Men den brua har ingen veg. Halvvegs fram må ein kjøre mellom steinsprang og snøras.
Det står i Suldalsposten at me ikkje kan rekna med utbetringar for Lovrabakkane der ustyrlige fjellsider rasar ned.
Dette er gammalt nytt, men folk har vel fortrengt denne informasjonen for den er ikkje til å tru.
Denne siste veka har vist at denne vegen er utrygg. Den har vore stengd på grunn av ras. Hadde me ikkje hatt ferje, hadde me vore heilt isolert mot Sauda. Sauda som ordføraren vår vil slå saman med Suldal. Sauda på si side allierar seg med Tide for å få ekstra ferje slik at dei kan ha kontakt med omverda når vegane blir stengde.
Skal me verkelig bli prakka på ei bru som mest ingen vil ha når det er ferjer me treng.
Inkvan skulle tatt på seg brillene og sett etter om det var greit med ei bru som peikar feil veg i forhold til kommunane ein vil leke med.
Eg heng meg på Obstfelder når han skriv det er så underlig: som om han var på ein annan planet. Ei bru me IKKJE vil ha, skal me få. Men den brua me VIL ha, skal me ikkje få.
Takke meg til Høse- bru, for den har framkomsvegen klar!
Kor ligg denne brua?
Lågabrua. Ja den ligg oppe i dalføret ein stad .... ved Sørestad? Nokså nyrestaurert.
SvarSletthttp://suldalsposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=3973
Mellom Ritland og Nerheim fortalde google meg
SvarSletthttp://www.karmoy.kommune.no/nyhet/2009/lagabrua-gammel-handtverktradisjon/
Ja, lågabruå og siste svar er heilt rett. Du er dagens vinnar. Lenge siden sist nå.
SvarSlett