mandag 10. januar 2011

Dagen derpå ...

Så har me feira bursdag. Litt trøtte og sletne blir me etter eit slikt stort kalas. Det er ikkje spøk å feire 80 årsdag.
Der er merkelig kva liv og røre, vin og godt lag gjer med helsa di..  For psyken er det bra, men ikkje for fysikken. Det er sikkert ein lov om det og.  Dagen derpå er ein innaktiv dag.  Alderen er merkbar. Skulle mest tru det var eg som var 80 år.

Onkel Tor blei feira på Mo laksegard. Me fekk herlig innbakt lam og moccafromasj. Maten kunne ikkje ha vore bedre. Gjestene var så nøgde med maten at vertskap og kokke fekk trampeklapp.

Før den store dagen skjedde det  mykje i kulissene. Onkel Tor måtte haldast unna det meste.  Det var mange som ville  overraske han.

Nevø Olaf loste oss gjennom festen. Blant overraskelsane var skypesamtale med slekt i Australia, Bildeshow og feiande magedans.

Talar, vitsar og gode historier gjorde at me sat til bords i timesvis. Tida fekk vinger i dette gode laget. Me feira til langt på natt.

80 åringar er ikkje det dei var. Ikkje snakk om å legge seg til kveldsnytt.
Kan ein blir slik når ein blir gammal, er det ingen grunn til å bekymre seg.



P1010014
Eg fekk æresplassen mellom mine to onklar

Dagens kviss: Kven driv Mo laksegard?

6 kommentarer:

  1. the librarian bitch10. januar 2011 kl. 08:41

    Drivaren er vel Bjørn Moe

    Har reist heilt til Jelsa i dag for å ta morgonkvissen :-)

    SvarSlett
  2. Det stemmer TLB. Litt tungvindt å fara heilt til Jelsa for å svara skulle eg tru..

    Ha ein fin dag på Jelsalandet.

    SvarSlett
  3. the librarian bitch10. januar 2011 kl. 10:33

    Du vett! Når spørsmåla blir for lette så får me la det bli ei utfordring å avgje svaret :-)

    SvarSlett
  4. greit det TLB. Eg får fortsette kvissen og heva lista litt

    SvarSlett
  5. the librarian bitch10. januar 2011 kl. 19:12

    Så så, ikkje for vrient, men kan ikkje gugla oss i hel heller :-)

    SvarSlett
  6. dåkke e jammen meg ikkje lette å tilfredstilla...

    SvarSlett