Me har hatt masse vær i det siste. Været går ut over både liv og helse. I sørfylket vart ein vegvesentilsett tatt av snøras då han rydda vegen, så været er ikkje til å spøke med. I fjor for ein mann i snøras på Skreppeneset ved Tyssdalsvatnet. Det er to liv for mykje.
Men at ein skulle ha messefall på Sand hadde eg ikkje trudd. Med eigen prest og kyrkje på flate Sand skulle det vere trygt. Men prestar har og fri.
Søndag vart det inga gudsteneste. Det var Jelsapresten som skulle halda gudstenesta. Men ho hadde fasta i raset.
Vegane blir stengde, opna og så stengde att, så ein må følge nøye med skal ein komme seg fram. Best er det vel å halde seg heime. Det er reine rallykjøring berre å komme seg med Prestaåsen. Det er svære krater å kjøre seg fast i.
Nokon har fått føle naturkreftene meir enn andre. Folk har kjørt inn i ras, andre har blitt innesperra mellom ras.
her traff naturkreftene blink (SA/hjorteland foto)
Her har ein spelemann med spelet sitt endastøtt (K.S.R foto)
Dagens kviss: Kva er det som skjer med Svandalsfossen?
Det er ein propp med is og snø i Svandalsfossen, og dei er redde for at denne proppen løsner slik at det flaumer over vegen.!
SvarSlettEin annan grunn til at det var stengt, var at dei frykta ein stor flaum på myra ovanfor fossen. Den kvelden/natta dei hadde stengt, var det 2 menn på vakt - samt at geologar fauk inn med helikopter neste dag for å sjekke. Vert det mildt og nedbør att, er det framleis fare for at vegen vert stengt att..
I dag snør det att, det vert det vel meir trøbbel andre plassar...
Heilt rett, Anne! du rular denne kvissen du nå:)
SvarSlettLa ho rula, men lov meg nå at me skal fortæra premiane våre i lag :-)
SvarSletthår du heve inn handkle????????????????
SvarSlett