søndag 23. januar 2011

Anna i 100 år

23/1
I dag er det på dagen 115 år sidan bestemor mi blei fødd. Javel, og så, kan ein vel sei...

Her i Suldal er me god på å jubilere, så kvifor ikkje minnast mi mormor. Me minnest Rasmus Løland i åresvis.  Ein liten digresjon: Denne Rasmus Løland hadde vore far hennar hadde han fått det som han ville.... Så kunne ein fabulere vidare... Men venninna mi sa at hadde han fått det som han ville, så hadde han vore hennar oldefar istaden....

Anna var fødd i Fattnes, blei gift med Ola J. Bråtveit og busette seg på Sand. Der blei dei rekna som innflyttarar.  I den tida måtte ein vera sandbu i  tre generasjonar for å bli innfødd.

Syskenlaget i Fattnes var  på 12, der 8 levde opp. Ho kom frå ein musikalsk heim. Faren spelte fele og komponerte. Han laga songkor av  barneflokken sin  og dei song fleirstemt så det høyrdes på andre sida av fjorden.  Så det var vel ikkje rart ho gifte seg med ein felespelar. Bestemor var glad i å synge all sin dag.

Då me feira 95 års dagen hennar var kong Olav nett død. Me song "Ja vi elskar dette landet" til minne om at bestemor hadde mista sin tredje konge.  Me datt av lasset etter andre verset, men bestemor song vidare fleire vers åleine.

I 1896 då bestemor blei fødd, blei Nikolai II tsar i Russland.  Det blei funne Gull i Klondyke. Vergerådslova vart vedtatt. ( lov om barnevern)  Prins Carl av Danmark (seinare Håkon VII)  gifta seg med prinsesse Maud av England.

Alfred Nobel og Ivar Aasen døydde.  For at dei sportsinteresserte ikkje skal kjede seg, tar eg med at dei første moderne olympiske leker blei halde i Athen.

Bestemor opplevde fire kongar: Oscar II, Haakon VII, Olav V og fire år med Harald V.

Bestemor elska å fortelje frå då hoi var liten, og eg elska å høyre på. Spurde eg andre eldre, drog dei på deg og visste ikkje kor dei skulle byrja, men bestemor ho kunne kunsten.
Dei studla i dei tider når dei lekte.  Og så fortalde ho om Jesus. Ho kjende og var bestevenn med Jesus.

Som ung gjekk ho på Stavanger Amts husmorskule på Sømme. Ho hadde lyst å bli sjukepleiar, men det vart ikkje noko av. Ho blei husholderske på Tasta. Der var ho i fleire år. Ho sa ho måtte slutte for ho haldt på å gro fast. Kva det betydde forstod eg først  når eg kjørte bestemor på  besøk til han ho var husholderske hjå.
Dei var omlag like gamle. Dei prata og mimra, så sa han : " Det skulle ha blitt oss, Anna" Då lo bestemor ein ung lått som eg aldri hadde høyrd.

Bestemor og bestefar var folkehøgskulefolk.  Dei budde og fekk alle fire ungane sine på folkehogskulen. Der budde og søster til bestemor. Mannen hennar var styrar, mens bestefar var lærar.

Det er 16 år sidan bestemor døydde.  Ho var mest 100 år.


Bestemor er nummer tre i barneflokken og står bak litt skjult.

Bestemor fekk ekstra god kontakt med Bjørg. Det er 99 år mellom dei. Ho ville ikkje sleppe tak i henne.

Tre generasjonar jenter, og ein gut i midten. Bestemor er mest opptatt av kosing, så ho har ikkje tid til fotografen

Tante Bibbi, bestemor Anna og mor Karen

2 kommentarer:

  1. Kjempefin blogg om bestemor di. Anna var ei flott dame. Eg kjende henne berre dei siste åra . Det er vel verdt å feira jubileum for henne ja. Gildt å lesa dette Liv.Og så få sjå alle dei fine bileta.Tusen takk. Marit

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Så lenge me held minna levande,held me på ein måte folk i live.

    Kjekt at andre og likar det :)

    SvarSlett