lørdag 22. januar 2011

Frå å vere best i klassen har Sauda og Suldal lensmannskontor fallert etter omlegginga i Politiet. No sit dei nederst i kråa og skammar seg.
I 1999 hadde politikammeret 55.4 % oppklaring. No har dei 31.4 %  Det er det dårligaste resultatet i heile politidistriktet.

Ikkje så rart det når dei er aller sist på årstadar.  Dette har skjedd etter at den nye omlegginga har trått i kraft. Den som skulle vere så god!

Me har ope lensmannskontor 1 dag i veka.  Når folk melder innbrudd ein torsdag får dei beskjed om å koma på kontoret og melde det på tirsdag.

Dette er eit godt bevis på at den nye ordninga ikkje fungerer.

Det er helg og ikkje kviss. Men de kan gå inn på "mimring i Mo", for den er ikkje ferdig løyst.

Ha ei god helg!

2 kommentarer:

  1. Ja, det er ganske tragisk med denne politiordninga... Kva om nokon virkelig er i knipe og treng politiet, kanskje ein desperat innbrots tjuv står i stova di og veivar med ein kniv? Du ringer nødtlf, og får beskjed: Beklager, me er i Ølen/sauda og kan ikkje vere der før om ca 1 time..

    Håpar dei som bestemmer dette toskaskapen snart ser at denne ordninga går ut over liv og helse. Det er ikkje rart oppklaringsprosenten går ned, dei får jo ikkje tid til å vara lenge nok ein plass te å løysa saka, det seier seg sjølv..

    SvarSlett
  2. Det er nok stor uenighet innan politiet om dette, såpass har eg lese mellom linjene i avisene, men så lenge dei kan spare penger så er det ein minister som får medalje :(

    SvarSlett