lørdag 15. januar 2011

Slå eit slag for Jesus

Dei som trudde at omreisande emmisærar var ein utdøyande rase, må tru om att. Denne helga frå Erøy besøk av ein emmisær. Han har vore her før også, og traff folk heime.

Som det går fram av Suldalsposten er det ikkje nokon fløtepus som kjem.  Bjørn Storm Johansen har vore ute ei vinternatt og to, men fann Jesus ved eit uhell.
Jesus laga vatn om til vin då han sjølv gjekk omkring. No kan han få fulle folk edru.

Eg hugsar emmisarane på Torget i Stavanger på slutten av 70- talet. Dei talte og song kvar søndag ettermiddag. Det samla alt som var av ungdommar, men ikkje sikkert av rette grunnar.

Denne emmisæren vil gå nokon rundar i ringen for Jesus, men er bedehuset rette staden? Dei som set føtene sine innafor døra har vel allereie tatt eit valg. Denne karen har nok fleire hardtslåande argumenter som kunne gjort seg på ufrelste sjeler.

Det er iallefall godt at Erøy har eit bedehus, ellers kunne det gått gale med ungdomshuset deira.

Her ser me eit døme på folk som slår eit slag for Jesus.

fredag 14. januar 2011

nå skal eg prøve å registrere meg her, slik at folk kan finne meg om dei søkjer.  Eg finn ikkje min eigen blogg i verdensveven. Koss kan då andre finne den? http://bloggurat.net/miniblogg/registrere

kvissvinnarar:

13/1   Anne     svar: myrda etter 1 år som ststsminister
14/1   Anne     svar: Edward lll

Anne ledar kvissen med  4 poeng, the librarian bitch har 2 poeng.

Lordag og søndag er kvissfri, bloggen går. Dei som ikkje har prøvd får mulighet mandag  08.30
 Fin gevinst til første med 20 rette ;)

Til sengs med....

Eg har i januar gått til sengs med ein fasinerande mann. Han er tjukk og god og får meg til å sjå fram til leggetid.

Ken Follett fasinerer meg. Han har igjen skreve ei fengande bok: "I all evighet" Han losar meg gjennom 1100 sider. Han tar meg tilbake til 1327 og leier meg gjennom Kingsbridge i England fram til 1361

Boka er uavhengig fortsettelse av "Stormenes tid"  Det var og ei tjukk bok, men utgitt i to deler. Personane i boka er etterkomarar av Katedralbyggjaren Tom frå den første boka.

Dette er middelalderaction. I første bok var me med ein familie sin opptur og nedtur i Kingsbrigde.  Byen som fekk den høgaste katedralen i England.

I denne boka følger me fire barn gjennom meir enn 30 år. Det har gått 200 år sidan katedralen blei bygd og den er ikkje lenger den høgaste.  Motgong og intriger florerer her.

Ein av etterkomerane etter katedralbyggjaren vil bygge høgare tårn slik at Kingsbrigdekatedralen  igjen blir høgast. Byen er klostereigd og det blir det konflikter av. Me kan trekke parallell til vår eiga bygd og krangel om fiskerettane på Faxstad. Dei som har sett suldalspelet, "Syng elvestraum", hugsar at det kunne vere speligt.

Me får svartedauden og utbrota som kom i åra etter på nært hald. Diskusjonane om behandlingsmetodar er ikkje nye.

Dei som likar å lese om gamle dagar, som likar å lese mykje og lenge, kan trygt ta fatt på denne.

Terningkast 5 frå VG


Tjukk og god. Slik skal ei god bok vere.

Dagens kviss: Kven var konge i England på denne tida?

torsdag 13. januar 2011

Vive Patrice Lumumba

På mi reise til Røros kom eg over Lumumba. Det var ikkje den staden eg først ville forbinde med han.

På Røros er det kaldt. Det gjer godt å komme inn på dei mange kafear for å varme seg. Frøyas hus blei ein favorittkafe. Sidan Røros har temperaturar ned i 30 minus, eller kaldare, må ein ha noko å varme seg på. 
På Frøyas hus blei det servert brennheit kakao med diverse godt i.  Mellom anna brandy. "Some like it hot", seiest det. Lumumba måtte prøvast og den for ned. Heit og god var den.

Lumumba er helst forbunde med eit land. Men, me kan jo sei han hadde det hett.  Patrice Lumumba døydde i 1961  Det var mykje snakk om han når eg var liten. Nå er han også i drikkevariant. 
Eg vil vite kva de kan om han, utan å bruke google.....



Lumumba 2
Kilde: Egil Bratnes hjemmeside Oppskriften har hatt 3622 lesere! 3622 lesere Oppskriften har fått 4 poeng i snitt fra dere av 6 mulige.  4 poeng --- Del oppskriften på: Del oppskriften med dine venner på facebook Del oppskriften med dine venner på nettby Del oppskriften på digg Klikk for å dele denne oppskriften på twitter
Antall porsj. 
2
dl
1
ts
4
cl
litt fløte
Pynt: appelsinskiver






Dagens kviss: Kva skjedde med Lumumba?

onsdag 12. januar 2011

kvissoppdatering

Merk nytt klokkeslett!
Kvissen har starta opp att og blir sleppt laus kl 08.30  og går mandag til fredag fram til første med 20 rette.

Me prøver nytt klokkeslett for å sjå om me får fleire nye innpå. Det har vore litt diskusjon om klokkeslettet.

Bloggen går kvar dag. Det er berre dei små grå som må få helgefri.

kvissoppdatering

Kvissen starta opp av seg sjølv.. så då kom me i gong før me tenkte det ;)

Kvissvinnarar i 2011:

 7/1    Anne                            svar: 70 mill tonn CO2
 8/1    Anne                            svar: begge får straum gjennom seg
10/1   the librarian bitch           svar: Bjørn Moe
12/1   the librarian bitch           svar: gutane skulle ta seg av foreldra, ikkje jentene

samlinga mi

Eg har alltid vore ein samlar. Dei over 20 åra eg budde i Stavanger tråla eg loppemarkeder og auksjonar etter små, eller store kupp.  Eg kom heim med ein del fint og mykje vas.
Etter kvart lærte eg at å samle i seriar var viktig. Ting som var samla i heile seriar var meir verdifullt. Det fekk eg aldri heilt til. Det blei to koppar av det merke og ein asjett av eit anna...

Men i det verkelege livet blei det full klaff.  Fire flotte frøknar fekk fruen!

Det er eg veldig nøgd med, sjølv om alle me traff i Kina syntes synd på meg som var så uheldig! Men høflige som kinesarane er, smilte dei når dei sa det.

Den flotte serien min. På veggen bak kan de sjå eit stort bildet, eit trykk eg har samla.

Dagens kviss: Kvifor syns kineserane at eg var uheldig?

tirsdag 11. januar 2011

Eit liv er over

Det har vore tunge dagar på Hiim den siste veka. Folgemannen på Hiim, Nils, døydde uventa 3. januar. Når eit dødsfall skjer i ei lita bygd rokkar det ved balansen. Eit tomrom oppstår.

Det var spesielt uventa at Nils skulle døy så tidlig.  Han sa alltid til oss at han skulle bli utgammal, for han hadde så gode gener. Det hadde han og. Både foreldra og tantene blei gamle.

Olga og Nils var alltid gjestfrie og i godt humør. Sist eg var i lag med dei var i Olga sin 70 årsdag. Me hadde ein gild kveld med lått og løye, god mat og drikke og mange gode historier. Me såg i albumar frå "gamle dagar", mimra og lo. Då me gjekk frå kvarandre visste me at neste år var det på an igjen. Men slik gjekk det ikkje.

Det gror i fara etter Nils og Olga. Dei har tre ban og seks  barnebarn som gjer at han ikkje blir gløymd.

Nils blei fødd i 1941 som nummer to av tre søsken. Mallin var eldst, så Nils og sist Johan.  Nils vart jordaguten slik det var i den tida. Mora, Margit, kom til Hiim som tenestejente hjå mine besteforelde. Då var vegen kort til bonden over gjerdet. Og ungane på Hiim var glade at Margit ikkje flytte or bygda.

Nils hadde navnet etter sin bestefar som kom fra Galland. Han var dreng på Hiim hjå Orm. Han hadde ei søster, Mallin, som Nils fall for. Året etter gifte dei seg og fekk ta over garden. Nett som i eventyret fekk han prinsessa og heile kongeriket. Slike historier er litt romantiske.

Nils var ein beskjeden mann.  Han for ikkje med store ord, men var alltid blid og hjelpsom.  Var det holer i vegen hima på garden, kom Nils med grus.
Der Nils var i godt lag kom trekkspelet fram. Jonsoknettene på Hiim blei som regel akkompagnert av Nils med feiande valsar.

Nils var glad i heia, men sterk astma gjorde at han hadde problem med å komme seg opp.
Etter at vegen til Hiimsdalen kom og han kunne kjøre opp, var han ofte der. Han kunne fara opp og ned fleire gonger om dagen. Hytta på Slåtthaug restaurerte han. Og når han hadde ein pause kunne me høyre trekkspelet. Då var Nils i sitt ess. Han koste seg med musikken. Det var så fint å sitja på Torgålen og høyre han spele på andre sida av vatnet.

Nå er spelet lagt ned for godt. Fred over minnet!



Nils på besøk hjå meg på Torgålen

mandag 10. januar 2011

Dagen derpå ...

Så har me feira bursdag. Litt trøtte og sletne blir me etter eit slikt stort kalas. Det er ikkje spøk å feire 80 årsdag.
Der er merkelig kva liv og røre, vin og godt lag gjer med helsa di..  For psyken er det bra, men ikkje for fysikken. Det er sikkert ein lov om det og.  Dagen derpå er ein innaktiv dag.  Alderen er merkbar. Skulle mest tru det var eg som var 80 år.

Onkel Tor blei feira på Mo laksegard. Me fekk herlig innbakt lam og moccafromasj. Maten kunne ikkje ha vore bedre. Gjestene var så nøgde med maten at vertskap og kokke fekk trampeklapp.

Før den store dagen skjedde det  mykje i kulissene. Onkel Tor måtte haldast unna det meste.  Det var mange som ville  overraske han.

Nevø Olaf loste oss gjennom festen. Blant overraskelsane var skypesamtale med slekt i Australia, Bildeshow og feiande magedans.

Talar, vitsar og gode historier gjorde at me sat til bords i timesvis. Tida fekk vinger i dette gode laget. Me feira til langt på natt.

80 åringar er ikkje det dei var. Ikkje snakk om å legge seg til kveldsnytt.
Kan ein blir slik når ein blir gammal, er det ingen grunn til å bekymre seg.



P1010014
Eg fekk æresplassen mellom mine to onklar

Dagens kviss: Kven driv Mo laksegard?