Julekrybba er i to variantar. Når julegata opnar første søndag i advent ser me Josef, ei høgravid Maria og eselet på veg til Betlehem.
-Det skjedde i dei dagar at det gjekk ut befaling frå keisar Augustus at heile verda skulle skrivast inn i manntal. Josef drog frå Nasaret til Betlehem då han var av Davids hus og ætt. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho var då med barn…..
Andre søndag i advent får me eit nytt tablå. Jesusbarnet er fødd, svøpt og lagt i ei krybbe. - Ho fødte sin son, den førstefødde, svøpte han og la han i ei krybbe. For det var ikkje rom for dei i herberget.
Hyrdane på marken kjem for å sjå og dei vise menn kjem med gull, røkelse og myrra .
-Frykt ikkje. Eg kjem til dykk med bod om stor glede for heile folket. I dag er det født ein frelsar i Davids by.
Denne nydelige julekrybba er skoren ut av Magnus Overskeid og gir glede og påminning om ei hending i Betlehem for 2000 år sidan.
Dagens kviss: Kven var det i desse dagar som ikkje visste kor jesusbarnet var fødd?
