribbe. Den var saftig og god. Det lukta jul i heimen. 

I dag hadde me julepølse. Julepølse er veldig godt, men eg undrast på navnet. Kvifor heiter det julepølse når dei  ikkje held seg til jul. 

Kvart år er det likt. Julepølsa går ut på dato rundt 2. søndag i advent. Kvifor ikkje kalla den adventspølse?  

Denne julepølsa går ut på dato 13 desember

Dagens kviss: Kva julemiddagen er det"folk  flest" et i Norge?

fredag 3. desember 2010

dagens vinnar

Så har me ein vinnar av dagens kviss; Lutten, gratulerer!
Rett svar er Odd Børresen

Flaskenes gjenfødelse

I dag gjorde eg ein stor oppdagelse. Eg skulle pante flasker. Som regel går det greit. Av og til er det flasker som er gjenstridige og nektar å resirkulere seg. Men etter et par omgangar i automaten gir dei seg som regel.

I dag var dei ei svart flaske som nekta å gjenfødast. Som vanlig når eg står overfor ein maskin blir eg veldig utålmodig og påtar i veg. Denne gongen var den svarte meir iherdig enn meg. Eg stoppa opp og begynte å lesa. Men der er ingen lesekode. Eg tenker at den har falle av i skulesekken. Men nærlesing av etiketten gjer med overtydd om at denne flaska  ikkje kan resirkulerast, ergo ingen pant.

Kanskje svarte flasker ikkje kan få eit nytt liv, men eg må sei at å nekte dei pant er beint fram diskriminering. Her i landet får me lære at alle er like viktige, så driv Ringnes A/S diskriminering i stor skala.

Det er eg heilt i mot. Eg syns ikkje dei svarte flaskene skal liggje å slenge i vegkanten mens dei kvite syskena blir gjenfødde og kan bli til glede for folk.
Så eg vil oppfordre folk å stå på og kreve at Ringnes gjer alle flasker likeverdige.
Ja til pant på alle flasker!



Desse to får ikkje ein nytt liv

Dagens kviss: Kven var det som ville bli resirkulert i ein pantereklamen på tv?
Posted by Picasa

torsdag 2. desember 2010

dagens vinnar

Me har alt ein vinnar. Det er helst slitsomt med morgonkviss, men utrulig kor sporty folk er i den orle morgon. Dagen vinnar er the Librarian Bitch og svaret er Norwich. Gratulerer!

Parkeringsplass for ektemenn

Eg har vore i England. I England har dei det meste. Engelskmenn er særs høflige. Dei første dagane eg var der vart eg heilt stiv i kjakane av all smiling og høflighetsfraser som skulle utvekslast. Etterkvart fann eg ut at det var koselig.

I stadenfor å brøyte seg veg, skubbe folk overende og presse seg fram, eller sei “tut tut “ og storme på, så sa dei: excuse me, sorry ,og det var: my darling, dear, love, cheers, thank you, your welcome, og ei heil rekke med fraser eg ikkje hugsar lenger.

Eg forstod eg byrja å bli engelsk når eg sa: oh excuse me, når ei dame trødde på tåa mi.  Då var det på tide å reise heim. Nå merker eg at eg ikkje likar når folk presse seg fram og veltar meg mest overende.
Eg vil ikkje bli engelsk, men eg har stor tru på den gylne middelvei. Kva med å smile og sei noko høfligt i kvardagen og sjå korleis folk tiner opp og smiler. Spesielt nå i den travle førjulstida der alle hastar avgarde utan å sjå seg om, eller for.

Ein annan lur ting dei hadde i England var parkeringsplassar for ektemenn. Ektemenn som må vere med på julehandel fordi dei trengs til å bære varene heim.

DSC00114

parkering av ektemenn

Dagens kviss: I kva by ligg universitetet i East Anglia?

onsdag 1. desember 2010

liv midt i livet: Desember

liv midt i livet: Desember: "1.desember!! Nedteljinga har byrja. Det er 24 dager igjen til jul. Som det militære har dimmelenker, har ungane adventskalender. Ein sjok..."

Desember

1.desember!!

 Nedteljinga  har byrja. Det er 24 dager igjen til jul. Som det militære har dimmelenker, har ungane adventskalender. Ein sjokolade pr dag, eller som nokon har; ei julegave kvar dag.

I tidligare år hadde me adventspakkar. Det vart eit fæla styr med fleire ungar, så me blei einige i at det vart for kave. Og får ein får pakkar kvar dag minskar spenninga til julekvelden.

Me har juleverkstad og  lagar ting og tang som me kan gi i julegaver. Så  feirer me Luciadagen med å bake lussekattar som me gir til naboane under mottoet" eit lys i mørke". Då kosar me oss m baking,  kler  oss ut som St. Lucia, syng med det nebbet me har, før me går inn og drikk kakao.
Mens me ventar på det kan me gå på Kulp og kosa oss med kakao.


DSC00004   l
Sjå den….

DSC00005
smake den.----

DSC00006
mmmmm… deilig :)

Dagens kviss:  Kva sjokoladekalender var det som blei “best i Test” i Tv 2?