mandag 24. januar 2011

Bro, bro brille....

Inkvan har bestemt at me skal få bru. Så kjekt! Men dette er ei bru ingen vil ha, for brua skal stå på ein ulagelig plass; Ein plass der ingen skulle tru at var plass for ei bru....

Men den brua har ingen veg. Halvvegs fram må ein kjøre mellom steinsprang og snøras.
Det står i Suldalsposten at me ikkje kan rekna med utbetringar for Lovrabakkane der ustyrlige fjellsider rasar ned.

Dette er gammalt nytt, men folk har vel fortrengt denne informasjonen for den er ikkje til å tru.
Denne siste veka har vist at denne vegen er utrygg. Den har vore stengd  på grunn av ras. Hadde me ikkje hatt ferje, hadde me vore heilt isolert mot Sauda. Sauda som ordføraren vår vil slå  saman med Suldal.  Sauda på si side allierar seg med Tide for å få ekstra ferje slik at dei kan ha kontakt med omverda når vegane blir stengde.

Skal me verkelig bli prakka på ei bru som mest ingen vil ha når det er ferjer me treng.

Inkvan skulle tatt på seg brillene og sett etter om det var greit med ei bru som peikar feil veg i forhold til kommunane ein vil leke med.

Eg heng meg på Obstfelder når han skriv det er så underlig: som om han var på ein annan planet.  Ei bru me IKKJE vil ha, skal me få. Men den brua me VIL ha, skal me ikkje få.

Takke meg til Høse- bru, for den har framkomsvegen klar!


Kor ligg denne brua?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch24. januar 2011 kl. 09:35

    Lågabrua. Ja den ligg oppe i dalføret ein stad .... ved Sørestad? Nokså nyrestaurert.
    http://suldalsposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=3973

    SvarSlett
  2. the librarian bitch24. januar 2011 kl. 09:39

    Mellom Ritland og Nerheim fortalde google meg
    http://www.karmoy.kommune.no/nyhet/2009/lagabrua-gammel-handtverktradisjon/

    SvarSlett
  3. Ja, lågabruå og siste svar er heilt rett. Du er dagens vinnar. Lenge siden sist nå.

    SvarSlett